– Mange norske skular er ikkje klare for seksåringane

Ei lita jente med skulesekk, gåande og held hendene til to vaksne.

I haust starta håpefulle fem- og seksåringar i første klasse over heile landet. Ein del foreldre spør seg nok om dottera eller sonen eigentleg er klare for skulestart, men er skulane klare for seksåringane?

Skuleforskarane Kirsten Palm og Eva Michaelsen ved OsloMet meiner svaret er nei for mange norske skular.

Tek ikkje nok omsyn

– Den skulen me har no, tek ikkje nok omsyn til kven seksåringen faktisk er, og til behovet til barna for rørsle og variasjon, seier Kirsten Palm.

Dei er redaktørar av ei ny bok om byrjaropplæringa i skulen. I boka «Den viktige byrjaropplæringa. Ei forskingsbasert tilnærming.» blir presentert både internasjonal og norsk forsking om dei første åra i skulen.

– Seksåringane kan ha full innsats, men dei treng hyppige pausar. Når mykje av tida førsteklassingane er på skulen inneber stillesitting ved ein pult, tek ikkje skulen nok omsyn til behovet til barna, seier Michaelsen.

Reform 97: Kva skjedde?

Det var i Reform 97 at skulestart for norske seksåringar vart innført. Det var heftig debatt i forkant, men det vart semje om eit kompromiss: Det første skuleåret skulle vera prega av det beste frå barnehage og skule, det vil seia både fri og naturleg leik og førskule- og skulepedagogikk.

Portrett Eva Michaelsen

– Leseopplæring skulle ikkje innførast for fullt før i andre klasse. I tillegg skulle førskulelærarar få høve til å undervisa i første klasse, fortel Palm.

Skulen fem- og seksåringane møter i dag ser ganske annleis ut.

– Merksemda rundt nasjonale prøver og andre målbare resultat, har ført til eit sterkare «læringstrykk», som har forplanta seg nedover i småskulen. I realiteten startar leseopplæringa no med ein gong barna byrjar på skulen, seier ho.

Inga forbetring i resultata

Palm og Michaelsen påpeikar at resultata frå internasjonale prøver som PISA ikkje viser noka tydeleg forbetring i norske elevars lese- og realfagsresultat etter innføringa av tiåring skule.

– Ein kan difor setja spørsmålsteikn ved om seksårsreforma i det heile har hatt nokre konsekvensar for barns læring, seier Palm.

– Når Stortinget no har vedteke å evaluera seksårsreforma, forventar me eit sterkare fokus på behovet til barna, seier Michaelsen.

Ikkje tilpassa dei minste

OsloMet-forskar Aslaug Andreassen Becher har gjennomført ein studie av utvalde førsteklasserom i Oslo-området som blir presentert i boka. Den viser at det er lite rom for leik, rørsle og variasjon for mange av seksåringane.

– I mange norske klasserom er det lagt opp til at barna skal sitja stille på ein stol. Mange skular har no økter på 90 minutt i første klasse, der elevane sit mykje stille ved pulten. Det passar ikkje barnekroppen, påpeikar Palm.

Ingen plass for den frie leiken?

Studien viser at mange klasserom er innreidde med pultar ved sida av kvarandre i rekkje vendt mot læraren, noko som i lita grad innbyr til andre aktivitetar enn stillesitting.

– Pultar og stolar fyller ofte rommane. Nokon rom har ein liten lesekrok eller liknande, men det er ofte sett av liten plass til dette. Det inneber at den frie, hit og dit-leiken frå barnehagen ikkje har ein plass i dei fleste 1. klasseromma, seier Aslaug Andreassen Becher.

Portrett Kirsten Palm

Internasjonal og klasseromsnær forsking

Skuleforskarane Kirsten Palm og Eva Michalsen er redaktørar for den nye boka «Den viktige byrjaropplæringa. Ei forskingsbasert tilnærming.» Her blir presentert internasjonal forsking og ny klasseromsnær forsking frå norsk grunnskule.

Forskarar frå OsloMet – storbyuniversitetet og frå Høgskolen i Søraust-Noreg bidreg innanfor ulike fagfelt, som norsk, engelsk, matematikk, naturfag, pedagogikk, kroppsøving og kunst og handverk.

Boka tek òg opp tema som iPad-bruk i grunnskulen, korleis dei minste lærer med kroppen og kartlegging av lesing.

Berre to skular i materialet hadde tilgang til eige leikerom frå SFO i skuletida.

