To kvinner snakkar saman på teiknspråk.

Den nasjonale teiknspråkdagen 25. mars – språklova er fem år

For fem år sidan blei det for første gong slått fast i lovs form at norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg, og at norsk teiknspråk er likestilt med norsk som språkleg og kulturelt uttrykk.

Den 25. mars 2021 vedtok Stortinget Lov om språk (språklova, lovdata.no). Ved sida av å styrke norsk språk og framme likestilling mellom bokmål og nynorsk, gir språklova vern og status til dei språka som staten har ansvar for. Utanom norsk omfattar dette samiske språk, nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani og romanes) og norsk teiknspråk.

25. mars er den nasjonale teiknspråkdagen

Norges Døveforbund, som er den viktigaste interesseorganisasjonen til teiknspråkbrukarane, har erklært 25. mars som den nasjonale teiknspråkdagen, og har kvart år sidan vedtaket markert dagen med ein teiknspråkkonferanse (doveforbundet.no)

Årets konferanse gir ei innføring i korleis døve og høyrselshemma barn og unge utviklar språk, kommunikasjon og kognitive ferdigheiter, og korleis tilgang til informasjon påverkar denne utviklinga. Vi på OsloMet tilbyr teiknspråkstudentane våre å vere med på konferansen digitalt.

Sjekk studietilboda i teiknspråk

OsloMet er ein av tre institusjonar for høgare utdanning som tilbyr studium i norsk teiknspråk. Sjekk studietilboda våre:

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 24.03.2026 | Sølve Heikki Hyvärinen-Farestveit | Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet