English version
Person foran pc.

Hjelp til litteratursøk for studentar

Biblioteket hjelper deg med både enkle og komplekse litteratursøk.

Søk i Oria og databasar

Litteratursøk kan vere utfordrande å komme i gang med. Det kan også være tidkrevjande og føreset ei viss kjennskap til mellom anna søketeknikk og ulike databasar. Her er ei liste med tips:

  1. Begynn med eit enkelt søk i Oria (oria.no). Rettleiing til korleis søke i Oria. 
  2. På FilMet finner du korte videoar om korleis søkje i databasar og i Oria (film.oslomet.no).
  3. Usikker på kva databasar du skal bruke? Oversikt over databasar for faget ditt (oria.no).
  4. Treng du inspirasjon i startfasen av eit arbeid, og å sjekke om det er fleire relevante referansar som kan nyttast, test Keenious. Keenious analyserer teksten din og foreslår artiklar basert på tematikken i teksten. Keenious erstattar ikkje tradisjonelle søkeverktøy, men kan brukast som eit supplement.
  5. Står du framleis fast? Kontakt rettleiingstilbodet til biblioteka (student.oslomet.no).
  6. Har du andre spørsmål om søk? Finn og kontakt bibliotekaren som er tilknytt instituttet ditt/senter.