I ordninga med universitetsskolar skal skolane og lærarutdanninga vere i eit gjensidig, likeverdig og utforskande samarbeid over tid.
Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning har hatt universitetsskolar heilt sidan 2018. I åra 2025-2030 er det 11 skolar som deltar.
Målet er at både lærarutdanninga og skolane får utvikle kompetanse og kunnskap gjennom å sette i gang og gjennomføre ulike utviklingstiltak innanfor temaa:
- Praksisstudiar
- Skolebasert pedagogisk rettleiarutdanning
- Forskings- og utviklingssamarbeid
Universitetsskolane
- Slemmestad skole (Asker kommune)
- Solvang skole (Asker kommune)
- Stabekk skole (Bærum kommune)
- Frogner skole (Lillestrøm kommune)
- Sagdalen skole (Lillestrøm kommune)
- Vigernes skole (Lillestrøm kommune)
- Fjellhamar skole (Lørenskog kommune)
- Kjenn skole (Lørenskog kommune)
- Løkenåsen skole (Lørenskog kommune)
- Solheim skole (Lørenskog kommune)
- Hauketo skole (Oslo kommune)
Strategisk forankring
Dei to første fasane av Universitetsskole-ordninga var forankra i Kunnskapsdepartementets Strategi Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for styrkt kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane (KD2017) (PDF, regjeringen.no).
No er Universitetsskole-ordninga forankra i forslaget til Felles forskrift for lærarutdanning (regjeringen.no), som anbefaler at lærarutdanningane etablerer partnarskap med skolar og andre aktørar.
Forankring i fakultetet si strategiske handlingsplan
Universitetsskole-ordninga er også forankra i den strategiske handlingsplanen til fakultetet:
- Skape attraktive møteplassar mellom universitet, profesjonsfelt og arbeidsliv.
- Utvikle nye perspektiv og praksis som styrker integrasjon mellom forskings- og erfaringsbaserte kunnskapsformer.
- Utarbeide fleire innovasjons- og samarbeidsprosjekt med relevante sektorar.
- Vidareutvikle arbeidsformer der forsking er utgangspunkt for studentars læringsprosessar på ulike læringsarenaer.
Bakgrunn
Ordninga med universitetsskolar blei sett i gang som ein pilot i august 2018 ved Grunnskolelærarutdanninga. Fem skolar deltok som universitetsskolar i denne piloten.
Satsinga på universitetsskolar var i tråd med Kunnskapsdepartementets Strategi Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for styrkt kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane (KD2017) (regjeringen.no).
I åra 2021-2025 gjekk ordninga med universitetsskolar over i ein etableringsfase der 17 skolar deltok.
Fasar og evalueringar
- Fase 1 – Rapport frå piloteringsfasen 2018-2021
- Fase 2 – Rapport frå etableringsfasen 2021-2025
- Fase 3 – Driftsfasen 2025-2030 (etablert ordning)