Bibliotek for arbeidsinkludering

Emnebiblioteket for arbeidsinkludering (helsebiblioteket.no) er ei samling av samanfatta forsking om arbeidsinkludering. Biblioteket har som mål å formidla kunnskap om arbeidsinkludering for Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI).

Biblioteket gjennomfører systematiske søk etter kunnskapsoppsummeringar på feltet. I biblioteket finn du norske titlar og lenkjer til relevante systematiske oversiktsartiklar av god kvalitet. Emnebiblioteket gir på denne måten ei oversikt over forsking om arbeidsinkludering. I tillegg blir samandrag publisert på norsk til utvalde kunnskapsoppsummeringar.

Emnebiblioteket for arbeidsinkludering ligg på helsebiblioteket.no, som eit av fleire tilgjengelege emnar. Ellen G. Hjelle er fagleg redaktør for biblioteket og Birte Fallet er bibliotekar og nettredaktør.

Kunnskapsoppsummeringane og dei norske lettlesne samandraga om arbeidsinkludering blir fortløpande gjorde tilgjengelege via Helsebiblioteket.no.

Spørsmål?

Laster inn ...