Kvinner og menn har ikkje ulike haldningar til sjukefråvær

Kvinne på ein sofa med eit krus ho held i begge hendene

Norske kvinner er meir sjukmelde enn menn. Trass i at årsakene til denne kjønnsforskjellen har blitt forska på i fleire tiår, så veit vi overraskande lite om kva faktorar som bidreg til dette fenomenet.

– Kjønnsbaserte haldningar og normer for sjukefråvær er ei populær forklaring på forskjellane, men vår studie konkluderer med at det ikkje er større sosial aksept for at kvinner er sjukmeldt enn menn, fortel stipendiat Gøril K. Løset ved NOVA, OsloMet.

Ho har saman med kollegaar skrive ein forskingsartikkel som blei publisert i det vitskaplege tidsskriftet PLOS ONE.

Ei uløyst gåte

Kvinner i Noreg har i overkant av 70 prosent høgare legemeldt sjukefråvær enn menn, ifølgje Statistisk sentralbyrå, men vi manglar kunnskap om kvifor det er slik.

Tidlegare forsking har fokusert på forklaringar som kan føre til at kvinner har fleire helseproblem eller er meir utsette for sjukdom og belastning enn menn. Forsking har vist at svangerskapsrelaterte plager og sjukdom ser ut til å kunne forklare om lag halvparten av kjønnsgapet i sjukefråværet for aldersgruppa 20–39 år.

Det er derimot lite forskingsmessig hald i at kvinner er meir sjukmeldt fordi dei har fleire forpliktingar på heimebane kombinert med jobb enn det menn har, eller at kvinner jamt over har meir helsebelastande yrke enn menn. Kjønnsforskjellen i sjukefråværet held dermed fram med å vere, så langt, i stor grad ei gåte.

Ulike haldningar og normer for sjukefråvær?

I debattane i det offentlege ordskiftet har mange teke til orde for at kvinner har meir tolerante haldningar til sjukefråvær enn menn, eller at det er meir sosialt akseptert for kvinner å vere sjukmeldt, og at dette kan forklare kjønnsforskjellane i sjukefråværet.

Ei oppfatning om at kvinner generelt tek ei større byrde av plikter relatert til heim og barn enn menn, samtidig som dei er yrkesaktive, kan til dømes utgjere ein lågare terskel for sjukefråvær i samfunnet for kvinner enn for menn.

At kvinner er rekna for å vere mindre konkurransedrivne enn menn kan også bety at kvinner, i større grad enn menn, vektlegg helsegevinsten ved sjukefråvær framfor den potensielle negative konsekvensen av sjukefråvær framfor karriere.

Desse antakingane er no undersøkte av forskarane i eit stort forskingsprosjekt ved NOVA finansiert av Noregs forskingsråd med Tale Hellevik som prosjektleiar.

– Vi laga ei eksperimentell spørjeskjemaundersøking der 900 kvinnelege og 900 mannlege arbeidstakarar deltok, fortel Hellevik.

Deltakarane fekk presentert ulike sjukefråværsscenario, og skulle svare på kor akseptabelt dei synest at legemeldt sjukefråvær er, gitt dei ulike scenarioa.

Eit døme frå studien:

«Alf jobbar som postbetjent. Han har vore forkjøla eit par vekers tid og har gått på jobb. No har han blitt tettare i nasen og er også plaga med hovudverk og ei kjensle av trykk over auga. Han har litt feber, og kjenner seg generelt i dårleg form. Alf har vore heime i tre dagar med eigenmelding, men synest at han treng meir tid før han kjem tilbake på jobb. Kor rimeleg eller urimeleg synest du det er at Alf får sjukmelding frå lege i denne situasjonen?»

Arbeidstakarane svarte på til saman 10 800 tilsvarande scenario der kjønn, yrke og helsesituasjon blei tilfeldig variert.

Studien var utforma på ein slik måte at forskarane kunne finne svar på om menn og kvinner generelt vurderer legemeldt sjukefråvær ulikt, og om vurderingane deira heng saman med kjønnet til personen som er skildra i scenarioet.

