Rutinebeskriving og årshjul for kvalitetssikring ved Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning (GFU)

Kvalitetssikringssystemet er vedteke av leiargruppa til instituttet 12. desember 2013. Tal og namn oppdatert 22. september 2017. I august 2019 vart ein revidert og utvida versjon av systemet vedteken på bakgrunn av diskusjonar i personalet og i leiargruppa. I januar 2022 er rutinane gått gjennom og oppdaterte av instituttleiar og instituttleiarstøtte.

1. Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning

Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning (GFU) har rundt 3500 studentar og 210 tilsette. I tillegg til stor FoU-aktivitet og etter- og vidareutdanningsverksemd har instituttet følgjande studieprogram:

Ein del vidareutdanningsstudentar blir tekne opp på fag i dei femårige grunnskulelærarutdanningane der dei blir inkluderte i det ordinære kvalitetsarbeidet ved desse utdanningane. Der det er separate vidareutdanningar blir det følgt eit eige, men tilsvarande kvalitetsarbeid. 

For vidareutdanningar blir det valt studentrepresentantar, men det blir ikkje etablert fagutval (sjå punkt 2). Vidare har vidareutdanningane valfri evalueringsmetode der ikkje anna er bestemt nasjonalt eller på institutt. Dei har elles same type rapporteringsansvar. Dette gjeld for:

Instituttet har i tillegg ein del vidareutdanningsmodular på syklus 1 og syklus 2 gjennom nasjonale vidareutdanningsordningar som har eigne, nasjonalt bestemde, kvalitetssikringsrutinar.

2. Dagleg kvalitetssikring

Kvalitet i utdanningane omfattar læringsutbyttet til studentane, innhald i studiane, FoU-tilknyting, profesjonsretting, organisering og infrastruktur. Den viktigaste kvalitetssikringa er god kontakt mellom studentar og faglærarar slik at uklarleikar kan rettast opp fortløpande. Faglærarar med høg fagleg kompetanse og lærevillige studentar med tilstrekkelege forkunnskapar er ein føresetnad. Vidare skal det studieadministrative opplegget rundt studiane vere profesjonelt og infrastrukturen elles vere god.

I grunnutdanningane våre får kvar enkelt student kvart studieår tilbod om ein individuell samtale med kontaktlærar i tillegg til at kontaktlærar følgjer studenten opp i praksis. Praksis er ein vesentleg del av studiet, og evalueringa av denne har ein heilt spesiell plass i kvalitetssikringsarbeidet. Både studentar og praksislærarar evaluerer praksis. Studentmedverknad blir i tillegg vareteken til løpande kontakt mellom lærarar og studentar gjennom fagutval på alle kull i grunnutdanningane. I fagutvala møter studentar som er valde som fagutvalsrepresentantar for faga dei tek det aktuelle studieåret, faglærarane og studieleiaren sine og diskuterer tema knytt til undervisningsopplegg og læringsmiljø.  I tillegg har instituttleiinga jamlege møte med studentrådsleiinga ved instituttet, og fangar slik opp signal om kva som fungerer bra og mindre bra, og kva som bør gjerast med til dømes læringsmiljøet.

For alle eksamenane våre blir brukte ekstern sensor eller ekstern tilsynssensor som beskrive i emneplanar. Dette er også eit ledd i sikringa til instituttet av kvalitet i utdanninga. Studiekvalitet er vidare eit fast tema på kullmøte, i teammøte og i medarbeidarsamtalar med undervisnings- og forskingspersonalet. Undervisning, rettleiing og vurderingsoppgåver blir diskuterte i medarbeidarsamtalar mellom kvar enkelt tilsett og personalleiaren deira. Resultat frå eigne og felles studieevalueringar er ein del av denne samtalen.

Rutinebeskrivinga og årshjulet til instituttet for kvalitetssikring er basert på OsloMet sitt system for kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av utdanningar. Kvalitetssikringssystemet ved GFU byggjer på mange års erfaringar med kullvise studieevalueringar på nett og bruk av ulike metodiske tilnærmingar for evaluering.

3. Skikkavurdering

Lærarutdanningsinstitusjonar har ansvar for å vurdere om studentar er skikka for læraryrket. Løpande skikkavurdering går føre seg gjennom heile studiet og inngår i ei heilskapsvurdering av dei faglege og personlege føresetnadene til studenten for å kunne fungere som lærer. Skikkavurdering ved OsloMet (student.oslomet.no).

4. Studentevalueringar og oppfølging

I OsloMets system for kvalitetssikting og kvalitetsutvikling er nokre av kvalitetsindikatorane baserte på innhenting av data frå Database for statistikk om høgre utdanning (DBH), Samordna opptak og OsloMets studentadministrative system, medan andre er knytt til studentundersøkingar. Slike undersøkingar gir nyttig kunnskap om kvaliteten i utdanningane, men må følgjast opp vidare for å sikre kvalitet. I årshjulet for kvalitetssikring på instituttet kjem ikkje berre fram tidspunkt for datainnsamling, men også ein plan for tilbakemelding til studentar og tilsette og rapportering til eige instituttråd og til fakultetet. Studentane blir involverte i utforming av spørsmål i undersøkingane og i utforminga av fagrapportane gjennom representantane sine i fagutvala.

5. GFUs årshjul for kvalitetssikring

Oktober

Desember

Januar

Februar

Mars

Mars/april

April

Mai

Juni

September

Oktober

November

To gonger i semesteret

Éin gong i månaden

Éin til to gonger i året

Éin gong i året