Fastlegen set heller nyttige enn rette diagnosar

Illustrasjonsbilde av lege og pasient.

Nesten ein tredel av pasientane har tilstandar medisinen ikkje kan forklara. Slike tilstandar blir gjerne omtalte som diffuse lidingar.

Når fastlegen ikkje veit kva det er pasientane har, korleis bestemmer dei seg då for ein diagnose?

Dette var sosiolog Erik Børve Rasmussen ved OsloMet interessert i å finna ut av. Han intervjua difor grupper av fastlegar om korleis dei tek omsyn til desse lidingane, som også blir medisinsk uforklarte plager kalla og sjukdommar (MUPS). MUPS er altså eit samleomgrep for tilstandar legane ikkje har nokon formelt anerkjent forklaring på.

Roteskuffe for diagnosane

Felles for desse tilstandane er at pasientane opplever plager og symptom, utan at legen finn såkalla objektive sjukdomsteikn ved hjelp av blodprøver, røntgen eller MR.

– Pasientane er ofte slitne, utmatta, eller har vondt i musklar eller ledd, men legen har ingen sterke medisinske grunnar for å velja éin diagnose framfor ein annan, fortel Erik Børve Rasmussen.

Han er stipendiat ved Senter for profesjonsstudium ved OsloMet – storbyuniversitetet, og forskar på korleis fastlegar set diagnosar, med utgangspunkt i dei plagene og sjukdommane som er medisinsk uforklarte.

– Du kan seia at dette er ei roteskuffe, der dei tilstandane som ikkje passar inn elles i systemet blir plassert, seier Rasmussen.

Døme på desse uforklarte plagene eller sjukdommane er fibromyalgi, irritabel tarmsyndrom, ME og kronisk utmattingssyndrom. Men Rasmussen understrekar at det er stor usemje om kva tilstandar som faktisk bør reknast som medisinsk uforklarte.

Vektlegg konsekvensane

Rasmussen fann at fastlegane bruker diagnosane for å få ting til å skje, anten for å få pasienten til å kjenna seg vel eller for å få Nav til å gi visse ytingar.

– Med andre ord er ikkje diagnosen eit svar på kva som feilar pasienten, men ein reiskap legen bruker for å hjelpa pasienten, understrekar Rasmussen.

Legane er opptekne av kva konsekvensar dei trur diagnosane får, og vel diagnose basert på dette. Dei er gjerne usamde om kva diagnosar som fungerer til kva. Dei er alle opptekne av kva det å velja den eine eller den andre diagnosen fører til.

– Denne praksisen er stikk i strid med korleis me normalt tenkjer at diagnosar blir brukte innan medisin, konkluderer Rasmussen.

Diagnosar som døropnar i Nav-systemet

Rasmussen fortel at denne måten å bruka diagnosar på er på kant med den formelle arbeidsdelinga mellom Nav og helsevesenet. Fastlegen skal i utgangspunktet stilla diagnosen ut frå kva pasienten har, ikkje ut frå kva yting det skal utgjera.

– Ein kan argumentera for at det legane gjer er problematisk, og eit brot på portrolla dei har i den norske velferdsstaten.

– På den andre sida er denne praksisen eit uttrykk for omsorg for pasientar som fell mellom to stolar i byråkratiet, påpeikar Rasmussen.

Han trur at mange nok vil reagera på dette og meina at det legane gjer er gale.

– Men det går òg an å tenkja at det er noko gale med forventningane våre til medisinfaget i praksis, seier Rasmussen.

Han understrekar at legane han har intervjua var opptekne av å ikkje lyga.

– Dei set ikkje diagnosar som openbert er galne. Det er heller sånn at ingen diagnosar er openbert rette, og difor vel fastlegane den dei trur gir best utfall, fortel Rasmussen.

Sjokk for nyutdanna legar

Som pasientar har me nok litt andre forventningar til korleis legar bør opptre, og korleis diagnosar bør setjast. Me har ein idé om medisin som objektiv, teknisk og vitskapleg.

– Dette gjeld ikkje berre oss pasientar. Mange fastlegar får òg eit stort sjokk når dei kjem rett frå medisinstudiet til stillinga som fastlege, fortel Rasmussen.

– Ein fastlege eg snakka med kalla overgangen frå skulebenk til praksis for eit postmodernistisk sjokk. Som nyutdanna legar forventar dei ei meir ordna verd enn den dei faktisk møtar, seier Rasmussen.

Mange fastlegar sluttar etter kort tid, og ein grunn til dette kan vera at den biomedisinsk orienterte utdanninga dei har teke ikkje førebur dei godt nok på den rotete røynda dei skal ut i som fastlegar, avsluttar Erik Børve Rasmussen.

Referansar

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på hioa.no/vitenogpraksis 18.04.2018.

Laster inn ...
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 11.07.2023
Tekst: Elise Koppang Frøjd
Foto: Maskot / NTB Scanpix

Relatert forsking

Gutt som ser inn i kameraet med en annen gutt som  skimtes uskarpt i bakgrunnen.
Mindre framtidsoptimisme blant ungdom

Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka.

Putekrig
Meiner småbarn har godt av litt lekeslåssing

Det er leik som er bra for barna, sjølv om det kan enda med gråt, meiner forskar.

Glassgate, arkitektur
– Konflikter må håndteres tidlig

Når følelser trigges blir konflikter vanskelige.

Fire personar som står på ei scene og som har på seg gammaldagse kostyme.
Ver obs på desse formene for mobbing

Forsking frå OsloMet viser korleis mobbing kan oppstå i grupper.

Skjærebrett med tomater som noen kutter med kniv samt agurkskiver
Vi spiser ikke mindre kjøtt for miljøets skyld

Svært få av oss er villige til å legge om livsstilen for miljøets skyld.

Notater om matlaging i perm og en penn som ligger oppå et av arkene.
Unge kvinner får i seg for lite jod

Hver tredje unge kvinne har kritisk lave jodnivåer.