English version

Offentlege bustader, stad og solidaritet. Eit komparativt prosjekt om tilhøyrsle, leigetakarmedverknad og offentleg bustadpolitikk

Dette prosjektet vil undersøkja samanhengen mellom leigetakarmedverknad og tilhøyrsle i tre ulike kontekstar og bustadregime i Malmö, Oslo og Québec.

Leigetakarar i offentlege bustader har få juridiske rettar. Det kan hevdast at desse leigetakarane generelt har ei svakare kjensle av tilhøyrsle enn bustadeigarar, sidan dei er prega av kortsiktige kontraktar og lågare bustadstandard, samt opplever skam og manglande identifikasjon. Leigetakarar i offentlege bustader kan ikkje sjølve velja kvar dei skal bu, og må ofte be om løyve for sjølv svært små endringar i bustaden sitt interiør. 

Mindre enn éin prosent av norske leigetakarar er organiserte. Likevel finst det døme på at leigetakarar i offentlege bustader har organisert seg og fått innverknad.

Leigetakarmedverknad kan forståast både individuelt, kollektivt og politisk. Dette prosjektet vil undersøkja samanhengen mellom leigetakarmedverknad og tilhøyrsle i tre ulike kontekstar og bustadregime: Malmö i Sverige, Oslo i Noreg og Québec i Canada. Kvar av desse byane følgjer svært ulike modellar for offentlege bustader. 

Tidlegare forsking har sett på kvardagslege interaksjonar og deltaking blant bebuarar i nabolag (til dømes Tjora), men få studiar har hatt eit eksplisitt fokus på leigetakarar i den sosiale bustadsektoren.

Den pågåande bustadkrisa er internasjonal og rammar alle grupper som sosialarbeidarar, barnevernstilsette og andre velferdsprofesjonar møter i arbeidet sitt. Det er eit akutt behov for at profesjonelle forstår fattigdom i ein større og meir materiell samanheng, og for å byggja kunnskap som kombinerer innsikt frå studiar av bustadregime og velferdsordningar i ulike land med mikroanalyse av emosjonalitet og kroppslege erfaringar knytte til det å vera leigetakar i offentlege bustader. Prosjektet er plassert i skjeringspunktet mellom sosialt arbeid, sosialpolitikk og lokalsamfunnsorganisering.

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...