I dette pilotprosjektet er det overordna forskingsspørsmålet: Korleis bruker andrespråkstudentar KI?
Formål med prosjektet er å få kunnskap om
- korleis andrespråkstudentar bruker KI, spesielt Chatbot, i studiet
- kva andrespråkstudentar bruker KI til, spesielt Chatbot, i studiet
- korleis KI, spesielt Chatbot, påverkar tileigninga til studentane av språk
- korleis andrespråkstudentane opplever at bruk av KI styrker læring og språkutvikling
Prosjektdeltakere
Meir om prosjektet
Studentar tar i bruk kunstig intelligens-teknologi (KI) i studiearbeidet sitt, for eksempel i arbeidet med skriftlege studiekrav. KI genererer forslag til innhald, tekststruktur, til stilnivå og ordtilfang tilpassa det spesifikke formålet i teksta, og KI kan både språkvaske og korrekturlese teksta.
For studentar med norsk som andrespråk som er nye i språket og ukjente med den norske akademiske universitetskulturen, kan KI vere eit nyttig hjelpemiddel. KI kan blant anna bidra til at studentane får vist kunnskapen sin og til at dei vidareutviklar strategiar for å tileigne seg språk for studiet og når dei går ut i jobb.
Samtidig kan det tenkast at den sjølvstendige faglege resonneringa til studenten og fagstemma deira blir mindre framståande, og at studenten si bruk av KI kan vere eit hinder for djupare læring. Både fagleg og språkleg sjølvstende kan svekkast ved bruk av KI om studentane ikkje er kritiske til kva dei bruker KI til og korleis dei bruker KI.
Har for eksempel studentane den språklege, kulturelle og faglege kunnskapen som er nødvendig for å kunne vurdere om forslaga og svara KI gir, er gode? Og klarer dei å stille spørsmål til for eksempel ein chatbot på ein slik måte at han genererer svar som faktisk svarer til formålet?
Sentrale spørsmål studenten bør stille seg er: Kva kan eg bruke KI til? Kva kunnskap og kva ferdigheiter treng eg for å kunne bruke KI på ein effektiv og kvalitetssikker måte? På kva måte kan KI vere ei hjelp for meg til større læring i studiet?
Desse spørsmåla bør også utdanningsinstitusjonane ha svar på for å kunne rettleie studentane i deira bruk av KI-teknologi eller for å kunne ta KI aktivt i bruk i eiga undervisning.
Pilotprosjektet bruker semistrukturerte intervju med andrespråkstudentar om korleis dei tar i bruk KI og observasjon av arbeidsøkter der studentar bruker KI i studiearbeid. Det er også knytt ein grammatikalitetsvurdering til studien.