Gruppebilete av mange mennesker ute på studiestad Pilestredet

Ny periode med universitetsskolar

Frå hausten 2025 er universitetsskoleordninga i gang med sin tredje fase. Skolar frå Asker, Bærum, Lillestrøm, Lørenskog og Oslo er med i ordninga.

Den nye perioden med gjensidig, likeverdig og utforskande samarbeid mellom skolar og OsloMet skal vare fram til 2030. Oppstarten blei markert med eit kickoff-seminar ved OsloMet, der representantar frå dei ulike skolane og fleire tilsette frå Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning var samla.

Samarbeidet dreier seg om praksis, forsking og utvikling og skolebasert pedagogisk rettleiarutdanning.

Kompetanseheving til heile personalet

Nytt i denne perioden er at alle lærarar ved universitetsskolane får høve til å ta ei skolebasert pedagogisk rettleiarutdanning. Formålet er å styrke kvaliteten på rettleiinga av studentar i praksis, utvikle profesjonsfellesskapet på skolen, og bidra til å behalde nyutdanna lærarar i yrket. 

– Når skolar og universitet møtest i likeverdig samarbeid, skaper vi rom for læring, seier leiar for ordninga, Janne Herseth.

– Gjennom felles forsking og utvikling av praksis skaper vi ny kunnskap som styrker lærarutdanninga og gir skolen eit solid fundament for framtida. Eg gleder meg til å arbeide i dette fellesskapet med å dele kunnskap, utforske nye idear og bygge framtidas skole!

Les meir om universitetsskoleordninga og sjå kva skolar som er med.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 09.12.2025 | Siv Tonje S. Håkensen (tekst og foto)