Suzan Mbatudde Skjold, forskar ved Høgskulen på Vestlandet, presenterer på scenen

Inkluderingsarbeid under lupa

På INKO-konferansen i år møttest forskarar og praktikarar – nasjonalt og internasjonalt – for å dele kunnskap og erfaringar knytte til inkluderingskompetanse. Spesielt blei Supported Employment og hybridmodellen sett under lupa.

INKO-konferansen er ein årleg fagleg møteplass for forskarar og praktikarar, og fann denne gongen stad på Latter i Oslo. Arrangementet er eit samarbeid mellom OsloMet ved Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI), Nav og Oslokollega.

Gjennom to innhaldsrike dagar blei det presentert nye perspektiv på blant anna Supported Employment, Customized Employment, mentoring og hybridmodellen.

Diskusjonen spente frå positive erfaringar med desse modellane til kritiske spørsmål om tiltaka skjuler ein strengare aktiveringspolitikk bak eit inkluderande språk.

Livepodkast om hybridmodellen i Nav

Eit av høgdepunkta var ein engasjerande livepodkast om hybridmodellen i Nav, leidd av Talieh Sadeghi.

– Engasjementet rundt hybridmodellen i Nav har vore veldig stort, sa Gry Strømsnes, seniorrådgivar i Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Livepodkast med fire personer på scenen

Livepodkast om hybridmodellen i Nav, leidd av Talieh Sadeghi. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

Ho meiner organisasjonen var moden for å ta i bruk modellen, ettersom tilsette har jobba med inkluderingskompetanse i mange år.

Hybridmodellen, utvikla av forskarar frå Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), handlar om samspelet mellom støtteapparat og arbeidsplass.

Sjølv om implementeringa kan vere utfordrande og tidkrevjande, er praksisfeltet optimistisk:

– Vi lykkast med veldig mykje, og har gode resultat med at folk som står langt frå arbeidslivet kjem seg i jobb, fortalde Erik Lieshagen, rettleier i Nav Nordre Follo.

Kritisk blikk på aktiveringspolitikken

Suzan Mbatudde Skjold, forskar ved Høgskulen på Vestlandet, presenterte erfaringar og utfordringar med implementeringa av Supported Employment (SE) i Nav. 

Forskeren holder en presentasjon

Suzan Mbatudde Skjold, forskar ved Høgskulen på Vestlandet, presenterte erfaringar og utfordringar med implementeringa av Supported Employment (SE) i Nav. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

SE blir ofte trekt fram som eit vellykka tiltak som både gir betre tenester og får fleire raskt i jobb, men Skjold meiner at Navs arbeid blir styrt av ein sterk aktiveringslogikk, der rask overgang til arbeid og redusert trygdebruk står sentralt. 

– Innanfor aktiveringslogikken, der ein stadig blir minte om byrda velferdsavhengnad legg på velferdsstaten, blir terskelen høg for å forlate ein jobb, påpeika Skjold.

Dette kan, ifølgje forskaren, komme i konflikt med Supported Employments opphavlege formål om myndiggjering, anerkjenning og trygg tilknyting til arbeidslivet.

Forskaren åtvarar mot at SE i Nav kan fungere som ein slags «sosial vasking» — eit tiltak som gir inntrykk av ein inkluderande arbeidsmarknadspolitikk, samtidig som den underliggande arbeidslinja blir ståande uendra. 

– Det er spørsmål her som vi enno ikkje har adressert, avslutta ho.

Lyst til å bidra

Eit av dei mest gripande innslaga kom frå Liv Oline Røst, medlem av Fontenehuset. I samtale med Torhild Stimo, dagleg leiar i Fontenehus Norge, og Anne Gro Kjørstad, HR-manager i Kongsberg Gruppen, delte ho sin veg tilbake til arbeidslivet etter ein lang periode som ufør med psykiske diagnosar.

– Eg har ein drive som dei fleste, ei lyst til å bidra med det eg kan i samfunnet, sa ho.

Tre personer i panel på en scene

Liv Oline Røst i samtale med Torhild Stimo, dagleg leiar i Fontenehus Norge, og Anne Gro Kjørstad, HR-manager i Kongsberg Gruppen. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

Gjennom tett oppfølging frå Fontenehuset i Kongsberg har ho fått fast tilknyting til arbeidslivet. HR-manageren innrømte at prosessen var utfordrande:

– Det var veldig skummelt, eg skal innrømme det.

Samarbeidet resulterte i ei prosentvis fast stilling for Liv Oline i Kongsberg Gruppen – til stor applaus frå publikum.

Oversikt over et publikum som klapper

INKO-konferansen er årleg fagleg møteplass for forskarar og praktikarar, og fann denne gongen stad på Latter i Oslo. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

Mer om KAI

  • Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)

    Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og Nav. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.

Publisert: 24.11.2025 | Tove R. Nilsen | Foto: Tove R. Nilsen