Midtvegsevaluering av Program for folkehelsearbeid

Midtvegsevaluering av Program for folkehelsearbeid i Vestland

Vestland fylkeskommune ynskjer ei midtvegsevaluering av Program for folkehelsearbeid i Vestland, som er ein del av det nasjonale Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027. Det overordna målet for evalueringa er å skaffe kunnskap om korleis programmet fungerer i prosjektkommunane og korleis situasjonen og utfordringane er i dei kommunane som ikkje er tekne opp i programmet. Tema som ein vil belyse er situasjonen og gjennomføring i kommunane, rolla til Vestland fylkeskommune og Folkehelseforum Vestland, samt statlege føringar og verkemedel retta mot kommunane/støtte m.m.

Kartlegginga består av tre delar: Ei spørjeundersøking i alle kommunar; djupneintervju med eit utval tiltakskommunar og kommunar utan tiltak; samt djupneintervju i fylkeskommunen og kunnskaps- og forskarmiljø involvert i Folkehelseforum Vestland.

Resultata frå undersøkinga vil brukast i arbeidet med å vidareutvikle Program for folkehelsearbeid i Vestland (2017-2027) og òg kunne gi nyttig kunnskap til videreutvikling av Program for folkehelsearbeid i andre fylke og på nasjonalt nivå.

Endelig rapport: NIBR-rapport 2023:2 (oda.oslomet.no)

  • Prosjektdeltakere

    Laster inn ...