Ungdom som bur på institusjonar vil at det skal sjå ut som ein heim, ikkje ein arbeidsplass

Utanfor Emmas barneheimar i 1920.

– I planane for dagens institusjonar blir institusjonsomgrepet brukt, ikkje barneheimar. Det står ikkje nokon stad at det skal vere ein heim. Men det betyr ikkje at dei tilsette ikkje er opptekne av at det skal vere det, seier Sommerfeldt. 

Marianne Buen Sommerfeldt har intervjua ungdommar på barnevernsinstitusjonar, og dei har klare meiningar om korleis dei ønskjer å bu. 

I dagens planar for barnevernsinstitusjonar kjem det ikkje fram nokon definisjon for kva ein heim er. 

– Då blir det opp til tolking og kanskje prega av forforståingar og subjektive førestillingar om kva ein heim er for dei tilsette, seier ho. 

Vil ikkje ta med venner til eit "NAV-kontor"

I dag finst det både barnevernsinstitusjonar som ser ut som moderne institusjonar, og institusjonar som ser ut som vanlege familiebustader. 

– Ungdommane eg snakka med føretrekte heilt tydeleg at institusjonen såg ut som ein familiebustad, og ikkje ein arbeidsplass, seier ho.

Ungdommane hadde inntrykk av at menneske rundt dei knytte saman det å bu på ein institusjon med rusproblem, ungdomskriminalitet og psykiske helseutfordringar. Dei ønskte seg å «verke normale i ein unormal situasjon». 

– Når institusjonen ser ut som ein heim kjenner ungdommane at det er enklare å ta med venner heim til seg. Dei ønskjer ikkje at det ser ut som eit NAV-kontor, seier Sommerfeldt. 

Ønskjer nærleik til dei tilsette

Ungdommane Sommerfeldt snakka med hadde også meiningar om korleis relasjonen til dei tilsette burde vere. 

– Retningslinjene gir eit handlingsrom og seier noko om kva som er fagleg og etisk rett. Samtidig kan alle samtidige krav gjere at dei tilsette opplever eit trongare handlingsrom for å inngå i genuine relasjonar til barna, sjølv om det også er mogleg å få til, seier ho. 

I dag er det mange føringar og retningslinjer for korleis tilsette på barneheimar skal arbeide. Sommerfeldt meiner dette både er positivt og avgrensande på same tid. Ho meiner det krev særleg eit medvett og ein profesjonalitet for å få til dette arbeidet og denne balansen.

Men betyr det at det var betre før på 1800-talet då styrarane budde i same hus som barna? 

– Det var ei anna tid. Og det var for mange barn av gongen og andre forståingar av nærleik mellom vaksne og barn. Men ungdommane i dag ønskjer seg tilsette som i større grad er personlege, seier Sommerfeldt. 

Vil ha kontakt med tilsette utover arbeidstida

Ungdommane fortalde at dei sette pris på vaksne som sende tekstmelding når dei eigentleg hadde fri, bidrog til å gjere opphaldsrom heimekoselege, eller vart igjen utover arbeidstida deira ved behov. 

– Dette ønsket er ikkje heilt uproblematisk gitt dagens arbeidslivsoppgåver, men viser likevel eit behov for å reflektere over korleis ein kan forstå utsegnene til ungdommane og komme dei i møte, seier ho.

Ho understrekar at vi treng reguleringar av praksisen, mellom anna av omsyn til risiko for grenseløyse og overgrep. 

– Men profesjonalitet skal ikkje vere noko hinder for å få til gode relasjonar. Tvert imot er nettopp relasjonsarbeidet kjernen i det sosialfaglege arbeidet og ein sentral bestanddel i den personlege kompetansen til den profesjonelle, seier Sommerfeldt.  

Men kvifor ser ikkje alle institusjonar ut som ein heim? 

– Det er praktisk å byggje til formålet med institusjonane. Med møterom til dei tilsette, garderobe til å hengje frå seg og så vidare. Men dei som bur der kan miste litt av opplevinga av at det er ein heim. Eller forsterke stigmaet til ungdommane når det ikkje ser ut som ein vanleg heim, seier Sommerfeldt. 

