English version

FoUI-utvalet ved Fakultet for helsevitskap

Utvalet er rådgivande overfor leiinga ved Fakultet for helsevitskap, og er delegert avgjerdsstyresmakt i enkeltsaker.

FoUI-utvalet møtest omlag éin gong i månaden. Minst ein gong årleg skal FoUI-utvalet ha felles møte med doktorgradsutvalet og utdanningsutvalet ved fakultetet.

Saksdokument og møteplan (opengov.360online.com).

Referat frå møte før 2019 ligg i Public360.

Funksjon

FoUI-utvalet ved Fakultet for helsevitskap er rådgivande overfor fakultetsleiinga, og har fått delegert avgjerdsstyresmakt i enkeltsaker.

Utvalet skal bidra til å utvikla fakultetets forskings- og innovasjonsarbeid, og dessutan bidra til at fakultetet har ein heilskapleg FoU- og innovasjonsstrategi og ein samfunnsrelevant portefølje av forskingsmiljø med høg kvalitet og som reflekterer den faglege profilen og eigenarten til fakultetet.

Utvalet skal vera ein arena for å diskutera politiske, strategiske, faglege og etiske sider ved forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og for å vurdera erfaringar og resultat.

Utvalet skal sjølv initiera utgreiingar på dei områda utvalet finn nødvendig.

Oppgåver

Utvalet har fått delegert avgjerdsstyresmakt frå dekan til å

  • fordele FoUI-midlar innanfor dei rammene som er vedtatt av fakultetsleiinga
  • fordele stipendiatressursar og postdoktorressursar i tråd med kriterium og rammer vedtatt av fakultetsleiinga

FoUI-utvalet er rådgivande overfor fakultetsleiinga i saker som gjeld

  • utvikling av FoUI‐strategi og og eventuelt underliggande strategiar
  • utvikling av gode rammevilkår for forskings‐,utviklings- og innovasjonsarbeid, under dette:
    • kriterium for tildeling av FoU‐tid
    • kriterium for forskingstermin
    • kriterium for etablering, vidareføring og endring av forskingsgrupper
    • kriterium for strategiske tiltak innan FoUI-området
    • årsplanar og budsjettiltak som omhandlar FoUI-verksemda
  • rutinar for oppfølging av ærlegdom og personvern i forsking, blant anna gjennom årleg kontakt med vitskapsombodet
  • høyringsfråsegner innan ansvarsområdet frå utvalet
  • oppfølging av ekstern evaluering av forskingsgruppene

Mandat og samansetning

Mandat og samansetning for FoUI-utvalet ved Fakultet for helsevitskap er fastsett av dekan 01. september 2025. Mandatet er forankra i FoU-utvalet ved fakultetet 10. juni 2025 og trådte i kraft 1. september 2025.

FoU-utvalet som ressurs skal ha nødvendig forskings- og innovasjonsstrategisk og -politisk kompetanse.

Utvalet skal og ha eit heilskapleg blikk for fakultetsverksemda på̊ FoUI-området, og kjennskap til overordna FoUI-arbeid ved OsloMet.

FoUI-utvalet skal ha følgjande samansetning:

  • prodekan for FoUI (leiar)
  • fire representantar frå dei UF-tilsette på fakultetet
  • ein representant frå mellombelse UF-tilsette i rekrutteringsstillingar (stipendiatar/postdoktorar)
  • ein representant for studentane
  • to eksterne representantar

Utvalet må totalt sett

  • representera ulike forskingsfelt
  • ha erfaring med innovasjonsarbeid
  • ha erfaring frå interne/eksterne forskingsutval/komitear
  • ha erfaring med forskingsleiing
  • vareta mangfald (junior/senior UF-tilsette, kjønn m.m.)

Alle medlemmer i FoUI-utvalet skal ha personleg vara. FoUI-utvalet vel nestleiar. Nestleiar er vara for utvalsleiar.

Oppnemning og val av representantar

Dekan utnemner eksterne representantar. Prodekan FoUI stiller forslag.

Dekan utnemner UF-tilsette. Prodekan FoUI og instituttleiarane stiller forslag.

Dekan utnemner dei mellombelse UF-tilsette for to år av gongen. Prodekan FoUI og stipendiatforum stiller forslag.

Representantar for studentane blir valde for eitt år av gongen av fakultetsrådet til studentane.

Representantar for UF-tilsette og eksterne representantar kan utnemnast for maksimalt to etterfølgjande periodar.

Funksjonstid

Funksjonstida frå utvalet er frå 1. september 2025 til 31. juli 2029.

Med unntak av studentrepresentantar og dei mellombelse UF-tilsette blir utvalsmedlemmer utnemnde for same periode.

Viss medlemmer fell frå i perioden, skal dekan erstatta desse i tråd med samansetninga av utvalet.

Sekretariat

Sekretærfunksjonen blir ivareteken av seksjon for FoU ved fakultetet.