Koordinatorar for familiar med funksjonshemma barn: Strevar med for lite tid og utydelege oppgåver

Ei ung, sjenert jente held hendene til begge foreldra

Foreldre til funksjonshemma barn har mykje arbeid med å følgje opp barna, skaffe seg støtte i kommunen, og mobilisere aktuelle tenester og ressursar. Dei er difor i utgangspunktet svært glade for at det finst ei koordinatorordning.

Måten koordinatorar gjer jobben sin på i møtet med familiane, blir del av det biletet familiar dannar seg av evna velferdsstaten har til å hjelpe dei.

I ein nyleg publisert artikkel har forskarkollegaer ved OsloMet og Nord universitet sett på kva slags utfordringar koordinatorar sjølv peikar på ved dei arbeidsoppgåvene som inngår i koordinatorordninga.

Forskarane finn at ordninga gir for lite rom for å kunna utføra rolla i tråd med politiske intensjonar og forventningane og behova til familiane.

Uklare forventningar

For det fyrste peikar koordinatorane på  uklare forventningar til kva ein koordinator skal vere for familien og barnet.

Eit fellestrekk er ei beskriving av rolla som ein vegvisar: «Det er ein del av jobben vår å hjelpe familiane og prøva å få dei til å skjønne systema og komme vidare i systemet,» fortel ein av koordinatorane.

– Medan nokon sa at dei strekkjer seg langt i å vere vegvisaren til familien, fortalde andre at det var nødvendig å avgrensa deira ansvar til primært å vere møteinnkallar, skriva møtereferat og ta oppfølgingssamtalar på telefon ved behov, fortel Elena Albertini Früh, ein av forfattarane.

– Dei framheva at dei ikkje hadde tid til å drive med rådgjeving.

Kva er ein koordinator?

Koordinatorar i kommunane inngår som ei av ordningane velferdsstaten har innført for å hjelpa familiar med funksjonshemma barn.

De skal samordna tenestetilbodet og leggje til rette for god samhandling mellom dei mange tenesteytarane. 

Dette er ei ordning alle norske kommunar er pålagde å tilby.

Manglar tid til å gjere jobben

– Manglande tid synest å vere den andre store utfordringa, legg medforfattar Janikke Solstad Vedeler til.

– Dei fleste av dei vi intervjua, hadde koordinatoroppgåver i tillegg til andre oppgåver – eit lite mindretal var koordinator på heiltid. Det inneber at dei ikkje har øyremerkt tid til å utføra koordinatoroppgåver.

Ein av dei som var intervjua illustrerer dette slik:

«Eg òg føler at å vere koordinator, det er noko du alltid gjer på toppen av alt det andre som du ikkje har nok tid til å gjere. Og det er alltid ein sånn der, for meg i alle fall, ein sånn der vond klump, som ligg der og berre sånn, åh, no har eg dei barna og eg, åh, eg må få til eit møte, når skal eg få tid?»

Manglar kompetanse

Den tredje utfordringa er i fylgje forskarane mangel på kompetanse. Dei fleste koordinatorar hadde ansvar for mellom tre til åtte familiar, og ei tydeleg ulempe er at dei sjeldan møter på same utfordringar fleire gonger. Dermed strevar dei med å byggje opp kompetanse, og ein koordinator seier:

«Når ein har få barn og familiar, så gjer ein desse tinga så innmari sjeldan at neste gong ein skal gjere det, så er det heilt ute av hovudet mitt igjen.»

Det er veldig diffust kva ein koordinator skal gjere, og vi har ikkje fått noko opplæring om det, frå utdanning eller sånn, eg har i alle fall ikkje fått det – koordinator

Forskarane ser også at sviktande opplæring og støtte frå overordna er ei utfordring. Ein av koordinatorane fortalde at: 

«Det er veldig diffust kva ein koordinator skal gjere, og vi har ikkje fått noko opplæring om det, frå utdanning eller sånn, eg har i alle fall ikkje fått det. Du får eigentleg berre ei rolle ein aldri har hatt, og så er det litt sånn, og så skal vi liksom hoppa litt ut i det og leia møte.»

Ein annan hevdar:  «For meg, så er det «learning by doing». Eg trur aldri eg har hatt noko opplæring i koordinatorrolla.»

portrett av forskar Janikke Solstad Vedeler ved NOVA

Manglar sosialfagleg kunnskap

Den fjerde utfordringa handlar om at det først og fremst er personar som har helsefagleg bakgrunn, som blir peika ut som koordinatorar.

