Kva kan du bruke Keenious til?
Keenious er eit tverrfagleg søkeverktøy basert på kunstig intelligens, som anbefaler relevante forskingsartiklar ved å analysere tekst i dokument du arbeider med. Verktøyet er særleg eigna til å få idear og inspirasjon i startfasen av arbeidet med ein tekst. Du kan også bruke det i sluttfasen for å sikre at du ikkje går glipp av viktige kjelder. Keenious erstattar ikkje tradisjonelle søkeverktøy, men kan brukast som eit supplement.
Du kan enten bruke Keenious-funksjonaliteten i Word eller på nettsida til verktøyet. Hovudskilnaden mellom dei to er at du hovudsakleg arbeider ut frå din eigen tekst i Word, mens du bruker promptar for å utforske eit tema og finne relevante kjelder på nettsida.
Verktøyet analyserer tekster og finn kjelder på fleire språk. Engelsk fungerer best sidan det meste av forskinga er på dette språket, men det er også mogleg å bruke norsk med godt resultat.
Søk i Keenious blir ikkje tilgjengeleg for andre. Det vil seie at språkmodellar ikkje kan bruke søk i Keenious til trening. Personvern er også tatt vare på ved at Keenious ikkje bruker tekst frå søka våre til eigen trening av programmet.
Kurs i Keenious
Universitetsbiblioteket har kurs i Keenious. Oversikt over kommande kurs (student.oslomet.no).
Keenious-verktøyet i Word
Når du bruker Keenious i Word, arbeider du hovudsakleg ut frå din eigen tekst.
Som student eller tilsett ved OsloMet finn du Keenious i verktøylinja i Word under “Heim”. Har du ikkje Keenious i verktøylinja i Word? Legg til Keenious via “Heim” og “Tillegg” i verktøylinja.
Når du bruker Keenious i Word kan du til dømes markere delar av teksta du ønsker å finne kjelder til, og Keenious viser deretter resultatet på høgre side av dokumentet. Du kan også filtrere ut frå emneord (keyword filtering), år eller kor mange gonger referansen er sitert (citation count). Du kan også bruke promptar til å utforske eit tema.
Om du bruker Keenious utanfor campus, må du kople deg til institusjonsnettverket med VPN (student.oslomet.no).
Keenious i nettlesar
På nettsida til Keenious bruker vi promptar for å finne relevante kjelder innanfor eit gitt tema.
Du kan logge deg inn (keenious.com) med e-post og passord frå OsloMet. Fordelen ved å logge seg inn, er at kjeldene du har bokmerka blir lagra, slik at du får tilgang til dei ved seinare bruk av verktøyet.
Nettsida fungerer best når du vil utforske eit tema, enten ved å laste opp ei PDF-fil, eller skrive inn ein prompt.
Nedlasting av artiklar og opphavsrett
Å søke etter kjelder i Keenious og å laste dei ned og sitere desse i eigen tekst er uproblematisk uavhengig av om dei er opent tilgjengelege eller henta frå lukka kjelder i OsloMets samling.
Det er også mogleg å laste opp artiklar i Keenious for å bruke dei som utgangspunkt for søk. Dette er ein type tekst- og datautvinning (TDM), så her kan vi støyte på problem med norsk lovgjeving innanfor opphavsrett. Ein må derfor undersøke om artikkelen er opent tilgjengeleg med ein fribrukslisens, til dømes CC-lisens (creativecommons.no) før ein bruker han.
Vi kan også laste opp frå dei lukka kjeldene OsloMet har tilgang til, men det er tidkrevjande å finne ut kva for kjelder som er lov til å bruke.
Har du spørsmål eller tilbakemeldingar om Keenious, send ein e-post til biblioteket.