– Resultata frå studien tyder på at menn og kvinner generelt bedømmer sjukefråværet likt, fortel Hellevik. – Kvinner og menn har altså ikkje ulike haldningar til sjukefråvær.

Forskarane finn heller ikkje noko som tyder på at sjukefråværet blant kvinner blir vurdert annleis enn sjukefråværet blant menn. Norma for kva som er akseptabelt legemeldt sjukefråvær er med andre ord lik for kvinner og menn.

Utfordrar likestillinga i arbeidslivet

Det er eit paradoks at vi har så stor kjønnsforskjell i sjukefråværet i eit likestilt land som Noreg der deltakinga i arbeidslivet og utdanning, samt likestilling i omsorga for barn og husarbeid står i høgsetet.

Samtidig er ikkje eit kjønnsgap i sjukefråværet eit unikt, norsk fenomen, men noko vi ser i ei rekkje land i Europa som har ein høg del yrkesaktive kvinner.

Forskarane meiner at kjønnsforskjellen i sjukefråværet i seg sjølv er ei utfordring for likestilling i arbeidslivet. Samstundes kan myter og førestillingar om kva som forårsakar denne forskjellen vere ein ytterlegare trussel for eit likestilt arbeidsliv.

– Vi må også ha i mente at kjønnsforskjellane er mykje mindre i det eigenmelde sjukefråværet, understrekar Løset. – Dette avkreftar òg langt på veg at kvinner har lågare arbeidsmoral eller ei meir tolerant haldning til legemeldt sjukefråvær enn menn.

Forskjellig helseåtferd

Det finst inga eintydig forklaring på kvifor kvinner er meir sjukmeldt enn menn, men kjønnsgapet i sjukefråværet liknar på kjønnsforskjellar i andre typar helseåtferd. Kvinner er jamt over meir helseorienterte og går oftare til legen enn menn. Dette kan vere éi forklaring på at kvinner er meir sjukmeldt enn menn.

At kvinner går oftare til legen, kan også vere eit uttrykk for både biologiske og sosiale forskjellar mellom kjønna i måten dei reagerer på belastningar og sjukdom.

– Det er ikkje sikkert at kjønnsforskjellen i sjukefråværet er for stor, eller at kvinner har for høgt sjukefråvær samanlikna med menn, avsluttar Løset.

Referanse

Kjelde: Løset, G.K., Dale-Olsen, H., Hellevik, T., Mastekaasa, A., von Soest, T. & Østbakken, K.M. (2018): Gender equality in sickness absence tolerance. PLOS ONE (journals.plos.org)

Kronikk av Gøril K. Løset og Tale Hellevik: Likestilte handlingar. NRK Ytring (nrk.no) 21. august 2018

Denne artikkelen blei opprinnelig publisert på hioa.no/vitenogpraksis 22.08.2018.

Laster inn ...
Publisert: 14.09.2018
Sist oppdatert: 20.07.2023
Tekst: Nina Eriksen
Foto: colourbox.com

Relatert forsking

Barcode under bygging
Dette bør Østlandet satse på for å skape nye jobber

Det er store muligheter for å skape flere jobber på Østlandet.

Illustrasjonsbilde
Digitalisering handler om mer enn teknologi

I fremtiden kan kunstig intelligens kanskje gjøre arbeid som før ble sett på som umulig å automatisere.

Hender som ordnar med ein blomsteroppsats i ei glasskål.
Flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Norden

Introduksjonsprogramma bidreg til at flyktningkvinner kjem raskare i jobb i Noreg og Sverige enn i andre europeiske land.

Norsk flagg ved siden av Europa-flagg foran stor bygning.
Halvparten av sakene i kommunestyrer og fylkesting berørt av EU eller EØS

Rapport viser at EU berører halvparten av sakene i kommunene.

Gruppebilde Skam-besetningen foran et vindu, alle ser alvorlig ut
Hva var det med Skam?

Helt usannsynlig at en norsk high school-serie skulle nå så bredt som Skam, mener redaktøren av ny bok om suksessen.

Portrett av Erik Børve Rasmussen.
Med sosiologisk blikk på medisin

Stipendiat og sosiolog Erik (35) forsker på "diffuse" diagnoser.