Kan gamle skuter gi Kyst-Noreg eit nytt økonomisk oppsving?

Uthamn i Merdø i Agder, kystripe med kvite og raude hus langs sjøen med ein brun trebåt som ligg fortøydd til ei bryggje.

Noreg er rik på kulturminne som kan bli lønnsame for distrikta. Dersom kulturminne blir rett brukte, kan dei by på meir enn berre nostalgiske minne, meiner Holm.

Det betyr til dømes at kulturminnet blir ein attraktiv stad for turistar å besøkja. Det kan gi grobotn til nye service-næringar, og samtidig bidra til å gjera lokalsamfunn til betre stader å bu.

Kulturarv bidreg i samfunnsutviklinga

Holm er forskar ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR på OsloMet. Saman med kollega Gro Sandkjær Hanssen har han gjennomført eit prosjekt på oppdrag frå Riksantikvaren, der dei undersøkjer korleis kulturarv og -miljø kan bli ein ressurs i utviklinga av lokalsamfunn.

Kulturbaserte utviklingsprosjekt kan til dømes vera prosjekt som tek utgangspunkt i kulturarv eller -miljø, og som ønskjer å skapa noko nytt med det som utgangspunkt. Det kan til dømes vera eit opplevingssenter eller eit årleg kulturarrangement.

Bakgrunnen for prosjektet er at fylkeskommunane dei seinare åra har fått auka ansvar for samfunnsutviklinga. Det inneber også å leggja til rette for fleire arbeidsplassar, vekst og busetjing i distrikta. Der kan kulturmiljø spela ei sentral rolle.

– Men for at kulturmiljøa faktisk skal bidra til samfunnsutvikling, er det nokon premissar og føresetnader som bør vera på plass, for å letta arbeidet, seier Holm.

Definisjon kulturmiljø og samfunnsutvikling

Kulturmiljø er eit område der kulturminne er ein del av ein større samanheng, til dømes eit bustadområde, eit fiskevêr eller eit område i ein by. Omgrepet kulturmiljø er dei seinare åra i aukande grad brukt i offentleg forvaltning. I stortingsmeldinga «Nye mål i kulturmiljøpolitikken» (2019–2020) vart omgrepet innført som eit samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap.

Samfunnsutviklarrolla frå fylkeskommunane handlar om korleis dei kan arbeida heilskapleg med mellom anna klima og miljø, folkehelse, kompetanse, kultur, ressursforvaltning, samferdsel og næringsutvikling.

Ein større samfunnsutviklar rolle kan til dømes innebera at kulturmiljøprosjekt bidreg til:

  • Arbeid
  • Næring
  • Miljø
  • Stadsutvikling
  • Lokalsamfunn
  • Deltaking
  • Livskvalitet og folkehelse

Modell for kulturutvikling

Det gjeld i stor grad korleis kommunen og fylkeskommunen jobbar.

Forskarane har, basert på prosjektet og i samarbeid med Riksantikvaren, laga ein modell som viser korleis offentlege styresmakter kan leggja til rette for at prosjekt med utgangspunkt i kulturarv, kan bli både lønnsame og utviklande for distriktet.

Ambisjonen med modellen er å synleggjera korleis fylket eller kommunen i større grad kan jobba meir formålstenleg for å inkludera kulturarv som ein ressurs i samfunnsutviklinga.

– Kommunane har ei viktig rolle. For at kulturarvprosjekt skal ha ein samfunnsøkonomisk effekt, må dei samarbeide og skapa eit breitt nettverk lokalt, seier Holm.

Målet er at modellen skal inspirera til fleire verdiskapingsprosjekt, rettleia samarbeid og koordinering av verkemiddel. Modellen skal også gjera det enklare å samanlikna og evaluera ulike prosjekttilnærmingar.

Modellen består av fem faser:

  1. Å legge strategiske planar og bli samde om ei politisk retning for prosjektet: Dette bidreg til forankring og mobiliserer for godt samspel mellom aktørar og verkemiddel.
  2. Å sørgja for god tilrettelegging: Denne fasen skal operasjonalisera og etter behov presisera politiske retning og sørgja for ein god start på utviklingsarbeidet.
  3. Å sørgja for verdiskaping: Denne fasen inkluderer mange ulike tiltak, som til dømes å etablere partnarskap og forpliktande avtalar, og å koordinere offentlege og private verkemiddel og innsats.
  4. Å måla resultater og effektar: Å identifisera og dokumentera resultat og effektar av kulturmiljøbasert utviklingsarbeid er kompliserte, men kan mellom anna målast i form av attraktive bu- og leveområde i lokalsamfunn, auka arbeidsplassar og eigedomsverdiar, og berekraftig forvaltning av kulturmiljø.
  5. Å lære av prosessen: Kunnskapsutvikling og læring om sjølve prosessen er sentralt i verdiskapingsarbeidet, til dømes læring om aktørsamarbeid og samskaping, og om ulike verkemiddel.

– Viss ein følgjer opp særleg dei tre første fasane i modellen vår, legg ein betre til rette for å få gode resultat. Ikkje berre ved å bevara sjølve kulturminnet, men også ved å skapa økonomisk lønnsemd i lokalsamfunnet, seier Holm.

Seglar opp som ny-aktuelle

Modellen vart utarbeidd med inspirasjon frå kulturmiljø-prosjekt i Agder, daverande Viken og Møre og Romsdal. Eit døme Holm trekkjer fram er kulturmiljøprosjektet «Uthamner i Verdsklasse» i Agder.

