– Konkurransen mellom Osloskolane kan gi karakterinflasjon

Elevar jobbar med ei oppgåve ved ein pult.

Kort oppsummert

  • Forskarar finn teikn til karakterinflasjon i Oslo, og meiner konkurransen om elevar kan gi skolar insentiv til å setje betre karakterar.
  • Privatskolar fungerer for nokre ressurssterke vestkantelevar som eit alternativ til offentlege skolar dei elles kunne ha hamna på. 
  • Det karakterbaserte opptaket bidreg samtidig til at elevar med liknande resultat samlast på same skolar.
  • Forskarane meiner segregeringa kan gi ulik undervisning og svekkje fellesskolen. Som eit mogleg kompromiss foreslår professor Marianne Nordli Hansen loddtrekking når fleire søkjer til same skole.

Delar av Kort oppsummerte er laget ved hjelp av SIKT-KI. Teksta er kvalitetssikra av OsloMet. 

Ferske analysar av inntakssystemet i Oslo undersøker nettopp om det går føre seg karakterinflasjon og kva mekanismar som kan drive han.

Oskar Grannæs Olsen, Håvard Helland og Marianne Nordli Hansen har gått gjennom inntaket til vidaregåande skolar i Oslo og vurdert teikn til karakterinflasjon i skolesystemet. Funna peikar i same retning som den nasjonale utviklinga, men med eit tydeleg Oslo-avvik:

– Vi finn ein tendens til at gjennomsnittet for grunnskolepoeng i heile landet aukar i perioden 2009-2025, men at snitta aukar spesielt mykje i Oslo, seier forskar Oskar Grannæs Olsen.

– Eit system som svekker betydninga av karakterane

Tidlegare funn antydar at karakterpraksis varierer mellom skolar.

– For mange år sidan viste eg at medisinstudentar som hadde komme inn på studiet frå privatskolar fekk lågare karakterar enn dei andre studentane, seier professor Marianne Nordli Hansen.

Dette tydde på at det kunne vere enklare for elevar frå privatskolar å oppnå høge karakterar og dermed få tilgang til prestisjestudium.

– Det er eit system som svekker betydninga av karakterane, meiner Hansen. 

Vil stå fram som skolar der du får gode karakterar

Konkurransen om elevar skaper også eit press på korleis skolane kommuniserer. Håvard Helland trur mange private skolar ønsker å stå fram som stadar elevane får gode karakterar.

– Privatskolane har jo reklameplakatar rundt i byen kvart år der dei reklamerer for at elevane gjekk opp i karakterar, seier Helland.

Skolane vil ifølgje han knyte til dette kvalitetsforskjellar, men mønstera i elevstraumen peikar også mot noko anna i materialet til forskarane:

Sjansane for å begynne på privatskole er høgare jo lågare karakternivå ein har. Blant elevar med dei lågaste karakterane og bakgrunn i «økonomisk overklasse» vel 40–60 prosent privat vidaregåande skole.

Privatskolane er tryggare

I Oslo går rundt 18 prosent av elevane i vidaregåande på privatskolar. For nokon kan dette vere det trygge valet når alternativet opplevest uvant.

– For ressurssterke barn på vestkanten med dårlege karakterar, kan det verke skremmande å hamne på ein skole på austkanten dei aldri har vore før, seier Helland.

Dermed verkar private alternativ i nærområdet eller sentrum som meir attraktive.

Som forskarane formulerer det:

«Ved å velje privatskole kan elevar med høg klassebakgrunn unngå offentlege skolar med lågt karakternivå og presumtivt dårleg læringsmiljø, der risikoen for å oppnå dårlege skoleresultat kan vere stor». 

– Det har skjedd ein karakterinflasjon

Er offentlege skolar alltid strengare? Ikkje nødvendigvis.

– Vi ser at det har skjedd ein karakterinflasjon. I dagens system som vektlegg konkurranse sterkt oppstår det fleire insentiv for å vere snille med karaktersettingen, seier Marianne Nordli Hansen.

Insentiv for å gi betre karakterar kan vere press og forventningar frå elevar, foreldre og skolen sjølv.

– Når skoleresultat blir offentleggjorde og avisar skriv om det, er det mange skoleeigarar som blir fortvilt. Då kan det også bli freistande å gi litt betre karakterar, seier Helland.

Dei vidaregåande skolane konkurrerer om dei flinkaste elevane, og blir målte på dette. Dermed kan påskjønninga for høge resultat smitte over på vurderingspraksisen, ifølgje forskarane.

Olsen, Helland og Hansen skriv at:

«Slike insentiv kan bety at det blir utvikla skolemiljø der lærarane opplever at gode karakterar, eksellens, blir oppmuntra og påskjønte. I den andre enden av skalaen, på skolar med lågt prestasjonsnivå, kan det opplevast som viktig ikkje å gi så dårlege karakter at skolen får dårleg rykte». 

Kvifor må skolane konkurrere om flinke elevar?

Det karakterbaserte opptaket skal i utgangspunktet sikre like moglegheiter – uavhengig av bustad.

– Elevane skal i utgangspunktet stille likt. Du skal ikkje trenge å kjøpe ein bustad i nærleiken av ein god skole i Oslo for å kunne gå der, forklarer forskar Oskar Grannæs Olsen.

