Under lunsjseminaret «KI i fag- og yrkesopplæringen – muligheter og utfordringer» den 31. oktober i Lillestrøm bibliotek, fekk deltakarane innblikk i korleis faglærarar og forskarar allereie tar teknologien i bruk for å styrke læringa og profesjonsforståinga til elevane.
Rundt tretti deltakarar var fysisk til stades og over seksti følgde arrangementet digitalt då innleiarane delte erfaringar og eksempel frå praksis og forsking.
- Steinar Karstensen frå OsloMet viste korleis KI kan brukast til å analysere risiko i bygg- og anleggssituasjonar. KI-verktøyet avdekker farar på arbeidsplassen og foreslår tiltak for å handtere dei.
- Gudjon Gudjonsson frå Hamar katedralskole demonstrerte korleis KI kan fungere som ein «andre lærer» i klasserommet ved å støtte elevar i koding og utvikling av nettsider.
- Jo Erlend Thunberg frå Tangen vidaregåande skole presenterte skolens «AI award», der elevar produserer filmar og presentasjonar med KI-verktøy som blir vurdert av både lærarar og bedrifter.
- Svanhild Berntsen frå OsloMet løfta fram forskingsbaserte perspektiv på korleis KI endrar vurderingspraksis, frå fokus på produkt til større vekt på prosess og refleksjon.
Felles for alle innlegga var eit tydeleg bodskap: Elevane må trenast i å skrive gode prompter og lære å bruke, vurdere og etterprøve KI-resultat kritisk. Det handlar ikkje lenger om ein bruker KI i yrkesopplæringa – men korleis ein bruker det best mogleg.
På biletet (frå venstre): Steinar Karstensen, Svanhild Berntsen, Jo Erlend Thunberg og Gudjon Gudjonsson.
Bli med i nettverk: KI-pionerane i yrkesfag
KI-pionerane Noreg er ein møteplass for lærarar, fagfolk, lærerutdannere, instruktørar og forskarar som vil dele erfaringar, hente inspirasjon og lære meir om korleis KI kan brukast i undervisning, opplæring og yrkesutøving.
Her møtest praktikarar og teoretikarar for å utforske moglegheiter, utfordringar og ny praksis i eit fagfelt i rask utvikling.
Bli med i nettverket KI-pionerane i yrkesfag (nettkskjema.no).