Gjennom åra har KAI etablert forskarnettverk på tvers av fagmiljø, utvikla etterutdanningstilbod for mellom anna Nav-tilsette og samarbeidd med Nav-kontor om fagsamlingar og prosjektutvikling.
– Langsiktige rammer gjer det mogleg å bygge vidare på dei sterke nettverka som er etablerte gjennom dei første ti åra, og utvikle nye samarbeid og kunnskapsområde, seier Heidi Moen Gjersøe, professor og påtroppande leiar for KAI.
Med den nye avtala forpliktar OsloMet og Nav seg til å vidareutvikle KAI som ein nasjonal møteplass for forsking, utdanning og kunnskapsutvikling om arbeidsinkludering. Samarbeidet skal bidra til å styrke kunnskapsgrunnlaget for Navs tenester og politikk, samstundes som det gir relevante utdannings- og forskingsmiljø ved OsloMet ei nær kopling til praksisfeltet.
Om KAI
- Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) er eit samarbeid mellom OsloMet og Nav.
- KAI har som mål å styrke kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling på område som er viktige for arbeidsinkludering.
Meir om Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI).