English version

Minoritetsungdom i vidaregående opplæring

Dette prosjektet handlar om unge med innvandrarbakgrunn i vidaregåande opplæring. Målet er å få meir kunnskap om kvifor det er så store karakterforskjellar etter landbakgrunnen til foreldra.

Gruppa elevar med innvandrarbakgrunn er samansett – med foreldre som kjem frå mange land. Det er også stor variasjon mellom ulike innvandrargruppers levekår, innvandringshistorikk og forankring i Noreg.

Sidan utdanningssystemet er ein kritisk faktor med omsyn til integrering av immigrantar og barna deira, er det viktig å få meir kunnskap om korleis elevar med ulik innvandrarbakgrunn har det i skulen, og korleis det går med dei.

I prosjektet blir dei 20 største innvandrargruppene studert, og eitt av funna er at det er store karakterforskjellar avhengig av kva slags land foreldra har innvandra frå. Mens nokre innvandrargrupper oppnår skuleresultat på nivå med majoriteten, ligg andre eit godt stykke under landsgjennomsnittet.

  • Prosjektdeltakarar

    Laster inn ...
  • Meir om prosjektet

    Målet med prosjektet er å få meir kunnskap om kvifor det er så store karakterforskjellar etter landsbakgrunnen til foreldra. Vi undersøkjer kva som kjenneteiknar dei ulike innvandrargruppene med omsyn til sosioøkonomisk bakgrunn, kor lenge dei har budd i Noreg, kva skule dei går på, og kvar i landet dei bur.

    I rapporten undersøkjer vi også om dei ulike innvandrargruppene trivst i ulik grad, og om noko av forklaringa på karakterforskjellane kan vere at dei møter skulen med ulik utdanningsdriv.

    Datamaterialet er basert på Ungdata-undersøkingar gjennomført i vidaregåande opplæring i 2015–2017. Det omfattar sjølvrapporterte opplysningar frå rundt 68.000 elevar frå omlag 250 vidaregåande skular over heile landet.

    I rapporten er «ungdom med innvandrarbakgrunn» definert som alle med to utanlandsfødde foreldre. Dei omfattar 14,6 prosent av alle elevane og inkluderer både dei som er fødde i Noreg og dei som har flytta til landet. 

  • Publikasjonar