English version

Korleis får gründerar innpass hos store aktørar?

Ein ung mann står og snakker til fleire mennesker som sitt ved eit bord.

Partnarskap mellom små oppstartsbedrifter og etablerte selskap kan vere ein nøkkel til innovasjon, men vegen dit er ofte krevjande. 

– Vi treng dei små oppstartsbedriftene. Det er dei som kjem med nye og friske idear, seier forskar Medhanie Gaim ved OsloMet Handelshøgskolen. 

Men for å vekse og overleve, kan eit samarbeid med ein etablert aktør vere avgjerande.

– Det gir dei tilgang til ressursar, ein marknad og trygge omgivnader der dei kan teste og forbetre teknologien sin, seier Gaim. 

Kan gå glipp av framtida

Saman med kollegaer ved Universitetet i Umeå og BI har han forska på korleis oppstartsbedrifter kan lande avtaler med store aktørar.

Han håpar funna skal gjere det enklare for små og store aktørar å samarbeide.

– Viss selskap ikkje er opne for kva små aktørar kan tilby, risikerer dei å gå glipp av framtida, seier han.

Gaim forklarer at store selskap ofte bruker tida og ressursane sine på å forbetre det dei allereie er gode på, heller enn å utvikle ny teknologi – i motsetning til oppstartsbedrifter.

– Berre sjå kor viktige oppstartsbedrifter blei for vaksineutviklinga under pandemien eller på dagens utvikling innan kunstig intelligens.

Har observert 150 møte

Trass i suksesshistoriene er slike samarbeid vanskelege å få til.

Forskarane har i fire år følgde Ignite Sweden, ein ideell aktør som samlar ulike støtteordningar for innovasjon og koplar oppstartsbedrifter med store selskap.

Forskarane observerte 150 slike møte og intervjua folk frå begge leirar for å finne ut kva som gir eit godt samarbeid og kva skjer som finst i sjøen.

Nærbilde av Medhanie Gaim

Problemløsing og samskaping

– Vi fann ut at det er to gode, men ulike vegar inn i eit vellykka partnarskap, seier Gaim.

Den første inneber at selskapa innleier eit samarbeid med ei oppstartsbedrift som har unike løysingar som kan løyse eit konkret problem dei har.

– Då gir ein målretta og føreseieleg prosess, forklarer Gaim.

Den andre vegen er meir open og utforskande. Oppstartsbedrifta er ikkje berre leverandør, men ein innovasjonspartnar.

– Det handlar om å utvikle noko nytt saman, ikkje løyse eit spesifikt problem. 

Jobbar i ulikt tempo håpe

Men sjølv om samarbeidet startar bra, dukkar det ofte opp hindringar som kan føre til at det stoppar opp.

Ei av desse hindringane er tempoforskjellar.

– Oppstartsbedrifter jobbar raskt og ventar raske svar og korte avgjerdsvegar, mens store selskap ofte må følgje tidkrevjande interne prosessar.

Dette fører ofte til skuffelsar og samarbeidet kan stoppe opp før det eigentleg har komme i gang.

Rett kontaktperson

Den andre utfordringa beskriv Gaim som relasjonelle utfordringar.

– Ofte møter ikkje oppstartsbedriftene dei rette personane i selskapet tidleg nok – dei som faktisk «eig» problemet som dei skal løyse, eller folk med rett avgjerdsmyndigheit.

Samarbeidet kan også havarere viss nøkkelpersonar i selskapet forsvinn.

Klare spelereglar

Den tredje vanlege utfordringa er at prosjekta stoppar opp og blir liggande i dvale, utan oppfølging frå selskapet. 

– Eit pilotprosjekt kan vere lovande, men dersom det manglar ein plan for vegen vidare, skaper det usikkerheit for oppstartsbedrifta og bind opp deira tid og ressursar, forklarer Gaim.

Han anbefaler å bli einige om spelereglane tidleg. 

– Det er viktig å inngå tydelege avtaler, for eksempel om kor lenge oppstartsbedrifta må vente før dei kan gå vidare til eit anna selskap.

Ver lydhøyr og fleksibel

Gaim har klare råd til kva gründerar på jakt etter eit partnarskap med eit stort selskap, bør gjere:

– Ver førebudd på hindringane og lytt til behovet til selskapa. Ikkje berre forsøk å selje dei teknologien din, men vis dei at du forstår kva dei treng og at du kan tilpasse deg.

Ein tango

Men eit samarbied krev innsats og koordinering frå begge partar

– Samarbeid er som ein tango, seier Gaim og kjem også med råd til dei store selskapa.

– Sjølv om det skal vere rom for utforsking, er det viktig å vere tydeleg på kva de treng.

Det er også viktig å involvere dei rette menneska frå starten og tilpasse seg arbeidsforma og rutinane til oppstartsbedriftene for å kunne ta raskare avgjerder.

Sjå til Sverige!

Gaim meiner Noreg har mykje å lære av Sverige, der myndigheitene aktivt støttar slike samarbeid gjennom Ignite Sweden.

– Det har bidratt til å ein ny samarbeidskultur.

Ignite Sweden førebur begge partar på samarbeid, noko som aukar sjansen for suksess og reduserer risikoen for at prosjekta stoppar opp.

– Norske myndigheiter bør vurdere ein liknande modell. Det kan gi fleire vellykka partnarskap og fleire norske suksesshistorier, seier han.

Referanse

Gaim, M., Saad, E. og Nair, S (2005). Pathways to Successful Startup-Corporate Partnerships (journals.sagepub.com). California Management Review.

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Eldre kvinne får hjelp til å gå av en pleier på et eldrehjem.
Privat eller offentlig ansatt? Synet på offentlig pengebruk er likere enn du tror

Forskere har undersøkt en gammel hypotese om at ansatte i offentlig sektor har andre holdninger til offentlige budsjetter enn de som jobber i privat sektor.

Illustrasjonsbilde av en kvinne på hjemmekontor med pc og mobil i hånden.
Fleksibel arbeidstid kan gi mer stress hjemme

Hjemmekontor kan gi uklart skille mellom jobb og fritid. Særlig i arbeidsmiljøer med svake grenser, viser en studie.

Ung dame i dress står med armene i kors i fornt av bildet. En dresskledd dame og mann står i bakgrunnen og ser på en PC.
Statusjag kan gjøre at vi overvurderer egne evner

Folk som er opptatt av å klatre på den sosiale rangstigen, overvurderer oftere hvor flinke de faktisk er.

Illustrasjonsbilde av en kvinne og en mann som ser på en mann som snakker i et møterom.
Narsissistiske ledere: Ikke bare en ulempe?

Er det mulig å utnytte narsissisme positivt på en arbeidsplass og kan det faktisk ha noen fordeler? Forskere har undersøkt dette i en ny studie.

Publisert: 25.11.2025
Sist oppdatert: 17.03.2026
Tekst: Kristine Welde Tranås
Foto: Maskot / NTB og Kristine Welde Tranås