Portrettbilde av Marianne Buen Sommerfeldt.

Marianne Buen Sommerfeldt forskar og underviser på Institutt for sosialfag, og har sjølv jobba ved ein barnevernsinstitusjon tidlegare. Foto: Pål Arne Kvalnes

Var det betre før? 

I barneheimane på 1800-talet var budde tilsette, barn og ungdom i same hus på fast basis. 

– Det var ofte store villaer med store hagar. Mykje var basert på velgjerd. Det var menneske med midlar som hadde ein bustad til formålet eller hadde midlar til å skaffe ein, seier Sommerfeldt. 

Barneheimane var privat finansierte og drivne utan offentleg støtte. Biletet i toppen av saka er av Emmas barneheimar i Ullevålsveien 113, på Fagerborg i Oslo. Fotoet er teke av Anders Beer Wilse i 1920.

Sjølv om det var relativt store hus, var det felles soverom eller sovesalar. 

– Og slik er det ikkje i dag. I dag har ein eigne soverom, seier ho. 

Men drifta var i stor grad uregulert og utan noko lovverk fram til Vergerådsloven i 1896. 

– Då kom det også eit tydelegare mandat for kva rolle velferdsstaten skulle ha i dette, seier Sommerfeldt. 

Eit lovverk av 1953 presiserte at kroppsleg refsing ikkje var lov, og behova og rettane til barnet var vektlagt. I 1992 kom eit lovverk som gjorde det klart at barn skulle høyrast og medverke. Barna skal sjølv kunne seie noko om kvar og korleis dei ønskjer å bu. 

– Utdanningane vi i dag knyter til barnevernsinstitusjonar oppstod i 1920. Då tenkte ein at ein trong kompetanse utover det å vere ei mor, seier Sommerfeldt. 

Med andre ord har det skjedd mykje sidan barneheimane oppstod på 1800-talet. 

Bygde ned institusjonane

På 2000-talet har det vore ei nedbygging av institusjonstilbodet til fordel for fosterheimar. 

– Det skjedde i tråd med ideen om at ein heim og familieliv er best for barna. Dette hevda fleire allereie på 1950-talet. Det har faktisk vore ein tilbakevendande diskusjon sidan 1870-åra, seier ho. 

Samtidig vil det alltid vere barn og unge ein ikkje finn fosterheimar til, eller som ikkje ønskjer det, eller som har behov som ikkje kan dekkjast i fosterheimar. Då trengst også eit tilbod på barneverninstitusjonar. 

– Barneverninstitusjonar er eit godt tilbod til mange barn og unge i dag, og eit nødvendig tilbod for å komme behova for omsorg og miljøterapi i møte, seier Sommerfeldt.

Referansar

Relatert forskning

To jenter og en gutt smiler og leker med fargerike legoklosser ved et bord i klasserommet.
Evalueringen av seksårsreformen: Barna ønsker seg mer lek i klasserommet

Barna i førsteklasse ønsker seg mer leketid i skoletiden, spesielt inne. Det kommer frem i en ny rapport om seksårsreformen.

En samtale mellom mor, far og et tenåringsbarn i samtale med en ansatt fra familievernet.
Skal også barn og unge få hjelp på familievernkontoret?

Det er både fordeler og ulemper ved det, ifølge en fersk rapport fra Velferdsforskningsinstituttet NOVA. Samtidig peker forskerne på spesielt én ting som må på plass først.

Foto: En ung gutt med en basketball får en klapp på skuldra av en blid mann
Det kan være bra for noen unge å bo alene på institusjon

Barn og unge med spesielt store utfordringer kan ha nytte av å bo alene i institusjon. Men tiltaket bør lovreguleres bedre. Hvis ikke kan menneskerettighetsbrudd gå under radaren, mener OsloMet-forskere bak ny studie.

Publisert: 08.11.2023
Sist oppdatert: 04.12.2023
Tekst: Pål Arne Kvalnes
Foto: Anders Beer Wilse