– Utdanninga deira gjer dei i mindre grad eigna, ifølgje dei sjølv, fordi dei manglar kunnskap om det komplekse sosiale støtteapparatet og regelverket dei skal hjelpe familiane å finna fram i, fortel medforfattar Cecilie Høj Anvik.

Sjølv om koordinatorar erfarer å vere ein viktig ressurs for familiane og for tilgangen deira til hjelp, opplever dei samstundes å ikkje strekke heilt til i jobben sin.

– Høge krav til innsats og avgrensa ressursar kan over tid skapa ein ubalanse som gjer det utfordrande for koordinatorane å stå i situasjonen over tid, og som gjer funksjonen sårbar, seier Anvik.

Rolla må profesjonaliserast

Samanfatta konkluderer forskarane med at rammene for ordninga gir for lite rom for å kunna utføra rolla i tråd med politiske intensjonar og forventningane og behova til familiane.

Dei meiner det er grunn til å spørje om ikkje ei styrkt koordinatorordning med betra rammer for rolleutføringa til dei tilsette på sikt kan bidra til å lette omsorgsarbeidet familiane står i. Då kan vi kanskje få sjå ei styrka arbeidsdeltaking hjå mødrene, som vi no veit jobbar redusert når dei får eit funksjonshemma barn.

– Ordninga treng fagpersonar som har brei kompetanse innan helse- og velferdstenesta, understrekar Vedeler.

– Samstundes treng ein også øyremerkte ressursar for dette slik at koordinatoransvar eksplisitt er ein større del av stillinga til dei som har rolla. Ei satsing på og profesjonalisering av rolla i form av vidareutdanning vil også kunna støtte opp under kompetanseutviklingsbehov.

Kjelde

Albertini Früh, E.; Østerud, K.L.; Vedeler, J.S.; Anvik, C.H.; Jacobsen, S.E. (2023). Er koordinatorordningen for familier med funksjonshemmede barn bærekraftig? Tidsskrift for omsorgsforskning (idunn.no)

Om studien

Artikkelen denne saka byggjer på er basert på 18 individuelle intervju og fire gruppeintervju med kommunale koordinatorar. I alt har det vore intervjua 34 koordinatorar i seks norske kommunar.

Prosjektet Tilgang til og bruk av stønader og tenester (UPTAKE) handlar om tilgangen til og bruken av stønader og tenester blant familiar med  funksjonshemma barn.  Norges forskningsråd finansierer prosjektet.

Føremålet med prosjektet er å gi auka innsikt i på kva måtar sosioøkonomisk status, innvandrarbakgrunn og bustad påverkar tilgangen til og bruken av stønader og tenester. Prosjektet skal også gje kunnskap om korleis hjelpeapparatet i samarbeid med familiane legg til rette for auka brukarinvolvering og meir heilskapleg tenesteyting.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Alvorlig gutt i rosa trøye sitter ved pulten og skriver, med pc i bakgrunnen.
Dette gjør at mange barn med funksjonsnedsettelser faller utenfor sosialt

Spesialundervisning utenfor vanlige klasserom kan føre til at denne gruppen med barn og unge stenges ute fra det sosiale livet, viser ny NOVA-rapport.

En samtale mellom mor, far og et tenåringsbarn i samtale med en ansatt fra familievernet.
Skal også barn og unge få hjelp på familievernkontoret?

Det er både fordeler og ulemper ved det, ifølge en fersk rapport fra Velferdsforskningsinstituttet NOVA. Samtidig peker forskerne på spesielt én ting som må på plass først.

Funksjonshemmet 6-åring i trille med rød kjole og lillebror ved siden av ser i kamera.
Korona-nedstengingen har rammet familier med funksjonshemmede barn hardt

Myndighetene har snakket høyt om å ivareta de sårbare barna under pandemien, men kan se ut til å ha gjort det stikk motsatte, ifølge ny forskning.

6-årig lyshåret gutt sitter og ser på et nettbrett og har hånd med pekefinger opp i været.
Manglende kursing gir barn med funksjonsnedsettelse dårligere tilbud

Kommunens fagpersoner får ikke kursing i barnekonvensjonen – barn med funksjonsnedsettelse kan dermed gå glipp av rettigheter de har krav på, viser fersk rapport.

Publisert: 30.11.2023
Sist oppdatert: 30.11.2023
Tekst: Halvard Dyb
Foto: Colourbox.com og StudioVest/OsloMet