Portrettbilde av forfatterne

Ny fagbok tar opp spenningsfeltet mellom arbeidsinkludering og inntektssikring

Denne våren kjem ei heilt ny bok om arbeidsinkludering som diskuterer kvifor det er viktig at flest mogleg deltar i lønt arbeid, og kva som gjer det vanskeleg å få til i praksis.

Boka har tittelen «Flere i jobb, færre på trygd? Arbeidsinkludering i velferdsstatens frontlinje», og gir ei teoretisk og praktisk innføring i omgrepa, metodane og spørsmåla knytte til arbeidsinkludering og inntektssikring. 

Forfattarane er to sentrale stemmer i KAI: Lars Inge Terum, professor emeritus ved Senter for profesjonsforsking og Heidi Moen Gjersøe, professor ved VID vitskaplege høgskole og Kompetansesenter for arbeidsinkludering KAI.

– Arbeidsinkludering verkar ofte som eit spørsmål om rette metodar og tiltak. I denne boka har vi ønskt å gå eit steg tilbake og stille spørsmålet: Kvifor er dette så vanskeleg å få til i praksis, sjølv etter fleire tiår med politisk satsing? Eit sentralt poeng er at målet om «Flere i jobb, færre på trygd?» rommar fleire spenningar enn det ofte blir gitt inntrykk av, seier forfattarane.

To ulike mål

Eit gjennomgåande bodskap i boka er at «Flere i jobb, færre på trygd?» må handterast som to ulike mål, men også at arbeidsinkludering bør betraktast i samanheng med inntektssikring. Viktige utfordringar ligg i skjeringspunktet mellom dei.

– Boka er eit viktig bidrag til samfunnsdebatten fordi den utfordrar det tatt-for-gitte premissen om at målet om «Flere i jobb, færre på trygd?» er eitt og same mål. Den viser at ein reduksjon i trygdemottak ikkje nødvendigvis inneber auka arbeidsdeltaking, og at forholdet mellom desse størrelsane er meir komplekst enn det ofte blir framstilt som, seier Talieh Sadeghi, forskingsleiar på Arbeidsforskningsinstituttet og tilknytt Kompetansesenter for arbeidsinkludering KAI.

Tett samanvove dimensjonar

Boka operere med fire sentrale tesar som handlar om at arbeidsinkludering i velferdsstaten blir forma av eit spenn mellom målet om fleire i arbeid og færre på trygd, forståinga av inntektssikring og årsaker til utanforskap, og blir realisert i praksis gjennom skjønnsutøvinga til bakkebyråkratane i situasjonar prega av motstridande omsyn.

– Arbeidsinkludering og inntektssikring er to ulike, men tett samanvovne dimensjonar av velferdsstaten – og dei blir realiserte i praksis av menneske som må gjere vurderingar i møte med konkrete livssituasjonar, seier Heidi Moen Gjersøe.

Boka er skriven for dei som jobbar i frontlinja i velferdsstaten, og for studentar som skal inn i dette feltet. 

Boka synleggjer korleis arbeidsinkludering og inntektssikring er tett samanvovne størrelsar, som ikkje kan forståast eller formast ut uavhengig av kvarandre. Slik opnar boka for ein meir presis og analytisk diskusjon av korleis verkemidla i velferdsstaten faktisk verkar – både for kvar enkelt og på systemnivå. – Talieh Sadeghi, forskingsleiar på Arbeidsforskningsinstituttet og tilknytt Kompetansesenter for arbeidsinkludering KAI

– Vårt håp er at han kan bidra til eit felles språk og eit tydelegare «utsideblikk» på arbeidsinkludering som praksis – og dermed også til meir realistiske forventningar til kva som faktisk kan oppnåast.

Boka er i sal frå 8. juni. Følg med på KAI si nettside og i nyheitsbrevet for informasjon om boklansering.  

Les meir om boka på nettsidene til forlaget (universitetsforlaget.no).

Mer om KAI

  • Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)

    Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og Nav. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.

Publisert: 21.04.2026 | Tove R. Nilsen | Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet