160 år med Edvard Munch: Skrikande aktuell

Ei dokke som ser ut som personen på måleriet Skrik av Edvard Munch står i eit vindauge i eit kvitt trehus vend ut mot gata utanfor.

Edvard Munch budde lange periodar av sitt liv i Åsgårdstrand. Han brukte den buktande kystlinja i Åsgårdstrand, lyset, mørke, skuggane til å uttrykkja det melankolske i menneskesinnet og sjalusi. Det har sett den vesle Vestfold-staden på kartet i tiår.

160 års jubileum

12. desember 2023 er det 160 år sidan kunstnaren Edvard Munch vart fødd. Kunsten lever i beste velgåande. Munchs kunstnarskap held fram med å byggja stoltheit og identitet, ikkje berre på Munchmuseet og Nasjonalmuseet, men vel så mykje på dei stadene han var tilknytt.

– Munch er meir enn måleria han etterlét seg. Han vart - og er framleis - ein viktig del av identiteten, og ein eigen attraksjon, i dei kommunane der han levde og hadde ei tilknyting, seier Arne Holm.

Holm er forskar ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR på universitetet OsloMet.

Han har undersøkt betydninga av Munchs kunstnarskap for dei stadene han hadde ei tilknyting, saman med Maya Nielsen ved Munchnettverket og Solfrid Sakkariassen ved Munchs hus, Vestfoldmusea. Prosjektet vart finansiert av Viken regionale forskingsfond.

Melankoli opplevast heilt annleis ein sommarkveld ved stranda i Åsgårdstrand, enn på eit museum, der verket hengjer side om side med andre kunstverk. – Arne Holm
Portrettbilete av NIBR-forskar Arne Holm med langt hår og skjegg som ser i kamera og smiler.

Fleire kommunar ser eit potensiale for verdiskaping i Edvard Munch. Åsgårdstrand er ein av dei.

– Mange har satsing på Munch som eit prioritert felt for kulturpolitikken til kommunen, seier Holm.

Jo sterkare tilknyting til Munch, og då helst i form av ein konkret bustad, som i tilfellet med Åsgårdstrand, jo større er potensiale for verdiskaping.

Byggjer intern stoltheit

– På ein stad som Åsgårdstrand er Munch den største attraksjonen. Munch er det som skil Åsgårdstrand frå andre idylliske små trehusbyar langs norskekysten, seier Holm.

Munch trekkjer mange besøkjande til byen.

– På den måten er Munchs kunstnarskap med på å gi verdiskaping til kommunen. Både gjennom å trekkja besøkjande dit, men også ved å profilera det som ein viktig del av identiteten og kulturpolitikken til kommunen, seier Holm.

Som det heiter i Horten kommunes kulturplan for 2020-2024:

«Munch er ein del av Hortens identitet som me med stoltheit skal visa fram.»

Munchs tilknyting er med på å «byggja intern stoltheit i Åsgårdstrand», seier ein av informantane til Holm.

Om prosjektet

  • Prosjektet har sett på kommunar målaren Edvard Munch hadde ei tett tilknyting til, anten ved å ha bustad der, eller gjennom tett familiær tilknyting, med spesielt søkjelys på kommunar i Viken.
  • Forskarane har også sett på verdiskaping og forankring frå kommunanes side, kulturaktørars side og nærings- eller reiselivsaktørars side.
  • I tillegg baserer prosjektet seg på kommunale plandokument, der Munch er ein del av den kommunale kulturpolitikken i fleire kommunar.

Stemningsfulle stader

Det er likevel ikkje nok å ha ein synleg referanse til Munch for å ha eit verdiskapande konsept. Engasjement frå kommunen er avgjerande.

I tillegg er det viktig å byggja ein formidlingsstrategi som kan levandegjera koplinga til Munch og kunstnarskapet hans.

– Dette kan handla om heile pakkar av opplevingar, som me mellom anna finn i Åsgårdstrand. Det bidreg til å levandegjera både Munch som person, kunsten hans og ikkje minst betydninga staden hadde for Munchs kunstnarskap, seier Holm.

I Åsgårdstrand tilbyr kommunen alt frå besøk i heimen hans, undervisningstiltak for barn og unge og skilta rundar til besøkssenter der ein kan læra meir om Munch.

Sommarkveld i Åsgårdstrand

Å få kunstnaren servert i meir naturlege omgivnader, som i Åsgårdstrand, gir også ei breiare kunstoppleving til publikum, meiner Holm.  

– Når du ser kunst på eit museum, får du kunst lausrive frå konteksten sin. Det er kunsten sjølv som blir det einaste meiningsberande. Men ved å besøkja stader Munch hadde ei tilknyting til, får me ta del i stadene og stemningar han sjølv brukte, og det gir ein heilt anna oppleving, seier Holm.

Slik oppdagar ein stadig nye sider ved Munch og kunsten hans.

– Melankoli opplevast heilt annleis ein sommarkveld ved stranda i Åsgårdstrand, enn på eit museum, der verket hengjer side om side med andre kunstverk, seier Holm.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Student som jobber med keramikk på et verksted
Å skape krever mot

Motstand og hindringer må til for å få til noe kreativt, ifølge professor og kunstner Arild Berg ved OsloMet.

Student tegner med blyant på tegneverkstedet på OsloMet.
Du må lære å feile for å bli kreativ

Frykt for å mislykkes og for høye forventninger blokkerer det kreative arbeidet.

Illustrasjonsbilde av to kunstnere som tegner på staffelier.
Hvorfor bør du tegne mer?

Å tegne gir en rekke fordeler også i voksen alder. Likevel gir de fleste opp tegningen i barndommen.