Han hadde lenge vore glad i å teikne og hatt interesse for kunst. Men Tage Sortland (22) følte seg slett ikkje som nokon kunstekspert då han begynte på bachelor i kunst og formidling ved Oslo Met.
– Eg var litt stressa og lurte på om eg hadde nok erfaring. Men studiet møtte oss der vi var. Det vart stilt krav, men vi fekk jobbe ut ifrå eigne interesser og erfaringsnivå, seier han.
Snart tre år seinare anbefaler han studiet til alle som er glade i kunst og menneske.
– Her får du både ei praktisk og teoretisk erfaring med kunst, og du får trening i å formidle til andre. Erfaringane herifrå er verdifulle nesten uansett kva du skal gjere vidare.
To praksisperiodar ga allsidig museumserfaring
Noko av det som ga Tage aller mest, var praksisperiodane: først tre veker fellespraksis saman med andre studentar i tredje semester, der han jobba med kunstformidling til barneskuleelevar på Historisk museum.
I femte semester hadde han ti vekers individuell praksis same stad. Då heldt han omvisingar og var med på arrangement, konsertar, møte og dagleg drift.
– Det var kjempespennande! Eg fekk verkeleg sett det eg hadde lært, på prøve. Vekene flaug forbi, seier han.
Etterpå har han halde fram på museet som deltidstilsett. Fleire av medstudentane har gjort det same på sine praksisstader, ifølgje Tage.
– OsloMet har verkeleg god kontakt med store og små institusjonar i heile Oslo. Det gjev mange moglegheiter, og det gjer også at det kjennest trygt å vere utplassert.
Foto: Mattias Müller
Har blitt interessert i utstillingsarbeid
Amanda-Sofie H. Schlewitz (24) hadde sin individuelle praksisperiode ved galleriet KB Contemporary, som blir drive av gallerist Knut Blomstrøm.
– Her fekk eg innsikt i mange sider av galleriarbeid, alt frå praktisk arbeid og planlegging før ei utstilling, til sjølve opninga med servering og talar, fortel ho.
I dag jobbar ho som galleriassistent same stad. Ho held galleriet ope og tar imot gjester, bidrar ved arrangement og hjelper til ved opp- og nedrigging av utstillingar.
– Praksisperioden ga meg stor interesse for det å jobbe med utstillingar. Spesielt kuratering, altså det å setje opp ei utstilling, synest eg er spennande. Det har også vore interessant å få innblikk i samarbeidet mellom kunstnarar og galleri, og i alt som skjer på vegen mot ei ferdig utstilling.
Praksisperioden ga meg stor interesse for det å jobbe med utstillingar.– Amanda-Sofie H. Schlewitz