Forskar: – Skuffande kvalitet i norske barnehagar

Støvlar på eit skostativ i ein barnehage.

I ein fersk forskingsartikkel samanliknar forskarane Elisabeth Bjørnestad og Ellen Os ved barnehagelærarutdanninga ved OsloMet barnehagekvalitet for barn opp til 2,5 år i Noreg, England, Portugal og Nederland.

– Barnehagekvaliteten for dei minste i Noreg er ikkje så god som me hadde forventa. Me har hatt tiltru til at norske barnehagar er gode, så dette resultatet er skuffande, seier Ellen Os.

Medan England dreg frå dei andre europeiske landa på barnehagekvalitet med ein kvalitetscore på 5.3 i 2017, ligg Noreg på ein skår som blir kalla «minimal» med 3.9. Portugal og Nederland ligg endå lågare på skalaen med høvesvis 2.8 og 2.9.

På kvalitetsskalaen kalla ITERS-R (Sjå faktaboks) er 1 rekna som «utilstrekkeleg», 3 er «minimal», 5 er «god» og 7 er «utmerkt».

Barnehageskårane

Rom og møbler
Noreg: 3,8
England: 5,5

Personleg omsorg
Noreg: 3,5
England: 5,3

Lytta og snakke
Noreg: 4,3
England: 5,1

Aktiviteter
Noreg: 3,5
England: 4,8

Samspel
Noreg: 4,7
England: 5,6

Struktur
Noreg: 4,4
England: 5,4

Total skår:
Noreg: 3,9
England: 5,3

(1 = utilstrekkeleg, 3 = minimal, 5 = god og 7 = utmerkte)

Ikkje gode nok på hygiene og tryggleik

Norske barnehagar kjem dårleg ut på personleg omsorg, aktivitetar og rom og møblar, medan me er betre på samspel, struktur og snakka og lytta.

– Årsaka til at me får låg skår på desse er først og fremst fordi me ikkje er gode nok på hygiene, tryggleik og materiell, forklarer Os.

Det er første gong det er gjort ei undersøking i norske barnehagar basert på dette verktøyet, medan England gjennomførte ei slik undersøking òg i 2012. Då låg dei på same nivå som Noreg i 2017. England har med andre ord hatt ei kraftig betring i kvalitetsskåren sin dei siste fem åra.

– Det er overraskande at England kom så høgt på skalaen på så kort tid. Det viser at det er ein del tiltak som kan ha stor effekt på kort tid. Det er nok ein del me kan gjera i norske barnehagar òg for å auka kvaliteten raskt.

– Krev meir

Barnehageforskaren har nokon tankar om korleis England har klart å gjera eit slikt hopp på skalaen på fem år.

– Det kjem nok av at dei har brukt kvalitetsskalaen aktivt i opplæring av barnehagepersonalet for å betra kvaliteten, forklarer Os.

Engelske barnehagar auka kvaliteten spesielt mykje på rom og møblar og personleg omsorg, medan skilnaden frå 2012 til 2017 ikkje er like stor når det gjeld til dømes samspel, og snakka og lytta.

– Det krev kanskje meir å få til raske endringar på desse områda, enn å kjøpa inn materiell og å betra tryggleiken, seier Os. 

Må bli betre på samspel

Ho understrekar at denne metoden å måla kvalitet på har sine svakheiter.  Mellom anna er ikkje barnehagane grundige nok på samspel, noko som er rekna som ein av dei viktigaste faktorane for kvaliteten.

– Metoden er mykje diskutert, men samtidig klargjer skalaen nokre område ein bør fokusera på for å auka kvaliteten for dei minste.

– Kva er det viktigast at norske barnehagar blir endå betre på?

– Det aller viktigaste er at ein blir endå betre på samspel. Men det er òg viktig at ein legg til rette for gode samspel ved å fokusera på hygiene, tryggleik og materiell. I tillegg er det viktig at dei tilsette får rammer som bidreg til å auka kvaliteten, til dømes at det er nok folk på jobb til kvar tid, seier Os.

Så barn som vandra rundt åleine

I undersøkingane sine såg Os og Bjørnestad hol i både tryggleiken og hygienen i norske barnehagar.

– Ifølgje dette verktøyet skal ungane vera under rimeleg oppsyn, men me såg barn som vandra rundt åleine i store barnehagar, og var åleine på rom opptil 20 minutt av gongen, fortel Os.

– Kva er grunnen til at det er slik?

– Desse glippane i tryggleik har med for låg bemanning å gjera. I mange norske barnehagar er éin vaksen åleine med barna om morgonen og ettermiddagen. Det er kanskje ikkje nok for dei minste som treng bleieskift òg vidare.

Fakta om studien

ITERS-R står for Infant Toddler Environment Rating Scale-Revised Edition og måler barnehagekvalitet for barn opp til 30 månader.

Skalaen som blir nytta går frå 1 til 7, der 1 er utilstrekkeleg og 7 er utmerkte. Barnehagekvaliteten blir målt på seks ulike område, nemleg materiell, personleg omsorg, snakka og lytta, aktivitetar, samspel og struktur.

Forskarane har ut frå denne skalaen samanlikna barnehagekvaliteten for dei minste i norske, engelske, portugisiske og nederlandske barnehagar. Studien er ein del av Blikk for barne- og Goban-prosjektet.

– Betre handhygiene hadde gjort seg

Når det gjeld hygiene, skal både barn og vaksne vaska hender etter dobesøk, før måltid og etter å ha vore ute for å få god skår.

– Det var store brot her, så litt betre handhygiene hadde gjort seg. Dei minste er veldig mykje sjuke det første året, så hygiene har ein del å seia for dei.

Norske barnehagar kjem òg dårleg ut på materiell, det vil seia leikar og anna utstyr.

– Mange barnehagar hadde veldig lite materiell tilgjengeleg for barna. I tillegg var ofte plasseringa og presentasjonen av leikane rotete og lite tenkt over, seier Os.

Referanse

Elisabeth Bjørnestad og Ellen Os: Quality in Norwegian childcare for toddlers using ITERS-R. European early childhood education research journal, volume 26, 2018.

Denne artikkelen vart opphavleg publisert på Hioa.no/vitenogpraksis 03.04.2018.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 03.09.2018
Sist oppdatert: 13.07.2023
Tekst: Heidi Ertzeid
Foto: Janne Veirud

Relatert forsking

Ei lita jente med skulesekk, gåande og held hendene til to vaksne.
– Mange norske skular er ikkje klare for seksåringane

Det er for mykje stillesitting og for lite variasjon for førsteklassingane i skulen, meiner forskarar.

Ung mann bak skrivebord med bærbar PC, i et rom med store vinduer
Ønsker å gjøre teori og analyse mer tilgjengelig

Forskere bak ny bok om teori og analyse håper de kan hjelpe studenter.

Foredrag, kvinne som peker på kart
Vil flytte makta nærmere folket

Hvis ekspertutvalg får det som de vil, flyttes mer av den politiske makta i Norge nærmere innbyggerne.

Ung kvinne smiler mens hun ser på klær.
Unge mest skeptisk til gjenbruk

En ny undersøkelse viser at flere unge folk ikke liker å bruke andres gamle ting.

Illustrasjonsbilde tre ungdommer i et rom foran et stort vindu, to sitter én står
Unge hasjbrukarar slit på fleire område

Ungdata-tala for 2018 viser at cannabisbruken aukar i heile landet.

Barn som holder en kvinne i hånda
To av tre kommuner mener de kan fortsette å bosette et høyt antall flyktninger

Mange kommuner mener de fortsatt har stor kapasitet for å ta imot flyktninger.