– Skulen må ikkje leggja opp til at hovudaktiviteten til barna skal vera å sitja stille på stolen, påpeikar Michaelsen og etterlyser klasserom som er innreidd meir lek- og læringsvennleg.

Lite variasjon

Forskinga viser òg at det er for lite variasjon i metodar å læra på for seksåringane.

– Det er lagt opp til for lite leik, kreativitet og utforsking, seier Palm.

Forskarane meiner førsteklassingen treng undervisning som gir betre læring, slik som kreative, undersøkjande, praktiske og estetiske arbeidsformer.

– Eit døme på dette er å undersøkja noko i naturen, fortelja om det til andre og laga teikningar, fotografi og modellar, fortel Palm.

– Alle typar arbeid som fremjar kommunikasjon, utforsking, problemløysing, og dessutan sjølvkjensle og tru på eigne evne må få meir tid i skulen, seier Michaelsen.

For mykje tid på kartlegging og testar

Forskarane meiner det er for mykje fokus på kartlegging og testing dei første åra i skulen.

Palm påpeikar at mange lærarar opplever eit press ovanfrå for å kartleggja og gi tidleg leseopplæring.

– Dei gir uttrykk for at dei ikkje får nok tid til å gjennomføra undervisning og leggja til rette for læringsaktivitetar som dei verkeleg trur på og har erfaring med at fungerer godt, til dømes leikprega og kreative arbeidsmåtar.

– Det er sjølvsagt viktig at læraren finn ut kven som strevar med lesing og skriving, slik at dei kan få hjelp. Men det er andre måtar å skaffa slik kunnskap på enn gjennom slike statiske kartleggingsprøver, seier Michaelsen.

Det finst til dømes mange dynamiske lesekartleggingsverktøy som gir læraren høve til å finna ut kva barna kan og kva dei bør vektleggja i undervisninga gjennom skuleåret.

– Me er òg kritiske til at vektlegginga av «tidleg innsats» kan gi klarsignal for at tradisjonelle skuleaktivitetar skal flyttast endå lenger ned i alder, til dømes ved å starta med formell bokstavinnlæring det siste året i barnehagen, avsluttar ho.

Meir leik og uteaktivitet

– Det bør setjast av meir tid til uteaktivitetar. Skulen bør òg leggja vekt på å skapa eit fysisk miljø inne i klasserommet som stimulerer til utforskande læring og gir gode moglegheiter for sosialt samspel, leik og trivsel for dei yngste elevane.

I lese- og skriveopplæring er det mange lekbaserte arbeidsmåtar som gjerne kan hentast fram igjen og få større plass, avsluttar Palm.

Referanse

Kirsten Palm og Eva Michaelsen (red.): Den viktige byrjaropplæringa. Ei forskingsbasert tilnærming (universitetsforlaget.no). Universitetsforlaget (2018)

Denne saka vart opphavleg publisert på hioa.no 20. august 2018.

Publisert: 07.09.2018
Sist oppdatert: 18.07.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Erik Refner/Ritzau/Scanpix, Sonja Balci

Relatert forsking

Portrett Siv Skarstein
Forskar bekymra for pillekultur hos ungdom

Stadig fleire ungdommar er storforbrukarar av smertestillande piller.

Eldre kvinne med rullator sittende i en gang
Får ikke nødvendig trening på sykehjem

De fleste sykehjemsbeboere lever et passivt liv.

Norsk flagg ved siden av Europa-flagg foran stor bygning.
Halvparten av sakene i kommunestyrer og fylkesting berørt av EU eller EØS

Rapport viser at EU berører halvparten av sakene i kommunene.

Portrett av Erik Børve Rasmussen.
Med sosiologisk blikk på medisin

Stipendiat og sosiolog Erik (35) forsker på "diffuse" diagnoser.

Gutt som ser inn i kameraet med en annen gutt som  skimtes uskarpt i bakgrunnen.
Mindre framtidsoptimisme blant ungdom

Norske ungdomar er meir involvert i problemåtferd og trua på framtida har blitt svekka.

Dataskjerm som ses på skrå gjennom brilleglasset til en mann som ser på skjermen, der det meste av skjermen er ute av fokus. Det eneste som er i fokus er det lille området som ses gjennom brilleglasset.
Myter stenger synshemma ute

– Arbeidsgjevarar kan ikkje nok om synshemming og vel heller å ikkje tilsetje søkjarar.