English version

Traumatisk ryggmergsskade, tarmflora og metabolsk helse

Målet med prosjektet er å undersøkja samanhengen mellom tarmflora og metabolsk regulering hos personar med traumatisk ryggmergsskade ved å nytta bioteknologiske storskala analysar.

Pasientar med traumatisk ryggmergsskade (RMS) har ei rekkje medisinske utfordringar som følgje av skaden kor gastrointestinal dysfunksjon ein av desse.

Det er også vist at personar med RMS har høgare risiko for overvekt og fedme og metabolske sjukdommar enn i befolkninga elles.

Forsking tyder på at tarmflora speler ei viktig rolle for den metabolske helsa vår. Me veit lite om korleis RMS påverkar tarmfloraen og om dette er årsaka til høg risiko for metabolske sjukdommar.

Me vil derfor undersøkja samanhengen mellom tarmflora og metabolsk helse i denne pasientgruppa i ein longitudinell studie ved bruk av omics-teknologi.

Prosjektet har fått såkornmidlar frå satsinga intelligent helse på OsloMet.

  • Deltakarar

    Laster inn ...
  • Samarbeidspartnarar

    • Bio-Me
    • Oslo universitetssjukehus
    • Sintef
    • Sunnaas sjukehus