Barnehagelærarar med master: - Vi må ha ein plan for å rekruttere og behalde dei

Ein kvinneleg barnehagelærar sit ute saman med tre barn.

Kort oppsummert

  • Masterutdanning gir barnehagelærarar djupare innsikt i pedagogikk og barnehagens kompleksitet, meir aktivt fagspråk og sterkare profesjonsidentitet, utan å skape avstand til praksis. 
  • Barnehageeigarar ønsker denne kompetansen og ser ho som viktig for kvalitet i barnehagen, men det er ulikt korleis dei jobbar for å rekruttere og behalde barnehagelærarar med master.
  • Barnehageeigarar er ofte usikre på eige handlingsrom og ansvar, mellom anna fordi dei står i ein mellomposisjon mellom juridiske eigarar og styrarar.
  • Det trengst ein tydeleg plan for rolla til masterutdanna barnehagelærarar, samt verkemiddel for å rekruttere og behalde dei, for å sikre eit likeverdig barnehagetilbod der kompetansen faktisk blir brukt.

Delar av Kort oppsummert er laga ved hjelp av SIKT-KI. Teksten er kvalitetssikra av OsloMet. 

Stadig fleire barnehagelærarar tar ei masterutdanning, ei utvikling som er ønskt frå politisk hald (Kunnskapsdepartementet 2023). Men kva betyr ei masterutdanning for yrkesutøvinga deira? 

– Barnehagelærarar med masterutdanning seier det gir dei djupare kunnskap, ei anna forståing for kompleksiteten til barnehagen, og større tryggleik til å stå i det usikre, seier Kristina Axelsen Ivarson, universitetslektor ved OsloMet.

– Dette endrar også kven dei er i møte med barna.

I avhandlinga si intervjua Ivarson elleve barnehagelærarar og seks representantar for barnehageeigarar.

Auka teoretisk kunnskap gir ikkje avstand, men nærleik

Ho fortel at barnehagelærarane med master får ein styrkt lojalitet til barna.

– Funna tyder på at auka teoretisk kompetanse ikkje gir avstand til praksis, men heller kanskje tvert imot nærleik til det pedagogiske arbeidet i barnehagen. 

Dessutan bidrar masterutdanning til å legitimere barnehagelæraryrket som profesjon, meiner ho.

– Masterutdanninga gjer at barnehagelærarane får eit meir aktivt fagspråk. Det kan bidra til å synleggjere spesialistkunnskapen til barnehagelærarprofesjonen, som igjen kan styrke og legitimere profesjonen. 

Barnehageeigarar: gap mellom ambisjonar og tiltak

Representantane for barnehageeigarar Ivarson intervjua, seier dei ønsker og treng kunnskapen og kompetansen til masterutdanna barnehagelærarar i barnehagane. 

– Dette heng både saman med ansvaret til barnehageeigarane for kvaliteten i barnehagen, og med styring på nasjonalt nivå, for eksempel strategiane til regjeringa, seier Ivarson.

Ei kvinne står foran ein grå murvegg.

– Auka teoretisk kompetanse gir ikkje avstand til praksis, men heller kanskje tvert imot nærleik til det pedagogiske arbeidet i barnehagen, seier Kristina Axelsen Ivarson. Foto: Siv Tonje S. Håkensen

Likevel er det ulikt korleis barnehageeigarane jobbar for å rekruttere og behalde barnehagelærarar med masterutdanning i barnehagen. Det varierer også om dei har moglegheit for å tilby høgare lønn for høgare utdanning, eller eigne stillingstitlar for dei med masterutdanning. 

– Fleire barnehageeigarar peikar på eit dilemma mellom ønskt kompetanse i barnehagen og moglegheitene system og rammer gir dei, seier Ivarson. 

Forskinga hennar viser at sjølv om barnehageeigarar har ambisjonar om å ta i bruk kompetansen til dei masterutdanna, er dei ofte usikre på kva handlingsrom og kva ansvar dei har. Dette heng saman med at barnehageeigarar gjerne er i ein mellomposisjon mellom dei juridiske eigarane av barnehagane, og styrarane i barnehagen.

Trengst ein tydelegare plan

Ivarson meiner funna peikar på at det trengst ein tydelegare plan for dei masterutdanna barnehagelærarane i barnehagen.

– Vi ønsker eit likeverdig barnehagetilbod for alle barn. Når det blir tilfeldig kven som bruker kompetansen til dei med masterutdanning og ikkje, er det uheldig, seier ho.

– Vi veit frå forsking at kompetansen til tilsette er det viktigaste for kvalitet i barnehagen. Derfor må vi avklare kva slags rolle dei masterutdanna skal ha i barnehagen. Det trengst også verkemiddel for å rekruttere dei, og behalde kompetansen deira i barnehagen.

Referansar

Ivarson, K. A. (2025). Barnehagelærere med masterutdanning. En kvalitativ studie om hva barnehagelærere med en barnehagefaglig masterutdanning kan bety for barnehagelærerprofesjonen og barnehagen. Doktorgradsavhandling, OsloMet – storbyuniversitetet

Kunnskapsdepartementet (2023). Barnehagen for en ny tid: Nasjonal barnehagestrategi mot 2030 (regjeringen.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Mannlig barnehaglærer hjelper en liten gutt som bygger en figur.
Barnehagelærere med masterutdanning: Blir tryggere og stiller kritiske spørsmål

Barnehagelærere med masterutdanning blir faglig trygge og ser ting på nye måter, viser et forskningsprosjekt. Men er barnehagene rigget for å få utbytte av kompetansen deres?

Nærbilde av et lite barn med smekke som spiser med skje.
Hvordan gjøre barnehagematen bra?

OsloMet-forsker Kristin Fjæra har undersøkt hva som skaper gode og sunne barnehagemåltider. Hun er overrasket over at det noe helt annet enn matbudsjettet som har størst betydning.

barnehagelærer arbeider med barn rundt ett bord
Hvordan forberede barn til skolestart? Barnehagelærere i krysspress

Barnehagelærerne synes det er vanskelig å møte kravene som myndighetene stiller til «skoleklare» barn.

Ung gut støttar hovudet med armen ved ein pult.
Forskarar peikar på tre tiltak for å gjere skulen meir praktisk

191 millionar er sette av til innkjøp av utstyr for å få meir praktisk læring og leik frå 1.-10. trinn. Dette er oppfordringane frå skuleforskarane.

Publisert: 24.03.2026
Sist oppdatert: 25.03.2026
Tekst: Siv Tonje S. Håkensen
Foto: Benjamin A. Ward / OsloMet