Dei seks medlemmene i arrangementskomiteen står ute på campus framfor nokre tre.

Gratis fagdag om estetiske fag

Institutt for estetiske fag ved OsloMet inviterer til Gjenklang: Estetiske fag i rørsle. Ein gratis fagdag med foredrag, workshops, utstillingar, framsyningar og samtaler.

– Vi arrangerer denne dagen for å synleggjere breidda i dei estetiske faga og det mangfaldige arbeidet som går føre seg innan utdanning, forsking og kreativt og kunstnarisk utviklingsarbeid, fortel førstelektor Siv So Hee Steinaa i arrangementskomiteen.

– Samtidig ønsker vi å skape ein fast møteplass der studentar, tilsette, representantar frå praksisfeltet og samarbeidspartnarar kan treffast, dele erfaringar og inspirere kvarandre.

Breitt program

Publikum vil få oppleve eit mangfald av faglege og kunstnariske uttrykk gjennom dagen.

– Vi ønsker ikkje berre å formidle kunnskap om faga, men også å gi deltakarane høve til å oppleve dei i praksis. Nettopp kombinasjonen av faglege perspektiv, praktiske erfaringar og skapande arbeid gjer dagen spesiell, forklarer Steinaa.

– Programmet viser korleis estetiske arbeidsmåtar kan bidra til læring, utforsking og nyskaping. Breidda i det gir eit godt bilde av korleis forsking, undervisning og kunstnarisk utviklingsarbeid heng saman og berikar kvarandre.

Sjå heile programmet her

Vil samle miljøet

Arrangementskomiteen ser fram til å samle instituttet og samarbeidspartnarar på éin arena.

– Dei estetiske faga blir kjenneteikna av samarbeid på tvers av fagområde og perspektiv, og vi gleder oss til møta mellom studentar, lærarar, forskarar, designarar og kunstnarar, fortel Steinaa.

Også instituttleiar Liv Dahlin ser fram til Gjenklang.

– Denne dagen gir oss eit unikt høve til å dele arbeidet vårt med studentar, samarbeidspartnarar og samfunnet rundt oss.

– Ved Institutt for estetiske fag utforskar vi verda gjennom skapande, kritiske og undersøkande praksisar, seier Dahlin. 

Ope for alle

– Fagdagen er først og fremst retta mot studentar, tilsette og samarbeidspartnarar innan utdannings- og kulturfeltet, men alle med interesse for estetiske fag er hjarteleg velkomne, understrekar Steinaa.

– Vi håpar å samle både dei som arbeider med desse faga til dagleg, og dei som er nysgjerrige på kva betydning estetiske perspektiv og arbeidsformer kan ha for utdanning, samfunn og arbeidsliv.

– Deltakarane kan vere med på heile dagen eller velje dei programpostane som er mest relevante for dei. Alt er gratis, men nokre av postane krev påmelding.

Estetiske fag viktige i dagens samfunn

– Dei estetiske faga gir menneske høve til å utforske, uttrykke og forstå verda gjennom andre former for kunnskap enn ord og tal aleine, forklarer Steinaa engasjert.

– Gjennom skapande prosessar utviklar vi kreativitet, refleksjon, samarbeidsevne og evna til å sjå problemstillingar frå ulike perspektiv.

– Kompetansar som kreativitet, innovasjon og evna til å tenke nytt er avgjerande både i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv, meiner ho.

– Dei estetiske faga bidrar til å utvikle desse ferdigheitene og gir oss verktøy for å møte komplekse utfordringar på nye måtar.

– I utdanning handlar dei estetiske faga om langt meir enn ferdigheiter i kunst, musikk, drama eller design. Faga bidrar til danning, deltaking og engasjement, og hjelper oss å utvikle eigenskapar som er viktige både som profesjonsutøvarar og samfunnsborgarar.

– Dei estetiske faga ikkje er eit tillegg til utdanninga, men ein naturleg og nødvendig del av framtidas utdanning, understrekar Steinaa. 

Publisert: 13.09.2026 | Hilde M. Kringeland | Foto: Josefine Røtzer-Lund