Kvantedatamaskin til venstre. Mann i profil til høgre ser på maskinen. Vi skimtar personar i bakgrunnen.

OsloMet er med i tre nye kvantesenter

Regjeringa investerer 244 millionar kroner i fire nye forskingssenter for kvanteteknologi, der OsloMet er knytt til tre av dei.

– Vi byggjer kompetanse for framtida, seier Shaukat Ali ved Simula Research Center, som også er med i OsloMet sin kvantehub.

Kvanteteknologi vert spådd å kunne revolusjonere alt frå legemiddelindustri til datatryggleik og finans. For å sikre at Noreg følgjer med i det internasjonale kappløpet, har regjeringa no løyvd midlar til fire nasjonale forskingssenter.

OsloMet får ein sentral plass

OsloMet har sikra seg ein sentral plass i denne storsatsinga. Universitetet har tilknyting til tre av dei fire sentera, inkludert Norwegian Quantum Software Center (NorQSoft), leia av Shaukat Ali frå Simula Research Lab.

Ali har ei delt stilling mellom Simula og OsloMet, og er ei av drivkreftene bak universitetet si satsing gjennom OsloMet sin kvantehub.

Fokus på programvare

Mykje av merksemda rundt kvanteteknologi handlar om dei fysiske datamaskinane. Ali meiner dette berre er ein del av reknestykket.

– Du kan ha maskinvara, men ho er ganske ubrukeleg om ein ikkje kan utnytte henne. For å gjere det treng ein programvare, forklarer han.

NorQSoft skal mellom anna arbeide med å utvikle algoritmane, metodane og programvara som trengst for at maskinane skal kunne løyse verkelege problem.

– Når selskap og styresmakter legg mykje pengar inn i dette, kan det tyde på at dette vert ein viktig teknologi framover.

Portrett av Shaukat Ali

Shaukat Ali er ein av dei som står i spissen for satsinga på OsloMet Foto: Privat

Satsing på fleire område

Satsinga omfattar også fleire område, der OsloMet sitt fagmiljø innan kvanteteknologi vil spele ei stor samarbeidsrolle.

I tillegg til programvaresenteret NorQSoft er OsloMet knytt til to andre forskingssenter.

Gjennom senteret QStar vil ein bidra til å gjere sjølve maskinane meir pålitelege, medan ein gjennom QCNA skal utvikle moglegheitene for sikker kvantekommunikasjon i Noreg.

Dette går fram av ei pressemelding frå regjeringa (regjeringen.no). 

Ali peikar også på at feltet har hatt ei enorm modning berre dei siste åra.

– Når eg ser tilbake på då eg byrja med dette arbeidet i 2018, hadde vi ikkje tilgang til mange kvantedatamaskiner. No er mange tilgjengelege på nett. Ting går framover og utviklar seg raskt, forklarer han.

Kan bli ein stort arbeidsmarknad

Ali samanliknar likevel dagens situasjon i kvanteverda med utviklinga av datamaskiner på 1970-talet. Han understrekar at det å studere kvanteteknologi no kan gje ein unik fordel seinare.

– Eg meiner vi må byggje kompetanse no, og eg trur det vil lønne seg på lang sikt. Særleg når det blir investert så sterkt i feltet, seier Ali.

Han meiner også at for studentar som vurderer ei spesialisering innan kvanteteknologi, vil mykje kunne overførast direkte til det klassiske.

– Utviklinga går svært raskt framover, og eg meiner det er verd å investere tid i dette feltet. Ein får eit anna perspektiv på verda som mange ikkje har.

Biletet øvst i artikkelen er teke i OsloMet sin kvantehub, som no er knytt til tre nye senter.

Kontakt

Laster inn ...

Meir om kvanteteknologi på OsloMet

Åtte millionar til kvantesamarbeid

Institutt for informasjonsteknologi på OsloMet er med i eitt av forskingssamarbeida på kvanteteknologi som har fått midlar av Forskingsrådet.

Datakrins inne i datamaskin
Kvantedatabehandling kan bli ein teknologisk revolusjon i Noreg

På konferansen QiT Norway heldt instituttleiar André Brodtkorb eit tankevekkjande foredrag om korleis kvantedatabehandling kan revolusjonere den teknologiske framtida vår.

Andre Brodtkorb peikar på skjermen medan han held foredrag på QiT Norway. I framgrunnen sit det deltakarar på konferansen.
Innleveringen ble til jobb: Nå lager Eivind læringsverktøy som forenkler kvantefysikk

Gjennom en ny nettside jobber Eivind med å gjøre kompliserte konsepter i kvantemekanikk lett å forstå.

Portrett av Eivind Omtveit
Publisert: 22.01.2026 | Benjamin Haug-Toklum | Foto: Benjamin Ward