Ewelina laga ny kolleksjon av brukte materiale

Ewelina står midt i en bygate med bygninger på begge sider.

I sommar fekk studenten Ewelina Wdzięczna (42) ein overraskande telefon: Ho var éin av tre nominerte i ein talentkonkurranse under moteveka Oslo Runway (oslorunway.no).  

Kolleksjonen som er nominert, har ho laga på bachelorstudiet i kunst og design ved OsloMet, studieretning mote og produksjon.   

– Eg blei kjempeglad! Hadde ikkje venta det i det heile tatt, seier Ewelina, som fullførte bacheloren våren 2026.  

Vil lage praktiske klede med lavt miljøavtrykk 

Oslo Runway er ei visingsplattform for norsk mote og blir arrangert kvart år. For å løfte fram nye talent, nominerer ein uavhengig jury tre avgangsstudentar frå ulike studiestader til Oslo Runway Talent Award.   

Ewelina har laga kolleksjonen «Safety net»: miljøvennlege friluftslivklede for insektrike område.  

– Eg er ikkje så interessert i mote som statusmarkør. Det eg ønskjer, er å lage praktiske klede som belastar miljøet minst mogleg, seier ho. 

Samtidig ønskjer ho å appellere til kjenslene til dei som skal bruke kleda.  

– Viss vi knyt oss til klede kjenslemessig, trur eg at vi tar betre vare på dei.

Ein person har på seg kolleksjonen og spring i gresset ved eit vatn.

Har fått følgje designprosessar frå idé til produkt  

Bacheloren i mote og produksjon kombinerer praksis med teori, og «Safety net»-kolleksjonen var Ewelina si bacheloroppgåve. Ho kom sjølv opp med ideen, laga designet og til slutt det ferdige produktet. I tillegg las ho ein heil del teori, mellom anna om kva psykologiske mekanismar som påverkar handlevanane våre.  

– Det var kjempespennande. Eg hadde berre lyst å lese meir, fortel ho.  

Det å følgje ein designprosess frå idé til ferdig produkt, har ho gjort fleire gonger i løpet av studiet.  

– Også berekraft har blitt tungt vektlagt. Mellom anna har studentane tilgang på overskotsmateriale frå klesbedrifter som vi fritt kan bruke, fortel Ewelina.  

Men korleis hamnar ei som ikkje er interessert i mote på eit motestudium? For Ewelina sin del var det nokså tilfeldig.   

Ein modelljobb vart vendepunktet    

Ho har frå før bachelor og master i ny gresk filologi og kultur frå heimlandet Polen og jobba som finansiell analytikar i mange år, også etter at ho flytta til Noreg i 2018. Under korona-pandemien bestemte ho seg for å slutte i jobben.   

Ein jobb som prøvemodell for Helly Hansen gjorde at ho blei kjent med klesbransjen innanfrå. Ho såg at bransjen var meir allsidig enn ho hadde tenkt før.   

Ewelina hadde alltid elska å teikne og vere kreativ, og då ein kollega tipsa henne om studiet på OsloMet, bestemte ho seg for å søke.  

Kolleksjonen til Ewelina er utstilt. På veggen i bakgrunnen heng det eit fotografi av Ewelina.

Kolleksjonen til Ewelina stilt ut på Steen & Strøm. Foto: Silje Pileberg

Kun myggnettet er ikkje brukt før  

– For meg har studiet vore ei kjempefin erfaring. Undervisarane har vore som familie, og eg har lært mykje om meg sjølv. Eg fått teikne og vere kreativ, men eg har også lært vanskelegare ting, som mønsterkonstruksjon og det å sy. 

I praksisperioden var ho tilbake hos Helly Hansen i åtte veker. Då jobba ho i produktutviklingsavdelinga.  

– Det var veldig lærerikt!  

Ei av oppgåvene hennar var å sortere vekk materiale som skulle kastast. Då fann ho omtrent alt ho trong til kolleksjonen sin.  

– På studiet vart vi oppmuntra til å nytte bruktmateriale og tenke berekraft i alle ledd. Her har eg sett at potensialet er stort. Sjølv har eg berre å kjøpt éin ting til kolleksjonen min, og det er myggnettet.   

Studenthistorier

Rebecca står mellom to klesstativer der det henger jakker fra Helly Hansen.
Spennende praksis

Motestudent Rebecca fra Manchester hadde sin praksis hos Helly Hansen. Medstudent Thomas dro omvendt vei, til Skottland og veveriet Johnstons of Elgin.

Vilde står i blå jakke og hjemmestrikka skjerf inntil et tre i en park og smiler til kamera.
Gjennom masteren lærer Vilde et håndverk få i Norge kan

Hver onsdag er hun med når en gruppe eldre kvinner spinner og vever lin. Slik bruker Vilde masteren i mote og samfunn til å få innsikt i en gammel håndverkstradisjon.

Modell iført en gjennomsiktig hvit kjole med store puffermer, med en detalj i revet sort og grått stoff. Snø i bakgrunnen.
På pallen i internasjonal konkurranse for designere

Kunst og design-student fra OsloMet vant sølv i prestisjetung konkurranse for unge motedesignere.

Kinga, Viktoria og Thorstein i syverkstedet foran en sømbyste.
Kinga, Viktoria og Thorstein vil inn i motebransjen

Ein bachelorgrad i mote og produksjon opnar mange dører inn til spanande moglegheiter i ein stor, internasjonal bransje.