Nattergalen er eit mentorprosjekt som tilbyr barn ein profesjonell rollemodell, ein mentor, i 8 månader. NOVA har tidlegare evaluert prosjektet, og følgjer no opp med ei ny evaluering på oppdrag frå Bufdir.
Mentorprosjektet "Nattergalen" blir gjennomført ved åtte av høgskolane i landet. Mentorane er studentar ved barnevern- og sosialarbeidarutdanningane, mentorbarna er innvandrarbarn mellom 8 og 12 år. Dei er elevar ved utvalde skolar der høgskolane ligg.
Hovudkonklusjonen frå den første evalueringa (sjå publikasjonar under) var at både barn og mentorar hadde positivt utbytte av å delta i Nattergalen.
Bufdir ønsker no ei oppfølgjande evaluering. Formålet er å undersøke om dei positive resultata ein fann sist, har vart ved, om ordninga framleis er relevant, og dessutan å undersøke om den har utvida eller kan utvide sitt relevansområde.
Dei overordna spørsmåla i evalueringa er:
- Blir Nattergalen gjennomført i tråd med intensjonen i form av å vareta det som blei rekna som suksessfaktorane for mentorprogrammet?
- Har resultata og forslaga frå evalueringa i 2011 blitt implementerte, og har det bidratt til endringar av ordninga?
- Har endringane medført at Nattergalen fungerer endå betre eller bidratt til annan type utvikling?
- Kva for nokre nye utfordringar står ein eventuelt overfor?
Prosjektdeltakarar
Publikasjonar
- Jessen, J.T.; Gundersen, T. & Hynek, C.A. ( 2018). Evaluering av Nattergalen. En oppfølgingsstudie. NOVA Rapport 2/18 (oda.oslomet.no)
- Backe-Hansen, E.; Seeberg, M-L. & Solberg, A. (2011). Gjensidig trivsel, glede og læring. Evaluering av mentorordningen "Nattergalen". NOVA Rapport 26/11 (oda.oslomet.no)