Ville sagt ja til å dra igjen

Maja og to til på fjelltur

Praksisutveksling

Maja studerer til å bli grunnskolelærar med spesialpedagogikk som fordjupingsemne i sjette semester. og Ønsket om å få andre erfaringar enn det ein vil få i ein norsk kontekst, var noko av det som motiverte for praksisutveksling i Nepal.  

– Det som motiverte meg til å dra på praksisutveksling var eit ønske om å oppleve noko nytt, ein litt annan studiekvardag og å gjere noko ein ikkje får moglegheit til så mange gonger i livet, fortel Maja.

Nepal

Valet stod mellom India, Sør-Afrika og Nepal. Maja landa til slutt på Nepal, fordi dette var eit land ho viste lite om.  

– Eg hadde høyrd frå ein kollega at det er eit veldig gjestmildt land, i tillegg blei naturen trekt fram som å vere heilt fantastisk. Gjestmildskapen og den fantastiske naturen blei det også tid til å få erfaring med, seier ho.

Å møte så mange flotte menneske og få nye vener som studerer det same var noko av det beste med utvekslinga, fortel Maja. Nokon av dei store høgdepunkta  i utvekslingsperioden var alle turane rundt i Nepal ho fekk oppleve saman med dei nye venane.  

Maja og syv andre jenter tar lunsjpause på tur

lunsjpause på tur frå Nagarkot til Dhulikhel Foto: Ukjend

Erfaringar for framtida

Noko av det Maja fekk ut av praksisutvekslinga var å få øve sjølvstende og tilpassingsevne som framtidig lærar.  

– Det handla om å tilpasse seg ein ny kvardag og legge til side korleis ein er vane med å ha det. I klasserommet må ein ofte ta ting på sparket, og eg kjenner utvekslinga har gjort meg meir rusta som lærar og mykje tryggare i rolla, fortel Maja.

Skolen Maja har hatt praksisutveksling til har om lag 50 elever med nedsett syn. Elevane kjem til denne skolen frå ulike område i Nepal. Ein av erfaringane ho tek med seg herifrå er korleis ein kan følge opp  elevane med synshemming utan særleg høyrselsteknisk støtteutstyr. .

–  Det å få praksiserfaring på ein skole i Nepal har gitt meg opplevingar og erfaringar som kjem til å komme godt med når eg skal ut i arbeidslivet i Noreg.  

Ei unik oppleving

For Maja var det ei unik oppleving å utøve lærarrolla i Nepal, samanlikna med praksiserfaringane hennar i Noreg. Ho meiner praksisutvekslinga er noko meir enn å få innsikt i eit anna skolesystem.

–  Det har gitt meg veldig gode vennar og minner eg seint vil gløyme. Opphaldet i Nepal har ikkje berre vore ei fagleg utviklingsreise, men også ei personleg reise som har gitt mange inntrykk og nye perspektiv på profesjonsutøvelse, fortel ho.

Studenthistorier

Åtte kvinnelige studenter står i en hage
– Eit av dei beste vala eg har tatt

Jenny Fenghua Arntsen gjennomfører grunnskolelærarutdanninga med spesialpedagogikk som fordjupingsemne i sjette semester. Ho bestemte seg for å ta praksisutveksling i Grassy Park, Western Cape Town i Sør-Afrika.

Student poserer foran nokre busker
Utveksling i Ghana - sjølvtilliten fekk ein boost

Dei store forskjellane mellom ghanesiske og norske barnehagar har gjort Amalie og Yvonne meir opne og fleksible.

Kari og Sondre sitter på en benk på Campus Pilestredet og smiler til kameraet.
Overgår alle forventninger

Et utvekslingsår i Freiburg kan være et smart valg for deg som skal bli lærer.

Bilde av Hedda Næss
Utveksling i Danmark - større kulturelle forskjellar enn ein trur

Mari og Hedda fekk oppleve barnehagen på ein ny måte då dei var på praksis- og studieopphald i Viborg i Danmark.