Portrett av Brede Andreassen i samtale med elev, sett bakfrå Han er i gul OsloMet-t-skjorte, og bak står rollupar frå OsloMet, og bøker frå biblioteket.

Kvantefysikk til skuleborn på Holmlia

Korleis forklarer ein kvantefysikk til barneskuleelevar? På forskingstorget på Holmlia tok studentar frå OsloMet utfordringa.

Fredag 19. september møtte fleire barneskuleklassar opp på Deichman Holmlia då OsloMet arrangerte forskingstorg for tredje år på rad.

Målet med arrangementet er å formidle forsking gjennom morosame og lærerike aktivitetar. Det var god variasjon av standar til stades, og med «tryggleik» som tema kunne barna utforske alt frå sløyd til personvern.

Kron og mynt – samtidig?

Blant dei som var representerte på torget, var OsloMet Quantum Hub, der master- og doktorgradsstudentar inviterte borna inn i kvantefysikken si verd. Med enkle eksempel som var meint å trigge nysgjerrigheit, forklarte dei kvantefysikk ved å bruke noko så kvardagsleg som kron og mynt.

– Dei fleste veit intuitivt at to myntar kasta i lufta vanlegvis ikkje landar på same side kvar gong. Vi prøver å forklare at atom kan vere «kobla saman», slik at resultata òg heng saman. Det blir både forvirrande og spennande, og pirrar nysgjerrigheita hos fleire, forklarer masterstudent Brede Andreassen.

Gjennom demonstrasjonen fekk barna ein introduksjon til konsept som «samanfiltring» og «kvantekryptering», og korleis dette kan brukast til å sende meldingar endå sikrare enn i dag.

– Vi viser korleis kvanteteknologi kan brukast til å lage kryptering som gjer at ein med sikkerheit veit om nokon har prøvd å tukle med nøkkelen, seier Andreassen.

Kjem til å spele ei avgjerande rolle

Ifølgje studentane har interessa vore stor, og mange av elevane stilte spørsmål og ville forstå meir.

– Det er veldig gøy med dei som er oppriktig nysgjerrige og vil forstå meir. Det er nokre som høyrer på fordi vi er vaksne, men mange er oppriktig fascinert, seier Andreassen.

Han forklarer vidare at kvanteteknologi kjem til å spele ei avgjerande rolle i framtida, i alt frå kunstig intelligens til medisinsk teknologi.

– Kvantefysikk har veldig store bruksområde, det blir til dømes brukt i MR-maskiner òg.

Biletet øvst i artikkelen viser masterstudent Brede Andreassen i samtale med ein elev.

Meir om kvanteverda

Kvantedatabehandling kan bli ein teknologisk revolusjon i Noreg

På konferansen QiT Norway heldt instituttleiar André Brodtkorb eit tankevekkjande foredrag om korleis kvantedatabehandling kan revolusjonere den teknologiske framtida vår.

Andre Brodtkorb peikar på skjermen medan han held foredrag på QiT Norway. I framgrunnen sit det deltakarar på konferansen.
Kvanteverda-emne snur opp ned på universet

Martin og Gunn Heidi håpar fleire får auga opp for kvantefysikken. Dei er begge studentar på vidareutdanninga «Introduksjon til kvanteverda for nyfikne».

Portrett av Martin og Gunn Heidi
Publisert: 25.09.2025 | Benjamin Haug-Toklum | Foto: Benjamin Haug-Toklum