English version

Utstyr og tilrettelegging for synshemma

Biblioteket P48 har bok- og tekstskannar til bruk for synshemma og brukarar med spesielle behov. Utstyret er nyttig for svaksynte, dyslektikarar og andre med lesevanskar.

Bokskannar

I Biblioteket P48, 2. etasje, kan du raskt skanne til dømes boksider og bilete, og justere oppløysing, kvitbalanse og anna undervegs. Fila sender du til deg sjølv på e-post, eller lagrar ho på ein minnepinne. Maksgrense for e-postsending er 1 GB, så ta med minnepinne om du skal skanne mykje.

Kontakt Universitetsbiblioteket eller IT-servicedesk i P48 for hjelp med utstyret.

Informasjon om andre moglegheiter du har for tilrettelegging på OsloMet (student.oslomet.no).

Tilrettelagd litteratur

Biblioteket P48 har saman med Lesar søker bok bygd opp ei lita samling med tilrettelagd litteratur. I samlinga Lettlest i søketenesta Oria finn du til dømes bøker med stor skrift, enkelt innhald, punktskrift og følebøker (oria.no).

Informasjon om dei ulike kategoriane innan tilrettelagd litteratur på nettstaden Lesar søker bok (boksok.no).

Stemmestyrt søk i Oria

I Oria kan du klikke på mikrofonen i søkefeltet og seie kva du ønsker å søke på (oria.no). Fungerer berre i nettlesarar som støttar Web Speech API, til dømes Chrome.