No utfordrar erfaringane etablerte sanningar om korleis Nav bør jobbe.
– Vi trur at viss Nav tør å vere annleis, vil nye moglegheiter oppstå, seier Rudi Olsen, leiar for Nav Narvik, foredragshaldar og sjølvutnemnd «Navfluencer».
Tenke utanfor boksen
Hausten 2023 stod kommunen med mange flyktningar som dei ikkje fekk i arbeid. Sosialbudsjettet var sprengt, samtidig som det var stort behov for arbeidskraft. Då kom ideen om «gullbilletten».
– Vi såg bort frå formell utdanning og språkkrav og spurde i staden flyktningane kva dei hadde lyst til å jobbe med. «Gullbilletten» er ikkje eit nytt tiltak – det er ein ny måte å bruke eksisterande verkemiddel i Nav på, fortel Olsen.
Bedriftene fekk tiltakspengar i form av lønnstilskot i seks månader, i staden for at brukarane fekk sosialhjelp. På denne måten blei sosialmottakarar arbeidstakarar og fekk høve til å bidra i samfunnet. Nav delte ut 102 slike gullbillettar til kommunale einingar og næringsliv. Etter seks månader var 70 framleis i arbeid, og nokon gjekk vidare til andre jobbar.
– Fordi det er mykje lettare å få seg jobb om du har ein jobb, seier han.
Har tru på eit betre Nav
Kommunar i nord har erfart at kreative idear gir resultat. Gullbilletten er berre eitt av prosjekta dei har gjort som ein del av satsinga på «inNAVasjon». Andre eksempel er Nav på kjøpesenter, kvelds og nattope på Nav og ikkje minst kompani Mari. Kompani Mari er eit 24/7 tiltak for å bygge livs og kvardagsmeistring, erfaringar og framtidstru for kandidatar i Nav inspirert av TV2 programmet kompani Lauritzen for Nav-brukarar.
– Vi treng ikkje gjere det vi alltid har gjort, berre fordi vi alltid har gjort det, seier Olsen.
No jobbar Nav-leiaren med å spreie erfaringar og inspirasjon til andre kommunar i landet.
– Det finst eit betre Nav, meiner Olsen, som trur ein lykkast ved å sikre rett tiltakssamansetning.
Kva er gullbilletten?
- Ny bruk av eksisterande tiltak: «Gullbilletten» er ikkje eit eige Nav-tiltak, men ein ny måte å bruke verkemiddel på – der fokus er på kva folk vil jobbe med, ikkje formelle krav.
- Lønnstilskot til arbeidsgivarar: Bedrifter får økonomisk støtte – som lønnstilskot og mentorordning med mentortilskot i seks månader – slik at personar kan gå frå sosialhjelp til arbeid.
- Dokumentert effekt: I Narvik var rundt 7 av 10 framleis i jobb etter seks månader, noko som viser høg effekt på sysselsetting.
Mer om KAI
-
Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)
Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og Nav. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.