Sluttkonferanse for IPAR – fagdag for praksis

Saman om styrkt kvalitet i praksisopplæring og utdanning.

Dei siste to åra har forskingsprosjektet IPAR (I partnarskap for styrkt profesjonskompetanse og praksisrelevant lærarutdanning) jobba med å prøve ut partnarskapsmodellar mellom lærarutdanning, skolar og skoleeigarar.

I denne sluttkonferansen, som er eit samarbeid med Fagdag for praksisfeltet, set vi partnarskap, praksisopplæring og gjensidig læring og utvikling mellom lærarutdanning og praksisfelt på dagsordenen.

Arrangementet er åpent for alle som er interessert. Alle praksisskolane våre er inviterte til arrangementet. Meld deg på, så veit vi kor mange som kjem.

Fagdagen er eit samarbeid mellom IPAR-prosjektet og praksisseksjonen ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU).

Program

Del 1: For praksislærarar og IPAR-deltakarar

09.00-09.20: 

09.20-09.30: Ein fot i skolen og éin fot i utdanninga – ein god stad å vere? Mali Norvalls, studieleiar for praksis og Nanna Paaske, prosjektleiar IPAR

09.30-09.45: Skoleeigar og lærarutdanninga saman om styrkt kvalitet: Geir Morten Førland, representant for skoleeigar i Lørenskog

09.45-10.00: Korleis sikre den faglege kvaliteten til studentane i praksis? Tonje Fjogstad Langnes, GFU

10-00-10.15: Pause 

10.15-11.00: Erfaringar frå IPAR   

11.00-12.00: Torgvandring i praksis

12.00-13.00: Lunsj  

Del 2: Delt arrangement

13.00-16.00

Del 2: iPARprosjektet blir avslutta: Erfaringar og refleksjonar frå deltakarar

Denne delen skjer i Pilestredet 46, rom PA128

13.00-13.45: Relevansen og betydninga av masteroppgåva for profesjonen:

  • Masteroppgåva i lærarutdanninga:  mellom oppgåvearbeid og lærarstudentars profesjonelle praksis. Marte Lorentzen, Senter for profesjonsforskning, OsloMet og NIFU
  • Lærarar som mastermentorar. Kirsten Thorsen og Louise Mifsud, GFU, OsloMet.
  • Kommentarar frå lærarar og skoleleiar

13.45-14.00: Pause 

14.00-15.00: Innovasjon, leiing og rettleiing i partnarskap:

  • På innsida av partnarskapsarbeidet. Frode Restad, Utdanningsforbundet og lærarar frå Løkenåsen skole.
  • Vi må øve på å jobbe på denne måten: Om å utvikle ein felles ressurs for praksislærarar. Hilde Bakke, BLU og Maiken Risan, GFU og Geir Morten Førland, Lørenskog kommune.
  • Leiing i og av partnarskapsarbeid, v/Ann-Therese Nomerstad, Universitetet i Innlandet.
  • Kommentarar frå skoleleiarar: Thea Kadri Vikebø, Bærum Kommune, Geir Morten Førland, Lørenskog kommune og Ellen Marie Gloppen, rektor ved Løkenåsen skole, Lørenskog.

15.00-16.00: Evaluering av IPAR

  • Del 1: Kor nær eller fjernt er vi frå prosjektmåla? Kva har vi lært? Interaktiv økt – spørsmål og svar og deling av erfaringar ved Styringsgruppa  
  • Del 2: Moglege vegar vidare? Å overkomme hindringar og sjå moglegheiter: Interaktiv økt – spørsmål, svar og drøftingar ved Lærende nettverk

16.00-16.15: Oppsummering og veg vidare i partnarskap. Lin Ramberg, Høgskolen i Østfold

16.30: Middag for iPARtnere og innleiarar 

Kontakt

Laster inn ...