Ein person står med ryggen til framfor eit glasmåleri med striper i ulike fargar

Kulturarv og estetisk praksis på dagsorden

Denne veka samlast over 100 kunstnarar og kunsthandverkarar frå heile Europa på OsloMet, for å delta på Craft Hub-konferansen Transformasjon: Handverket sin innverknad og effekt i samfunnet.

Craft Hub er eit EU-prosjekt finansiert av Creative Europe-programmet. Forskingsprosjektet har søkjelys på handverk som kulturarv og korleis handverksteknikkane kan vere relevante i vår tid og i framtida.

Aktivitetane i prosjektet inneber å undersøkje og dokumentere handverksferdigheiter og prosessar, og den ulike bruken deira i kreative praksisar over heile Europa. Dette blir realisert gjennom eit omfattande online materialbibliotek, 305 dagar med workshops, ein festival, sju utstillingar og to konferansar.

Arild Berg sit ved eit bord i ein av verkstadene på produktdesign.

Professor Arild Berg. Foto: Sonja Balci

Skapande fag og deira rolle i samfunnet

Ein av dei to konferansane er altså på OsloMet, der Institutt for produktdesign (PD) og Institutt for estetiske fag (EST) er vertskap. I spissen står professor Arild Berg.

–  Konferansen set praktisk kunnskap og kreativitet på dagsordenen og korleis dette tek omsyn til kunstnarisk utviklingsarbeid og innovasjon, forklarer Berg.

–  Digitaliseringa av samfunnet er ei moglegheit, men også ei utfordring for mange yrke.

–  På konferansen kjem deltakarar frå heile Europa for å snakke om handverk, kunsthandverk, design og kunst - og korleis dette tek omsyn til kulturell berekraft og andre viktige verdiar i samfunnet.

–  Den eine delen handlar om kulturarv og tradisjon og forholdet mellom verdiar som ligg i praksisbasert kunnskap, ny teknologi og handverk, seier Berg.

–  Den andre delen om estetikken til materialet, og korleis materialitet bidreg til kommunikasjon og oppleving i kvardagen. Dette blir knytt til nye satsingsområde i EU, til dømes planen «New European Bauhaus», der berekraft blir kopla til estetiske omgivnader, inkludering og medverknad, og der folk flest blir involverte i byutvikling og samfunnsutvikling.

–  Den siste delen av konferansen handlar om handverk og teknologi, fortel prosjektleiaren.

– Her ser vi bruk av Virtual Reality og mellom anna korleis glaskunst blir brukt i offentlege utsmykking verda rundt, i samarbeid med den tyske partnaren i Craft Hub, Glasmalerei Peters Studio.

Berg er også svært glad for å ha ein deltakar frå EU-kommisjonen på konferansen.

– Det er eit høgdepunkt og vil vise moglegheitene for handverk og kreativitet, kunsthandverk, kunst og design i ein forskingskontekst i EU, seier han.

Eit tredimensjonalt arbeid i vev, der det blir danna eit mønster av firkantar i ulike fargar.

Arbeid av Kristine Boesen

Lokale kunstnarar og designarar

I samband med  konferansen er det også ei utstilling i OsloMet sitt eige galleri i Pilestredet park 33.

Utstillinga som har fått tittelen Transform, viser arbeid i eit stort spekter av materiale og teknikkar og blir opna av Tanja Storsul, prorektor for forsking og utvikling.

– Vi ønskjer å setje kunstnarisk utviklingsarbeid på dagsordenen og sjå dette i samspel med forsking på konferansen, understrekar Berg.

– Transform viser brei utforsking i kunst, handverk og kunsthandverk. Deltakarane er tilsette ved OsloMet knytt til Craft Hub. I galleriet vil det også visast ei digital utstilling frå utvalde kunstnarar i prosjektet.

Utstillinga er kuratert av Wenche Lyche(PD) og Siv Hofsvang (EST). Ho blir arrangert i samarbeid med OsloMet visningsarena, der Institutt for estetiske fag arbeider for å etablere fleire visningspunkt rundt om på campus Pilestredet.

Ein hatt i ulike stoff og lyse fargar.

Krage laga av Mona Strand

Særeigen verdi

På OsloMet er forskingsprosjektet Craft Hub forankra i forskingsgruppa «Design, kultur og berekraft» ved Institutt for produktdesign og Institutt for estetiske fag.

– Vi har oppnådd å samle kollegiet på tvers av ulike institutt ved Fakultet for teknologi, kunst og design og også andre fakultet på OsloMet, i eit felles prosjekt. Det er flott!

– I ei tid kor kunstig intelligens og digitalisering er det som ofte får mest merksemd, er prosjektet viktig, meiner Berg.

– Vi lever i ei tid kor mykje av det som skjer, går føre seg på skjermen. Etter koronaperioden opplevde mange kor djupkjende det er å kunne møte nokre ansikt til ansikt, eller å vere i eit rom saman med nokon og gjere noko praktisk.

– Dei estetiske faga har ein særleg verdi og ein særskild posisjon til å kunne forløyse ein heilt eigen type kompetanse, kunnskap og ferdigheiter i mennesket, avsluttar Berg.

Ei dame held opp ei flate (eit glas?) i ulike kvitfargar og vi kan sjå handa hennar gjennom.

Arbeid av Tyra Oseng Rees

Fakta om CraftHub

Abstrakt broderi sydd med kvit tråd på kvit skai

Broderi av Randi Veiteberg Kvellestad

Publisert: 23.10.2023 | Hilde M. Kringeland