Avdelinga har ansvar for heilskapleg styring og bidrag til digitalisering på OsloMet, i samarbeid med verksemda. Avdeling for IKT har ansvar for å utvikle og modernisere IT-porteføljen, verksemdsarkitektur og effektivisere bruken av leverandørmarknaden.
Avdelinga har eit særleg ansvar for å vareta perspektiva rundt IT-tryggleik og sørgje for at IT-drifta til universitetet til kvar tid er i samsvar med gjeldande lovverk og retningslinjer.
Avdeling for IKT støttar opp under og legg til rette for digitaliseringskompetanse gjennom tverrfagleg tenesteutvikling og -metodikk og består av fire seksjonar og ein stab.
Seksjoner i avdelinga
Stab
Har ansvar for å vareta informasjonstryggleik og støtte opp under verksemdsstyring på vegner av IT-direktør.
Seksjon for arbeidsflate og systemadministrasjon
Tilsette i seksjon for arbeidsflate og systemadministrasjon.
Seksjon for arkitektur og systemutvikling
Seksjon for brukarnære IT-tenester og servicedesk
Seksjonen har ansvar for å vareta brukaropplevinga i digitale tenester slik at studentar og tilsette får ein enklare digital kvardag. Seksjonen leverer brukarstøtte, hendingshandtering og tilgang til IT-utstyr og programvare for tilsette.
- Tilsette i seksjon for brukarnære IT-tenester og servicedesk.
- Tenestene til seksjonen (ansatt.oslomet.no).
Seksjon for digitale verksemdstenester
Tilsette i seksjon for digitale verksemdstenester.
Seksjon for dokumentasjons- og informasjonsforvaltning
Seksjonen har ansvar for OsloMet si etterleving av lover og reglar innan informasjons- og dokumentasjonsforvaltning. Seksjonen gjer dette gjennom journalføring, opplæring og brukarstøtte, og bistand i utvikling og forvaltning av saks- og arkiv-tenester.
- Tilsette i seksjon for dokumentasjons- og informasjonsforvaltning.
- Korleis seksjonen handterer dokumentasjon og informasjon som har verdi for verksemda (ansatt.oslomet.no).
Seksjon for IT-infrastruktur
Tilsette i seksjon for IT-infrastruktur.