Som arbeidstakar har ein ofte ei klar og tydeleg stillingsbeskriving, som seier noko om ansvarsområde og oppgåver som skal utførast. Likevel, etter nokre år i same jobb, ønsker mange arbeidstakarar seg nye eller annleis oppgåver.
Det er her jobbpynting kjem inn.
– Jobbpynting er ein prosess som begynner når ein ønsker å gjere jobben sin litt meir givande og viktigare , seier Hans Christoffer Aargaard Terjesen.
Terjesen er forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI. Han forklarer at jobbpynting handlar om at tilsette bevisst eller ubevisst set i gang prosessar for å endre eller ta på seg andre arbeidsoppgåver og ansvar.
– Høyr med Bjørnar
Terjesen bruker eit eksempel frå eit besøk i ein trevarehandel.
– Tenk at du har eit prosjekt i hagen der du skal legge ny platting. Du manglar ein del utstyr og køyrer til din nærmaste byggevarehandel.
Når du kjem inn i butikken spør du den første medarbeidaren du ser om hjelp.
– Då kan svaret du får vere: «Snakk med Bjørnar. Han er ekspert på platting her», seier Terjesen.
Som kunde stussar du kanskje over at dei andre ikkje kunne hjelpe deg. Er ikkje platting noko alle som jobbar i ein trelasthandel bør kunne hjelpe med?
– Samtidig veit vi jo heller ikkje om dette faktisk er spesialfeltet hans, eller om det rett og slett har blitt slik i butikken fordi kollegaene hans helst vil sleppe unna platting-prat, fordi dei blir galne av å gi råd om dette til folk med ti tommeltottar, mens Bjørnar lever og andar for det, seier Terjesen.
Ikkje alltid ein ønsker plattingkongar
Ei slik ordning kan vere fint for Bjørnar og behageleg for kollegaene hans.
– Men om det allereie står tre personar framfor deg i kø hos Bjørnar, og dei andre tilsette tilsynelatande ikkje har så mykje å gjere, kan denne praksisen fort ramme butikken, forklarer Terjesen.
I så fall burde nok leiaren i byggevarebutikken sørge for at det ikkje berre er Bjørnar som får vere konge over platting i butikken.
Gjer jobben viktigare – i alle fall på papiret
– Med jobbpynting gjer tilsette jobben sin litt viktigare enn den er. I alle fall på papiret, forklarer Terjesen.
Mange har opplevd kollegaer som gjer seg til ekspertar eller spesialistar på jobben – gjerne innanfor eit område som ikkje var ein del av dei opphavlege oppgåvene. Kollegaer kan også forsterke denne prosessen.
Greitt så lenge leiinga er med
– Jobbpynting kan berre aksepteres så lenge det er innanfor akseptgrensa til leiinga, seier Terjesen.
Han trur dei fleste arbeidstakarar kjem til å drive med jobbpynting i løpet av karrieren – noko han også fann dokumentert i ein kunnskapsgjennomgang han gjennomførte i fjor - og at det ofte er positivt.
– Det gjer jobben morosamare og meir spennande. Vi kjenner oss kanskje litt høgare og mørkare, men vi må ikkje la det ta heilt over heller, seier han.
Dei fleste leiarar synest det er greitt at tilsette driv med jobbpynting – så lenge det ikkje går ut over kjerneoppgåvene dei er tilsett for å utføre.
Når reagerer leiarar?
– Om leiarar opplever at tilsette blir ekspertar godt utanfor tiltenkte arbeidsoppgåver, kan det bli eit problem. Når jobbpyntinga kjem i vegen for å løyse oppgåvene ein eigentleg skulle – eller at det kjem i vegen for at organisasjonen effektivt får løyst oppgåvene sine som i eksempelet med Bjørnar, vel då har ofte pyntinga gått over styr, seier Terjesen.
Han understrekar likevel at jobbpynting som oftast er positivt, og at leiarar som ikkje nødvendigvis bør reagere viss alle vinn på at det skjer.
Jobbpyntinga kan vere med på å gi ein ekstra dimensjon som gjer det motiverande å vere på jobb– Hans Christoffer Aargaard Terjesen
Utfordringane oppstår når det utviklar seg «småkongar» eller «smådronningar» på arbeidsplassen – personar som rugar på eit ansvarsområde og ikkje vil sleppe andre til, eller som gjer ting unødvendig byråkratiske og vanskelege.
Dette kan bli hovudbry for leiarar.
– Lederne må då vurdere kor stort «herredømmet» kan bli, og kor mykje som er ok. Generelt er det stort sett greitt.
Vanleg blant eldre arbeidstakarar
Eldre arbeidstakarar som har stått lenge i same stilling kan også ha behov for å forme om jobben sin.
– Jobbpyntinga er ikkje einast noko vi gjer tidleg i karrieren, men er noko som alle gjer i alle fasar av karrieren,noko som fortel oss at dette er fenomen som leiarar bør behandle med klokskap, avrundar Terjesen.
Om rapporten
- Forskar Hans Christoffer Aargaard Terjesen har på oppdrag for Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv skrive rapporten "Fra hvorfor til hvordan. Aldersbevisst ledelse - hva innebærer det?", som har som formål å undersøke korleis leiingsteori kan knytast til spørsmål om aldring i arbeidslivet, og å bidra til utvikling av praksis og forskingsperspektiv for aldersvennleg leiing.
- Rapporten bygger på eit systematisk, fagfellevurdert litteratursøk som dekker forsking frå Noreg (2015–2025), med utvidingar til Sverige, Danmark og Finland, og dessutan nordiske søkeord.
Referanse
Hans Christoffer Aargaard Terjesen 2025: «Frå kvifor til korleis: Aldersbevisst leiing – kva inneber det?» (nva.no).