Men samtidig har systemet ein utilsikta konsekvens: segregering:

– Det blir ein konsentrasjon av ressurssterke og flinke elevar på nokre skolar, forklarer Olsen.

Gjer det noko at dei flinke elevane skilst frå resten?

Det meiner forskarane. Samansetninga til klasserommet formar undervisninga.

– Om du har klasser med svakare eller sterke elevar påverkar kva du kan gjere i klasseromma, seier Helland.

I eit klasserom der alle elevane er blant dei 20 prosent skoleflinkaste i Oslo, kan du legge opp til eit anna undervisningsopplegg enn i eit klasserom med elevar frå motsett ende av karakterfordelinga.

– Dermed blir også utdanningstilbodet ulikt, sjølv om elevane går same type linje, forklarer Helland. 

Finst segregering allereie i grunnskolen

Allerede i grunnskolen er det en viss segregering mellom elevene basert på karakterer og skoleflinkhet.

– Ettersom karakterer og skoleflinkhet korrelerer med foreldrenes utdanningsnivå og bakgrunn, finner vi også denne type segregering mellom grunnskolene, sier professor Håvard Helland. 

Direktørsønnen skal kunne dele klasserom med rørleggerdatteren

Ideen bak fellesskolen er at elever fra ulike sosiale bakgrunner skal møtes i samme klasserom.

– Ideen bak fellesskolen, tidligere kalt enhetsskolen, var at man skulle tilby lik undervisning til alle rundt omkring i hele landet og at alle typer elever skulle treffes i de samme klasserommene og oppnå samhørighet, forståelse for andre grupper, forklarer professor Marianne Nordli Hansen.

I praksis ser Oslo-bildet annerledes ut.

– I praksis fungerer ikke dette så godt som vi hadde håpet, sier forsker Oskar Grannæs Olsen.

Olsen peker på en trend der de med lignende karakterer fra ungdomsskolen er de som sitter i samme klasserom.

– De med gode karakterer konsentrerer seg på noen utvalgte skoler, sier Olsen.

Er dagens opptak eit Høgre-prosjekt? 

Inntakssystemet til vidaregåande skolar har vore endra sju gonger sidan 1982. Politisk har høgresida ofte forsvart karakterbasert opptak, mens venstresida har foreslått alternativ.

– Det trur eg handlar om kjerneverdiane til høgre- og venstresida. Høgresida er opptatt av fridom og individualisme. At ein skal vere si eiga lykkes smed, seier Olsen.

– Venstresida koplar ressursar elevane har med seg heimanfrå med karakterane dei oppnår i ungdomsskulen. Og sett på den måten er det skeivt, forklarer Olsen.

– Opptak basert på bustad er heller ikkje rettferdig

Erfaringar med bustadbasert inntak viser andre utfordringar.

– Tidlegare forsøk med bustadbasert inntak til vidaregåande har også vist seg å vere urettferdig, seier professor Marianne Nordli Hansen.

Då blei fleire høgt presterande og motiverte elevar bunde til skolar dei oppfatta som dårlege.

– Eit svar på denne urettferda var nettopp fritt skoleval, eller det karakterbaserte opptaket som eg føretrekker å kalle det, seier Hansen.

Hansen anbefaler loddtrekking

Finst det eit kompromiss som bevarer enkelheita, men dempar segregeringa?

Hansen har foreslått eit system med innslag av loddtrekking.

– Fordelen med dette karakterbaserte opptaket er at det bygger på eit veldig enkelt prinsipp som mange oppfattar som rettferdig. Eit anna alternativt enkeltsystem, det er jo loddtrekking, forklarer Hansen.

I praksis trengst loddtrekking berre der mange søker seg til same skole.

– Og i sånne situasjonar kan ein ta ei loddtrekking. Og loddtrekking, det inneber at alle har like sjansar, seier ho. 

Hør heile intervjuet 

Denne artikkelen er basert på eit podkastintervju gjord i Viten og snakkis.

Referanse

Oskar Grannæs Olsen, Håvard Helland og Marianne Nordli Hansen (2026): Fellesskole eller meritokrati? Endring over tid i Oslo-skolen. Bokkapittel i Jørn Lhunggren (red): Oslo. Samme by ulike livssjanser (cdforskning.no).

Kontakt

Laster inn ...

Relaterte saker

Mennesker går på en tursti.
Folk lever 6,7 år kortere på Sagene enn Vestre Aker

Utdanningsnivå, inntekt, formue og arbeidstilknytning spiller inn på hvor lenge vi lever i Oslo. Bortsatt fra om du bor i bydel Bjerke.

En kvinne jobber med papirer i et skolebygg.
Hvordan tenker rektorer i vanskelige saker?

Skoleledere må håndtere konflikter, motstridende forventninger og etiske spørsmål. Forskere ved OsloMet har undersøkt hvordan rektorer tenker når de må ta krevende valg.

Mann over femti står og prater med kvinnelige kolleger som sitter rundt et bord.
Eldre i arbeidslivet: Kva skal til for å bli verande i arbeid?

Eldre i arbeidslivet opplever at dei blir tekne for gitt, får færre utviklingsmoglegheiter og opplever press rundt pensjon. Forskar har råd til leiarane.

Publisert: 05.10.2026
Sist oppdatert: 05.10.2026
Tekst: Pål Arne Kvalnes
Foto: Berit Roald