Éin lærar og altfor mange elevar – kva skjer med dei praktiske ferdigheitene?

hendene til elev som sagar ei fjøl feste til ein benk, med sag.

Kort oppsummert

  • Store elevgrupper i kunst og handverk med berre éin lærar har vorte vanleg, og kan føre til mindre praktisk arbeid, smalare faginnhald og mindre utforsking, fordi læraren må prioritere tryggleik og enklare oppgåver.
  • Resultatet kan bli dårlegare praktiske ferdigheiter og øving i finmotorikk.
  • Overgangen frå nasjonale normer til lokale vurderingar har skapt store skilnader mellom skular og uklare grenser for kva som er pedagogisk forsvarleg.
  • Mindre grupper og fleire lærarar med fagkompetanse kan gje betre praktisk undervisning.

Kort oppsummert er delvis laga ved hjelp av ChatGPT. Teksta er kvalitetssikra av OsloMet. 

OsloMet-stipendiat Bibbi Omtveit presenterer forskingsresultat som viser svært store variasjonar i gruppestorleik i kunst og handverk, og at lærarar ofte underviser åleine i dette faget, uavhengig av kor mange elevar dei har.

Då blir det mindre praktisk arbeid, smalare faginnhald og meir omsyn til tryggleik enn til elevane si utforsking av faget.

Resultatet kan bli dårlegare praktiske ferdigheiter, mindre utforsking og mindre læring blant elevane.

Fakta om undersøkinga

  • 910 lærarar i kunst og handverk svara på undersøkinga.
  • Lærarane var tilsett ved skular i 63 prosent av landets kommunar. Minst 20 prosent av skulane i landet er med.
  • Lærarane svara på spørsmål om gruppestorleik i kunst og handverk. Dei svara per klassetrinn.

Frå faste normer til lokale vurderingar

Tidlegare fanst det klare nasjonale tilrådingar. I Normalplanen frå 1939 vart det tilrådd grupper på rundt 15 elevar i sløyd og handarbeid, både av omsyn til kvalitet og tryggleik.

I dag er ansvaret i stor grad flytta lokalt. Sidan 2003 har regelen vore at grupper ikkje skal vere større enn det som er «trygt og pedagogisk  forsvarleg».

– Problemet er at dette er eit ope omgrep. Det finst få konkrete kriterium for kva som er pedagogisk forsvarleg, seier Omtveit.

Du må kanskje droppe sløyden

Forskinga viser at rundt 60 prosent av gruppene har 16 elevar eller fleire.

Når gruppene blir store, endrar undervisninga seg:

– Når du har 26 elevar i eit rom som er laga for 15, må du tilpasse. Nokre gonger betyr det at du må droppe sløyden heilt, seier Omtveit.

I staden for praktisk arbeid i til dømes sløyd, kan undervisninga bli flytta over til todimensjonale oppgåver, som teikning på papir.

Mindre tid til kvar elev

Praktiske fag krev tett oppfølging om elevane skal bruke verktøy, utvikle idear og lage konkrete produkt.

– Det krev tid til den enkelte. Den tida har du ikkje når gruppa er for stor.
Tryggleik blir også ein avgjerande faktor. I verkstader kan verktøy utgjere ein risiko dersom elevane ikkje blir følgde godt nok opp.

Kompetanse og fleire lærarar gir betre undervisning

Undervisninga fungerer best når det er éin lærar på ei mindre elevgruppe eller to lærarar med fagkompetanse på ei klasse, og moglegheit for å dele gruppa.

Assistentar utan fagbakgrunn har derimot ofte avgrensa effekt.

Samtidig veit vi også at rundt halvparten av lærarane i faget manglar formell utdanning i kunst og handverk, og det er ei stor utfordring.

Store forskjellar mellom skular

Når ansvaret for gruppestorleik og ressursbruk ligg lokalt, blir forskjellane store.

Lærarar melder lettare avvik knytt til tryggleik enn til pedagogisk kvalitet. Mange er usikre på kvar grensa går for det som er pedagogisk forsvarleg.

– Kva er eigentleg pedagogisk uforsvarleg? Det er vanskelegare å definere, seier Omtveit.

Kan svekke praktiske ferdigheiter

Læreplanen legg vekt på handverksferdigheiter, utforsking og skapande arbeid. Desse arbeidsmåtane krev små nok grupper og tett rettleiing.

Når rammene varierer, får elevane også ulikt utbyte av faget.

– Spørsmålet er kva dette gjer med moglegheitene for fordjuping og utvikling av ferdigheiter, seier Omtveit.

Ho peikar på at det kan føre til mindre øving i finmotorikk og praktiske ferdigheiter, og meir stillesitjing for elevane.

Behov for meir kunnskap

Omtveit etterlyser meir forsking på korleis gruppestorleik påverkar undervisning der praktisk skapande arbeid står i sentrum.

– Vi treng å sjå nærare på kva som faktisk skjer i klasserom og verkstader, og kva som ligg bak avgjerdene som blir tekne lokalt, seier ho.

Referanse

Bibbi Omtveit: Gruppestørrelse og lærertetthet i grunnskolefaget kunst og håndverk. Departementets anbefalinger og reguleringer i årene 1939-2020. Techne Serien - Forskning i slöjdpedagogik och slöjdvetenskap, 32(2), 52–69 (journals.oslomet.no). 

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Hender som jobber med høvel på en trefjøl.
Mange elever kan ikke bruke verktøy

Mange elever vet ikke hva en høvel er, og enda færre kan bruke den. Manglende kompetanse, store klasser og lite penger har ført til at færre lærer tresløyd.

Publisert: 07.04.2026
Sist oppdatert: 07.04.2026
Tekst: Olav-Johan Øye
Foto: Sigrid Nordvik