English version
Portrett av Cristina Valenti

Cristina Valenti: Eg valde forskingstrening fordi eg var nysgjerrig på korleis det er å jobbe i eit forskarteam.

– Ambisjonen min er å kunne fordjupe meg i forsking innan øko-sosial velferd eller arbeid med prosjekt som har samfunnets berekraft i fokus, fortel masterstudent Cristina Valenti. Eg er nysgjerrig på korleis ein kan involvere og førebu unge generasjonar på å takle øko-sosiale utfordringar.

Valenti er masterstudent ved Institutt for sosialfag på OsloMet. Gjennom forskartreningsprogrammet får ho moglegheit til å vere ein del av eit allereie igangsatt forskingsprosjekt ved forskingsinstituttet NOVA. Vi har spurt henne om masteroppgåva og korleis ho trivst ved NOVA.

Fortel litt om prosjektet ditt!

Eg har valt forskingstreninga og masteroppgåva mi knytt til prosjektet: Bærekraftige samfunn i det 21. århundre: Fra velferdsstater til øko-sosiale stater (WEST) ved NOVA.

I forskingstreningsarbeidet vart eg rettleidd av Mi Ah Schøyen, leiar av WEST-prosjektet, og Merete Dotterud Leiren som er forskingsleiar ved Cicero. Prosjektet fokuserer på den europeiske grøne avtalen og korleis Den europeiske unionen vil implementere politikk for å sikre ein "rettferdig og rett" overgang til det grøne skiftet.

Hovudsakleg undersøkte eg kva for nokre sosiale vernetiltak, som arbeidsløysetrygd, pensjonsordningar eller sjukeforsikringar, som er retta mot arbeidarar i karbonintensive sektorar, slik som kol- og oljeproduksjon.

No skriv eg masteroppgåve med Axel West Pedersen og Mi Ah Schøyen som rettleiarar. Den følgjer same spor som forskingstreninga, ved å forske på kva slags sosialpolitikk grøne parti, som støttar verdiar som økologisk berekraft og sosial rettferd, ville sett i verk for å verne menneske som er mest påverka av klimaendringar og klimatiltak.

Her har eg inkludert hushald med låg inntekt, sosialt ekskluderte, personar som lid av helseproblem, og arbeidarar i karbonintensive sektorar. Eg samanliknar politikken til grøne parti i Noreg, Italia, Frankrike og Tyskland. Samtidig utforskar eg korleis desse grøne partia ville handtere overgangen til eit samfunn med lågt karbonutslepp.

Kva lurer du aller mest på for tida?

Akkurat no tenkjer eg på at eg skal levere masteroppgåva mi rett rundt hjørnet og førebur meg på det munnlege forsvaret mitt!

Elles er eg spent på utviklinga i norsk klimapolitikk, eg trur det kjem store endringar dei næraste åra.

Kva fekk deg til å velje å bli med på research training-opplegget?

Eg valde forskingstreninga på Institutt for sosialfag fordi eg var nysgjerrig på korleis det er å jobbe i eit forskarteam, ettersom eg vurderer å halde fram med ei doktorgrad etter dette masterprogrammet.

Valet fall på WEST-prosjektet fordi eg er interessert i innverknaden til klimaendringane på samfunnet og ønskjer å utforske kva for nokre sosiale, økologiske og økonomiske politikk som best kan setjast i verk for å skape eit berekraftig samfunn som respekterer grensene til planeten.

Kva er bra med å vere på NOVA?

Eg trivst ved NOVA fordi eg elskar å vere ein del av eit forskingsmiljø omgitt av menneske som er dedikerte til forsking og elskar det dei gjer. Eg håpar å ha same flaks i framtida!

Eg har møtt mange hyggjelege menneske under opphaldet mitt, både mellom dei administrative og vitskapslege tilsette. Eg er takksam for alle dei verdifulle forslaga, innspela og oppmuntrande orda eg har fått frå dei andre forskarane som jobbar her.

Eg har mykje å lære! Sist, men ikkje minst, var det motiverande å sitje i same rom med andre masterstudentar, utveksle idear, erfaringar og frustrasjonar.

Kva er draumeprosjektet ditt?

Vanskeleg spørsmål! Det er så mange ting eg ønskjer å gjere. Mellom anna er ambisjonen min å fordjupe meg i forsking innan øko-sosial velferd eller arbeid med prosjekt som har samfunnets berekraft i fokus, og korleis ein kan involvere og førebu unge generasjonar på å takle øko-sosiale utfordringar.

Vi må ta ansvar for framtidige generasjonar og gi dei høve til å leve eit innhaldsrikt liv.

Fakta

Cristina er masterstudent i internasjonal sosial velferd og helsepolitikk ved Fakultet for samfunnsvitenskap og skal fullføre studia i løpet av november.

Ved NOVA er ho tilknytt Seksjon for helse- og velferdsforsking og prosjektet Bærekraftige samfunn i det 21. århundre: Fra velferdsstater til øko-sosiale stater (WEST).

Aktuell lesing

Her er artiklar  og bøker som Cristina vil tilrå:

Foto: Halvard Dyb

Publisert: 21.11.2023 |