Ein mann sveisar

Kunnskapssmia - vidaregåande skole og industri i same bygg

Yrkesfagpodden: Rektor på Bømlo vidaregåande skole, Tor Inge Kalstad, og administrerande direktør i Los-gruppa, Jakob Særsten, fortel korleis vidaregåande skole og industri er samlokalisert på Rubbestadneset.

Her deler arbeidstakarane til bedrifta og elevane ved skolen kantine, det er kort veg for elevar til yrkesfagleg fordjuping, og LOS-gruppa sikrar kompetent arbeidskraft frå lokalmiljøet.

Karlstad og Særsten fortel om korleis elevane kan sjå rett inn i den verkelege produksjonen mens dei har undervisning. Å omgåast vaksne tilsette frå næringslivet bidrar til danninga til elevane og til at elevane vekslar mellom opplæring i skolen og opplæring på arbeidsplassen.

Tilsette frå LOS-gruppa deltar også i opplæring i skoledelen av industribygget. Dermed får elevar og lærarar oppdatert kunnskap rett frå næringslivet.

Høyr episoden av yrkesfagpodden:

Interessert i fag- og yrkesopplæring?

Les meir om Senter for kunnskap om yrkesfag.

Publisert: 28.10.2025 | Anders Grydeland | Foto: Syd Mills, Unsplash