To barn med ryggen til kamera, ser ut gjennom en glassdør.

Kan sosialpolitikk førebygge omsorgssvikt?

Vi må flytte fokus frå reparasjon til førebygging retta mot årsakene til at familiar hamnar i trøbbel, meiner forskar.

Prosjektet «Turning the tables: Can ’upstream’ social policy prevent child maltreatment?", har fått finansiering på nærmare 12 millionar kroner av Forskingsrådet.

– Vi veit for lite om korleis sosialpolitikk kan påverke risikoen for at omsorgssvikt og barnemishandling skjer, seier prosjektleiar Kjetil A. van der Wel ved Institutt for sosialfag.

Eit dystert bilde

14 prosent av alle barn i Noreg får tenester frå barnevernet før dei fyller 18 år. 

Desse barna kjem oftare frå familiar med sosioøkonomiske utfordringar, og som vaksne klarer dei seg dårlegare enn sine jamaldrande.

Det er fleire trygdemottakarar blant dei, og dei slit med utanforskap og helseproblem. Det er også høgare risiko for at dei blir kriminelle.

– Det er eit ganske dystert bilde. Barnevernet skal rette opp skaden som har skjedd, men som gruppe kommer barna langt dårlegare ut enn andre barn. Det betyr at vi må tenke nytt, seier van der Wel.

Frå reparasjon til førebygging

Når barnevernet ikkje godt nok greier å kompensere for dei alvorlege konsekvensane, må vi vende blikket oppover i årsakskjeda, meiner van der Wel.

– Eg kjem frå folkehelseforskinga, der vi veit at det ikkje hjelper å berre reparere når det har gått gale. Vi må ta tak i årsakene til at omsorgssvikt oppstår og jobbe førebyggande.

Påverknad gjennom politikk

Han er opptatt av korleis sosiale forhold speler inn.

– Eit godt oppvekstklima heng saman med økonomisk tryggleik, sosial støtte og stabile rammer.

Dette kan vi påverke gjennom sosialpolitikk.

Det finst svært få barnevernsstudiar som tar for seg årsakssamanhengar mellom førebyggande sosialpolitikk og omsorgssvikt. 

– Vi veit også lite om kva slags type tiltak som fungerer best – for eksempel om universelle tiltak er betre enn målretta tiltak, eller om kontantoverføringar fungerer betre enn tenester.

Norske reformer skal gi svar

Dei fleste studiane som finst, er frå USA.

– Vi treng kunnskap om dette i ei nordisk kontekst, seier van der Wel.

Prosjektet skal studere seks norske sosialpolitiske reformer, blant anna kontantstøtteordninga (1998), barnehageløftet (2004) og introduksjonsordninga for flyktningar (2004).

– Ved å studere reformer kan vi samanlikne grupper som er nesten like, men der nokon har fått ei ny form for støtte og andre ikkje. For eksempel kan vi samanlikne foreldre som fekk rett til kontantstønad i 1998, med dei som fekk barn tidlegare og derfor ikkje hadde den retten.

Registerdata gir unik innsikt

Prosjektet skal bruke registerdata frå heile den norske befolkninga som er fødd etter 1979.

Dei inkluderer kjønn, alder, bustad, inntekt, trygdeytingar, utdanning, sysselsetting og domfellingar – og dessutan detaljerte barnevernsdata med meldingar og vedtak.

– Desse dataa gir oss høve til å studere samanhengar over tid og på tvers av reformer, og til å analysere effektane av desse sosialpolitiske tiltaka når det gjeld omsorgssvikt og arbeidet til barnevernet.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Har norsk barnevern eit ufortent dårleg rykte?

Kritikken mot norsk barnevern er blåse opp, men delar av kritikken er rettferdiggjort, meiner OsloMet-forskarar.

Demonstrasjon mot barnevernet.
Ungdom som bur på institusjonar vil at det skal sjå ut som ein heim, ikkje ein arbeidsplass

Før i tida var det eit mål om at barnevernsinstitusjonar skulle vere ein heim. I dag er andre målsetjingar meir framståande.

Utanfor Emmas barneheimar i 1920.
Å jobbe i barnevernet påvirker den psykiske helsen

Nesten halvparten av ansatte i barnevernet opplever et så høyt emosjonelt stress at de kan trenge hjelp, ifølge ny undersøkelse.

Et barn leker i søla.
Publisert: 26.11.2025 | Foto: Unsplash