OsloMet logo på murvegg

KAI feirar 10 år med forsking på arbeidsinkludering

I 2026 fyller Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) 10 år! Gjennom året blir jubileet markert med ei rekke arrangement, seminar og faglege møteplassar.

– Vi gleder oss til å markere KAI sitt 10 års jubileum med ei rekke interessante arrangement gjennom året, seier dagleg leiar Anka Ødegaardshaugen.

Kva er KAI?

Kompetansesenter for arbeidsinkludering er eit samarbeid mellom OsloMet – storbyuniversitetet og Nav. Senteret jobbar for å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innan område som er viktige for arbeidsinkludering. 

KAI legg ei brei forståing av arbeidsinkludering til grunn; forstått som kva som fremmar og hemmar inkludering i arbeidslivet.

Gjennom ti år har KAI etablert seg som ein sentral aktør med seminar, konferansar og forskingsprosjekt som påverkar praksisfelt, velferdsforvaltning og politikkutforming.

– Med forsking og kunnskap om både verkemidla, dei som får og leverer tenestene, og organisering og styring av feltet har KAI bidratt til ei meir heilskapleg forståing av arbeidsinkludering, seier Anka Ødegaardshaugen.

Forsking som kjem til nytte

KAI samlar kompetanse av høg kvalitet innan ulike kunnskapsområde som grip inn i arbeidsinkluderingstematikken. KAI dekker heile kunnskapskjeda: forsking og kunnskapsoppsummering, utdanning og formidling. Nettverket dekker eit breitt felt og bidrar med kunnskap som påverkar praksis, forvaltning og politikkutforming. 

– Vi ser at KAI si forsking har innverknad både på debatt og praksis. For eksempel debatten om korleis kravet til diagnosar bidrar til medikalisering av unge som fleire av forskarane har påpeika, seier professor og fagleg rådgivar ved KAI, Ann Helén Bay.

Bay nemner også utrulling av den såkalla hybridmodellen på Nav-kontor som eit resultat av forsking som kjem til nytte. Hybridmodellen er eit resultat av eit prosjekt utført ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), som har utforska inkluderingskompetanse i Nav og på arbeidsplassen, med vekt på «hybridmodellen» som rettleiarmetode. Denne måten å jobbe på blir no innført ved stadig fleire Nav-kontor.

Nye forskingsresultat vil bli presenterte på seminar gjennom jubileumsåret.

KAI-podden – ein lyttarsuksess

Som ein del av strategien for kunnskapsformidling har KAI drive podkasten «KAI-podden» i fem år. Podkasten, leidd av forskingsleiar ved Arbeidsforskningsinstituttet (AFI), Talieh Sadeghi, har no passert 50 episodar og er OsloMet sin kanskje mest populære podkast. 

I 2026 får podkasten ei ny stemme når professor ved VID og OsloMet, Heidi Moen Gjersøe, blir med som programleiar

Forskningssamtale i podkaststudio

Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet

Følg med for meir informasjon om jubileumsarrangementa på KAI si nettside og i nyheitsbrevet.

Vil du vite meir kan du abonnere på nyheitsbrevet vårt og følgje oss på Facebook (facebook.com).

Kontakt

Laster inn ...

Mer om KAI

  • Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI)

    Kompetansesenter for arbeidsinkludering er et samarbeid mellom OsloMet - storbyuniversitetet og Nav. Formålet med KAI er å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling innen områder som er viktige for arbeidsinkludering.

Publisert: 08.01.2026 | Tove R. Nilsen | Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet