English version

Sunn mat på idrettsarenaen

Målet med prosjektet er å kartleggja utvalet av mat og drikke på idrettsarenaen og å identifisera moglege tiltak for å tilby eit sunnare utval.

I Noreg er idrettsarenaene eit viktig miljø for å fremja sunn åtferd og eit sunt kosthald, sidan dei fleste barn og unge deltek i organisert idrett.

Fleire internasjonale rapportar viser til at idrettsarenaene ofte blir brukte til å fremja energitett og næringsfattig mat og drikke som ikkje er i tråd med dei nasjonale kosttilrådingane.

Me har derfor etablert eit forskingsprosjekt for å fremja eit sunnare mattilbod på ein viktig arena for barn og unge.

  • Deltakarar

    Laster inn ...
  • Samarbeidspartnarar

    Høgskolen i Østfold