Uthamnene stammar frå seglskutetida, frå år 1650 – 1900. Store skuter var den viktigaste måten å frakta varer og folk frå land til land, men på grunn av storleiken sin, kunne dei ikkje gå heilt inn til fastland. Dei var nøydde til å leggja til der det var djupt nok. Uthamnene var dei ytste ankringspunkta i skjergarden. Der utvikla det seg eigne lokalsamfunn baserte på sjømannskap, losing og ulike servicetilbod til skip og sjøfolk.

I Agder ligg uthamnene som perler på ei snor langs kysten. Dei var ein viktig del av den europeiske sjø-infrastrukturen.

– Uthamnene representerer ein enorm attraksjon. Å sikra og verna uthamnene, har i eit større perspektiv ei utruleg stor samfunnsøkonomisk nytte, både for Agder og for Noreg, seier Holm.

Det er derfor viktig at dei blir utvikla på ein god måte.

Portrettbilete av forskar Arne Holm som ser i kamera.

Viktig samarbeid

Politikarane i Agder har vedteke ein strategi for uthamnene. Dei har også oppretta eit eige utviklingsprosjekt, som involverer fleire regionale aktørar, til dømes museum, reiseselskap og lokale historielag.

– Utviklingsarbeidet har fått stor politisk merksemd over lang tid i Agder. Det har vore viktig for framdrifta og legitimiteten for prosjektet, seier Holm.

Organisasjonar, lag eller andre aktørar kan søkja om støtte til bevaring eller utvikling av ulike delar av uthamnene. Bygningar og fartøy er til dømes sette i stand gjennom tilskot frå fylkeskommunen og Kulturminnefondet.

– Det er viktig å sjå vern av kulturmiljø i samanheng med omgivnadene, for å synleggjera den samfunnsøkonomiske nytta for prosjektet lokalt og regionalt, og samtidig skapa entusiasme og bruk, seier Holm.

Fylkeskommunen følgjer opp tilskotsmottakarar og andre interesserte aktørar i eit nettverk dei kallar «Innanskjers». Der møtest mellom anna turistinformasjonen Visit Sørlandet, regionale museum og frivillige lag og foreiningar.

– «Innanskjers» legg til rette for utveksling av kunnskap og erfaringar, og skal vera ein arena for å forplikta aktørane til å jobba vidare med å utvikla opplevingar som kan gi fleire besøkjande i uthamnene, seier Holm.

Eg håpar me kan fylla ein funksjon som rettleiar og handbok i korleis leggja til rette for godt kulturminnevern. – Arne Holm

Må få eigarane med

Kulturminne er ikkje nødvendigvis eigde av stat eller kommune, dei er ofte eigde av private. Fleire av dei gamle husa i uthamnene i Agder, til dømes, er i privat eige i dag.

– Ei gjennomgåande utfordring innanfor kulturminnevern er å få eigarane til å sjå verdien i bevaring og utvikling. Derfor er det viktig frå kommunens side å synleggjera kva verdi og nytte kulturminnevern har, både for eigar og for lokalsamfunnet, seier Holm.

I uthamn-prosjektet har dei mellom anna lagt vekt på kompetanseheving, utarbeidd rettleiarar og nye reguleringsplanar i fleire av uthamnene.

Og sjølv om husa i uthamnene i stor grad er i privat eige, har politikarane gitt tydelege føringar for kva som er lov og ikkje lov å gjera med husa og det tilhøyrande kulturmiljøet.

På den måten blir uthamnene sikra over tid.

– Viss me ikkje gjer det, mistar uthamnene særprega. Då kjem ikkje folk lenger dit for å oppleva stader som Merdø og Lyngør, seier Holm.

Handbok i kulturminnevern

Fylkeskommunen har også samarbeidd tett med Visit Sørlandet om ein utvida besøkssesong og fleire berekraftige besøksopplevingar i uthamnene. Nært samarbeid med frivillige kystlag og velforeiningar har ført til auka merksemd i lokalsamfunna.

Både aktiviteten i seg sjølv, og resultata i form av fleire besøkjande og meir merksemd, bidreg i sum til regional verdiskaping, og til målet om etablering av ei europeisk kulturrute langs kysten fortel Holm.

– Det aukar også attraktiviteten til stadene i seg sjølv – både som stader å besøkja, men også som stader å bu. Han legger til at:

– Modellen vår er meint å vera til hjelp for kommunar og fylke i deira arbeid for å sikra ei berekraftig utvikling av kulturminne. Eg håpar me kan fylla ein funksjon som rettleiar og handbok i korleis leggja til rette for godt kulturminnevern.

Studien er ein del av samarbeidsprosjektet «Kulturmiljø i lokale og regionale utviklingsprosessar». Les meir om modellen i rapporten: Kulturmiljø som innsatsfaktor i lokal og regional utvikling. Ein modell for bevaring og utvikling (oda.oslomet.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Ei dokke som ser ut som personen på måleriet Skrik av Edvard Munch står i eit vindauge i eit kvitt trehus vend ut mot gata utanfor.
160 år med Edvard Munch: Skrikande aktuell

Verdien av Edvard Munchs kunstnarskap er meir enn inntektene til eit par museum i Oslo.

Småbyen Kristiansund i Møre og Romsdal sett frå sjøen med bustad hus og kyrkje, blå himmel og kvite skyer.
– Mindre byar er ryggrada i Distrikts-Noreg

Noreg er eit av landa i Europa med høgast del personar som bur i småbyar. Likevel får dei mindre byane lite merksemd.

Publisert: 11.04.2024
Sist oppdatert: 11.04.2024
Tekst: Kristin Horn Talgø | Tone Thorgrimsen
Foto: Canva