Tolkens dag er OsloMet sitt årlege arrangement for å synleggjere rolla til tolken i samfunnet. OsloMet har Nordens og Nord-Europas største fagmiljø for tolking. Det er sjette gongen denne markeringa av FNs internasjonale dag for tolking og omsetting blir gjennomført ved Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning (IST).
– Tolking er ein viktig samfunnsfunksjon som sikrar at menneske kan vere med på like vilkår i utdanning, arbeidsliv, helsevesen, rettsvesen og samfunnsliv. Tolkens dag er viktig fordi han synleggjer både samfunnsoppdraget tolkar har og den kompetansen yrket krev, uttaler nestleiar Sølve Heikki Hyvärinen-Farestveit.
Fagleg utveksling og oppdatering skaper fellesskap mellom tolkar
– Sjølv om det finst mange tolkar i Noreg, kan det likevel vere eit einsamt yrke der ein jobbar mykje aleine eller saman med eit lite utval andre tolkar. Arenaer for fagleg utveksling og oppdatering er derfor viktig, seier førsteamanuensis Kristian Skedsmo ved IST.
– Kor mykje, og kva slags utdanning tolkar har varierer veldig, både blant teiknspråktolkar og kanskje særleg blant tolkar som tolkar mellom to talespråk. Nettopp derfor er det nyttig å komme saman og lytte og diskutere med både forskarar og praktiserande tolkar på Tolkens dag, legg han til.
Årets tema er fellestrekk og forskjellar mellom teiknspråktolking og tolking mellom talespråk – og om korleis teori og praksis kan berike kvarandre i utdanningane og i praksisfeltet.
Tolkens dag 2026: Likt og ulikt i teori og praksis
Klare ulikskapar mellom tolkeområda
Teiknspråktolking og tolking mellom to talespråk har eksistert side om side i mange år, både som praksisfelt, forskingsfelt og som utdanningar.
– Dei siste åra har likevel møtepunkta blitt fleire. På OsloMet er held fagmiljøa til i same korridor, dei er organiserte i same fagforeining, og begge gruppene er også representerte i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) sitt tolkeregister.
Dei to gruppene følgjer dei same profesjonsetiske retningslinjene og har mange berøringspunkt i arbeidslivet. Samtidig finst det klare ulikskapar.
Dei jobbar under ulike lovverk, har ulike honoreringssystem for oppdrag og ulike fagtradisjonar.
Mens tolking mellom to talespråk ofte skjer i juridiske og medisinske samanhengar går teiknspråktolking i tillegg føre seg på utdanningsinstitusjonar, på teater, på TV, i barnebursdagar, i møte, på arbeidsplassar osb.
– På Tolkens dag håpar vi å få belyst likskapar og forskjellar mellom fagmiljøa. Tolkar har mange idear om korleis «dei andre tolkane» er. Nokre av dei stemmer – andre ikkje. Her får vi testa ideane mot erfaring og forsking, seier Skedsmo.
Styrkar kvalitet, tilgjengelegheit og etikk i tolketenester
Årets tema, «Likt og ulikt i teori og praksis», knyter Tolkens dag direkte til OsloMet sitt samfunnsoppdrag og delstrategi for utdanning: Studentane våre skal inn i eit arbeidsliv i rask endring, og då må undervisning, forsking og utvikling vere tett kopla til praksisfeltet.
– Vi er stolte av å samle fagmiljøa innan både teiknspråktolking og tolking i offentleg sektor. Årets tema understrekar betydninga av dialog mellom utdanning, forsking og yrkesfelt. Slike møteplassar bidrar til fagleg utvikling, betre tenester og sterkare profesjonsfellesskap, seier Sølve Heikki Hyvärinen-Farestveit.
– Alle profesjonsutdanningar kan oppleve spenningar mellom det som blir vektlagt i utdanningane og det som blir vektlagt i praksisfeltet. Årets tema, «Likt og ulikt i teori og praksis», rettar seg nettopp mot dette: Korleis kan utdanning, forsking og praksis lære av kvarandre – og korleis kan vi saman styrke kvalitet, tilgjengelegheit og etikk i tolketenestene? avsluttar Skedsmo.
Utdanningane våre
- Innføring i tolking i offentleg sektor
- Tolking i offentleg sektor, bachelor
- Enkeltemner i Tolking i offentleg sektor
- Norsk teiknspråk, bachelor
- Årsstudium i teiknspråk