Frå januar 2026 vil ordningane Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa (DeKomp-Y), Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skolen (DeKomp), Regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling (ReKomp) og Kompetanseløftet bli erstatta av to nye tilskotsordningar. I tillegg får vi ei ny tilskotsordning for støtte til vidareutdanning.
Vi har tatt ein prat med Gry Hovland, seksjonssjef for oppdragsadministrasjonen ved Fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studium, om kva endringar skoleeigarar, barnehageeigarar og tilsette som ønsker etter- og vidareutdanning må forhalde seg til.
Kva ordningar for kollektiv kompetanseutvikling får vi frå januar 2026?
– Dei tidlegare ordningane DeKomp og ReKomp blir slått saman til éi tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i barnehage og grunnskole. Kompetanseløftet er innlemma i denne tilskotsordninga, og er ikkje lenger eit eige område, seier Hovland.
– Vi får også ei ny tilskotsordning for kollektiv kompetanseutvikling i vidaregåande opplæring. Denne er ei samordning av dei delane av DeKomp-Y og Kompetanseløftet som gjeld vidaregåande opplæring.
Ho understrekar at sjølv om Kompetanseløftet blir fasa ut som ei eiga tilskotsordning, er det framleis like aktuelt som tidlegare med partnarskap mellom OsloMet og barnehage- og skoleeigarar om spesialpedagogikk og inkluderande praksis.
Kven gjeld dei nye ordningane for lokal kompetanseutvikling for?
– Langt fleire arbeidstakarar vil bli inkluderte i dei nye ordningane. Dei tidlegare ordningane har vore retta mot lærarar i barnehage og skole. Dei nye ordningane er ein del av regjeringas System for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skole (regjeringa.no), som omfattar alle tilsette i barnehage, grunnskole, SFO, vidaregåande opplæring inkludert fagopplæring i bedrift, opplæring for vaksne, PP-tenesta og kulturskole.
Kva tilbyr OsloMet innan kollektiv kompetanseutvikling?
– OsloMet har eit av dei største fagmiljøa i landet for utdanning av yrkesfag-, grunnskole- og barnehagelærarar. Vi samarbeider i dag med rundt 70 barnehage- og skoleeigarar i partnarskap om kollektiv kompetanseutvikling. Vi har lang erfaring frå samarbeid med store nettverk i fylkeskommunar, kommunar og bydelar. Vi samarbeider også med enkeltskolar og små barnehagar, fortel Hovland.
– Vi har også høve til å jobbe på tvers av fakultet og fagmiljø ved OsloMet, og samarbeider med Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO). Praksisfeltet etterspør stadig oftare tverrfaglege og tverrprofesjonelle emne, for eksempel knytt til laget rundt barnet, eleven eller lærlingen.
Kva endringar gjeld for tilskotsordningar for vidareutdanning?
– Tidlegare var det berre barnehagelærarar, lærarar og yrkesfaglærarar som kunne søke vidareutdanning gjennom Utdanningsdirektoratets søknadssystem. Frå 2026 er dei tre tidlegare ordningane for desse yrkesgruppene slått saman til éin. Denne omfattar også fleire grupper: alle tilsette i barnehage, grunnskole, SFO, vidaregåande opplæring inkludert fagopplæring i bedrift, opplæring for vaksne, PP-tenesta og kulturskole, fortel Hovland.
– Ei viktig endring er at dei som ønsker vidareutdanning no skal søke direkte til kvar enkelt utdanningsinstitusjon, og ikkje gjennom Utdanningsdirektoratets portal som før.
Kva gjer OsloMet for å innføre endringane?
– I det nye systemet blir det stilt tydelegare krav til at utdanningsinstitusjonane samarbeider tett med praksisfeltet for å utvikle heilskaplege kompetansetiltak. Vi har allereie starta arbeidet med å gå gjennom porteføljen vår av vidareutdanningar og har hatt gode dialogmøte med barnehage- og skoleeigarar.
– Institutt for barnehagelærarutdanning har også gjennomført ei kartlegging av behov for vidareutdanning i barnehagesektoren (skriftserien.oslomet.no). Den er basert på ei omfattande spørjeundersøking med over 700 styrarar og barnehagelærarar frå heile landet.
– Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning har invitert skoleeigarar til eit forum kalla «Partnarskapsskole». Der har kommunane delt perspektiva sine på framtidas kompetansebehov, og fagtilsette har presentert moglege tema for partnarskap i skolen og relevante faglege satsingsområde.
Det er mange nye tiltak som blir innførte. Korleis heng desse tiltaka saman?
– Noko av formålet med dei nye tilskotsordningane er å sjå etter – og vidareutdanning i samanheng, og dermed sjå moglegheiter for heilskapleg planlegging for kompetanseutvikling i barnehage og skole, seier Hovland.
– Eit eksempel på korleis OsloMet jobbar med å få tiltaka til å henge saman, er at Institutt for yrkesfaglærarutdanning samarbeider med Kuben videregående skole i Oslo om å utvikle eit yrkesfagleg rettleiarnettverk. Der deltar både tilsette med rettleiarutdanning og tilsette som har interesse for feltet, og dei blir oppmuntra til å ta vidareutdanning i rettleiing. I partnarskap med OsloMet ønsker skolen å styrke den yrkesfaglege rettleiarkompetansen på skolen, auke rekruttering av praksislærarar og styrke læraryrket.
Er du interessert i eit partnarskap med OsloMet om kompetanseutvikling? Les meir og ta kontakt
- Kollektiv kompetanseutvikling for barnehage, grunnskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæringa
- Etter- og vidareutdanning på Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium