– Dramastudiet har opna mange dører for meg

Andrine står inne på ein kafe.

– Eg hadde tre heilt supre år, og tre veldig varierte år, seier Andrine Nilsson (23).

I 2025 fullførte ho ein bachelor i drama- og teaterkommunikasjon på OsloMet.

– Studiet har gjeve meg mange nye moglegheiter, både på grunn av menneska eg vart kjend med og på grunn av alt eg lærte om teaterfaget.

Djup interesse for regifaget

Drama- og teaterkommunikasjon er forankra både i teaterkunst og pedagogikk. I den praktiske delen av faget bruker du kroppen og stemma di som dramatiske verkemiddel, åleine og saman med andre.

Andrine Nilsson har drive med teater i mange år og gjekk dramalinje på vidaregåande skule. Då ho skulle velje studium, var det naturleg for henne å halde fram med det same.

– Eg var nok ganske open då eg begynte, men eg visste at eg var mest nysgjerrig på det skapande, altså regien: å lage framsyningar og setje dei opp. Her fekk eg verkeleg prøvd meg. Vi hadde mange gruppeoppgåver der vi jobba med manus, skreiv regikonsept og iscenesette visningar, seier ho.

Portrett at Andrine ute.

Stadig å få jobbe med praktiske oppgåver har vore viktig for Andrine Nilsson. – Då har vi fått sjå korleis teorien fungerer i praksis. Foto: Silje Pileberg

Har lært om kor viktig kroppen er på scena

Studiet er sett saman av både obligatoriske og valfrie emne.

Eit emne Nilsson i dag er svært glad for at ho valde, er bevegelsesteater, som ho tok i fjerde semester. Det var eit tema ho kjende til både frå vidaregåande skule og første studieår.

– Det å få fordjupe seg i dette, har gitt meg ein heilt ny måte å lage teater på. Her er kroppen og rørslene hovudverktøyet, meir enn replikkane og teksten. Ein kropp kan uttrykkje mykje, også utan ord.

Mykje samarbeid med medstudentar

Andre valfrie emne på bachelor i drama- og teaterkommunikasjon er maskespel, teaterregi, munnleg forteljarkunst og figurteater. Då Nilsson i femte semester tok munnleg forteljarkunst, fekk ho samarbeide med studentar med andre emne bak seg og andre hovudinteresser.

– Dette var utruleg nyttig! Vi lærte mykje av kvarandre.

Når ho tenkjer tilbake, hugsar ho best dei praktiske oppgåvene. Ho har ikkje tal på kor mange framsyningar dei sette opp og viste fram, både for kvarandre og for eksterne tilskodarar.

Men alt var forankra i teori og pensum.

– Det å heile tida få erfare og prøve seg praktisk, har vore den aller viktigaste læringa for meg. Då har vi fått sjå korleis teorien fungerer i praksis.

Frå framsyninga Satelittar på himmelen. Ein person sit på scenegolvet i romdrakt.

Sidan vidaregåande hadde Andrine drøymt om å regissere framsyninga «Satellitter på himmelen» av Kristofer Blindheim Grønskag. Etter fullført bachelorgrad realiserte ho draumen. Foto: Privat

Har fått bruk for faget i ny jobb

I bacheloren i drama- og teaterkommunikasjon lærer du å bruke fantasi og kreativitet åleine og i samarbeid med andre. Med denne kunnskapen kan du jobbe både i kreative næringar, formidling og i skulen.

Eit år etter at ho var ferdig med studiane, har Andrine Nilsson hatt god nytte av det ho har lært. Ho har sett opp ei eiga teaterframsyning i heimkommunen Nittedal, og ho har fått jobb på eit aktivitetshus i same kommune. Der held ho kurs for vaksne som står utan arbeid.

– Teaterfaget har vist seg å vere kjempenyttig i ein slik jobb. Eg er heldig og har ein arbeidsgjevar som ser verdien av denne kunnskapen, seier ho.

– Bacheloren har vore ein døropnar

Kursa ho held, handlar mellom anna om å våge å ta plass i eit rom, bruke stemma si og halde augekontakt.

– Dette er ting som vi trenar på heile tida i teaterfaget, men som er viktig i det verkelege livet, òg, seier Nilsson.

Ei moglegheit som dukka opp på grunn av folk ho vart kjend med gjennom studiet, var jobben som regiassistent på Det Norske Teatret. Dette arbeidet er frivillig, men svært lærerikt, fortel ho.

– Denne bacheloren har opna mange dører for meg.

Studenthistorier

Dramastudenter poserer med svart bakgrunn. En lager surt fjes og den andre smiler og slår ut med armene.
– I løpet av studiet har jeg bestemt meg for å bli teaterregissør

Sebastian Wie Murphy (22) har holdt på med amatørteater store deler av livet – og drømmer om en karriere som teaterregissør.

tre studenter står på en scene ikledd hvite skjorter og rødt skjerf i halsen, de er midt i en forestilling og snakket til hverandre.
Tar master i teater og samfunn: – Det har vært en skikkelig fin opplevelse

Som en del av masteroppgaven, satte Eivor opp sitt eget teaterstykke. – Det å lære om teater i et samfunnsperspektiv, har vært midt i blinken for meg, sier hun.

Dramastudenter med hvit sminke og i barokk-kostymer
Dramatisk utdanning

Intriger og ulykkelig kjærlighet, blødende hjerter og et søksmål: En helt vanlig dag for studentene i drama og teaterkommunikasjon.

jente med mørkt hår og pannelugg står foran vegg og ser i kamera.
Dylan har brukt masteren til å utforske kurdisk fortellerkunst

Gjennom masteren i kunst og samfunn har Dylan lært mye om sin kurdiske identitet.